Rakettar og næringsverksemd

Ni kilometer nesten rett til vêrs. Så høgt gjekk den raketten som studentar frå Noreg og Canada sendte opp frå Andøy rakettskytesenter i dag. Prosjektet er eig godt eksempel på fleire ting. Det viser at Noreg og Canada på mange felt har felles interesser i rommet, det viser at det er i Nord-Noreg at vi har mykje av rommiljøet i Noreg, og det viser kor mykje meir interessant realfag og teknologifag blir når det blir praksis og ikkje berre teori.

Personleg synst eg rakettar og ellers det meste med flammar og stor fart er utruleg spennande. Denne videoen viser oppskytinga av raketten.

Mykje av norsk romverksemd finst i trekanten mellom Andenes, Narvik og Tromsø. Eg trur det finst eit stort potensiale for å utvikle denne næringa vidare. Nord-Noreg ligg perfekt plassert for å ta ned signalar frå satelittar i polarbane. Ksat gjer dette med stor suksess i Tromsø og på Svalbard. Eg trur likevel det finst mulegheiter for å utvikle dette. Informasjonsbearbeiding av ulikt slag kan vere med på å skape nye forretninger.

Men det viktigaste med romverksemda er framleis mulegheiten for å overvake dei store havområda Noreg rår over. Dette er heilt naudsynt for å halde oppe suvereniteten og forstå kva som skjer med miljøet i nord.

I år har vi frå regjeringa si side løyvd 15 millionar til oppgradering av anlegget på Andenes. Det gjer det muleg å utvikle anlegget vidare, og halde oppe den store forskningsverksemda som har utgangspunkt i anlegget. For på Andenes har det ikkje berre mulegheit for å skyte ut rakettar på opp mot 20 tonn, dei kan og skyte laser 100 kilometer opp i mesosfæren for å prøve å finne ut kva som skjer der oppe.

Vi i nord kan vere stolte at det som skjer på Andøya. Og, eg trur anlegget blir mykje meir synleg dersom dei får til «Romskip Hålogaland» som eit opplevelses- og undervisningssenter om romfart. Eg trur det kan vere eit av mange middel for å få ungdom meir interessert i teknologi og realfagsstudiar. Eg får i alle fall lyst til å lage rakettar og slikt når eg har vore der.

På nettsidene sine skriv rakettskytesenteret om dagens hending:

Following a week with practical and theoretical work at Andøya Rocket Range, 22 students from Canada and Norway successfully launched the second sounding rocket in the bilateral student exchange and sounding rocket program – CaNoRock. Along with their own theoretical and practical efforts they have been educated by the NAROM staff and some of the finest Norwegian scientist. All this to give them the best possible introduction to sounding rocketry. Hopefully this will motivate them for further studies in physics or engineering, and a possible career within the sounding rocket community.

Eg kunne ikkje vore meir einig. Meiner du det er rett av Noreg å satse på romverksemd?

Aust og vest i Tromsø

Pengane er ikkje jamnt fordelt, verken i verda, i Noreg eller i Tromsø. Foto: Wikipedia/Brukar Although

Det er godt kjent at at Oslo har ein tydeleg austkant og ein tydeleg vestkant. Men korleis er stoda i Tromsø. Finst det ein austkant og ein vestkant? Svaret er både ja og nei. Det finst ein vestkant, og vestkanten i Tromsø heiter Sorgenfri. Innbyggarane i postnummerområde 9013 har ei skattbar inntekt i snitt på 304 108 kroner og ein formue på 404 797 kroner. Det er ei inntekt som ligg 75 000 over snittet for kommunen. Austkanten i byen heiter så mykje som Tromsø sentrum. Der er snittinntekta på 214 408 og formuen er på 285 166 kroner.

Men, det som verkeleg er slåande er inntektsskilnadene mellom by og land i kommunen. Det postnummerområdet i distrikta i Tromsø med høgast inntekt er 9110 Sommarøy. I dette området er inntekta 216 923 kroner. Det er berre eit byområde som ligg under dette. Til gjengjeld er formuane på Sommarøy og i ein del andre distriktsområde høge. På Sommarøy er snittformuen på 455 129 kroner. Vengsøyværingane har den høgaste formuen, og fire distrikt kjem før Sorgenfri på lista over storleiken på formuen. I fire område, Sjursnes, Tromvik, Mjølvik og på Tussøy er inntekta under halvparten av det vi finn på Sorgenfri. Men, no skal det leggast til at i ein del av desse områda er det så lite folk at statistikken blir litt meiningslaus. Det er i alle fall ingen tvil om at det verkeleget skillet går mellom by og land. Byen er vestkanten og distrikta er austkanten.

Vi skal og ta eit atterhald når vi ser på formuestala. I byen ligg det mykje skjult formue i hus som er belånt med meir enn likningsverdi, det er det nok litt mindre av i distrikta.

Under her ser du først ein tabell over inntekt, skatt og formue i dei ulike postnummerdistrikta i Tromsø. (Ja, eg veit at Laksvatn er i Balsfjord, men postnummeret dekker deler av Tromsø kommune og) Under der finn du postnummerdistrikta markert på eit kart for at det skal vere enklare å sjå samanhengane. Kartet kan zoomast. Takk til Erik Bolstad for koordinatane til postnummera.

Postnummer Poststad Inntekt Formue Skatt Kartmarkør
9013 Tromsø 304108 404797 110557
9016 Tromsø 297600 321255 109320
9012 Tromsø 258995 333060 92957
9011 Tromsø 258044 279024 91001
9014 Tromsø 256878 317962 89010
9007 Tromsø 253943 315734 88957
9017 Tromsø 253643 143039 89702
9006 Tromsø 240638 269327 84195
9100 Kvaløysletta 238950 219386 83385
9009 Tromsø 238758 248137 82397
9020 Tromsdalen 238475 252022 81666

Noreg 235017 391488 80722
9024 Tomasjord 230512 238479 77503

Heile Tromsø 229524 254814 79222
9018 Tromsø 226642 152303 75885
9022 Krokelvdalen 225750 192864 74896
9015 Tromsø 223723 146290 74436
9019 Tromsø 219413 292691 73860
9010 Tromsø 218214 180791 73947
9110 Sommarøy 216923 455129 76111
9008 Tromsø 214408 285166 71561
9103 Skulsfjord 206211 208191 65778
9027 Ramfjordbotn 192933 167719 60245
9106 Straumsbukta 188699 256279 57402
9118 Brensholmen 185967 311369 56488
9131 Kårvik 178454 228938 56524
9034 Oldervik 176755 173996 55534
9043 Jøvik 174676 519613 48898
9120 Vengsøy 173792 592687 55184
9042 Laksvatn 171849 267015 49531
9030 Sjursnes 151942 284648 38925
9107 Tromvik 151689 414402 44830
9141 Mjølvik 144393 203258 21122
9128 Tussøy 140903 70244 37463


Vis Inntekt, skatt og formue i Tromsø i eit større kart

Eg skal ikkje påstå at opne skattelister er ei føresetning for å kunne gjere den typen samanlikningar eg har gjort her, men eg trur det ville ha vore vanskelegare å få tak i denne typen tal utan opne skattelister. La np det vere eit ekstra argument for at vi framleis skal ha opne skattelister i dette landet.

Seinare skal eg sjå om det er noko samanheng mellom inntekt og korleis folk røyster i Tromsø. Eg har ei kjensle av at samanhengen ikkje er veldig klår. Det får vi finne ut av.

Kom gjerne med ein kommentar til tala, og dine idear om kva skattelistene kan brukast til for å forstå samfunnet. I fjor skreiv eg litt om likeløn.

Varmen gjer det kaldt

Denne underlege utviklinga kan vi få om isen i Arktis held fram med å smete. Det antyder i alle fall NOAA (National Oseanic and Atmospheric Administration) i videoen du kan sjå under her.

NOAA peiker på at vi ser store endringar i klimaet i Arktis og at desse vil få verknader langt utanfor arktiske område. Kanskje var det byrjinga på dette vi såg i fjor då det regna i januar på Svalbard medan det var svinkaldt på fastlandet? NOAA følgjer klimaet i nordområda nøye, og publiserer jamnleg ismålingar.

Kva meiner du vi må gjere for å få bukt med klimaendringane?

Moske i Tromsø?

Ein saudiarabisk moske

Ein saudiarabisk moske
Moskear kan vere vakre bygg, men dei er og sentralar for misjon og tru. Skal vi ha ein ny stor moske i Tromsø må storleiken tilpassast bybiletet ellers. Denne moskeen er frå Jeddah i Saudi-Arabia. Foto: Wikipedia Commons/User:Laitche

Eg er ateist. Eg har lite bruk for gudshus, anten det er kyrkjer, moskear, tempel eller synagogar. Derimot har eg bruk for ytringsfridom og trusfridom. Eg meiner folk har rett til å organisere seg for å uttrykke trua si i fellesskap.

Dei siste dagane har Nordlys avslørt at saudiarabiske interesser skal vere med å finansiere ein ny moske i Tromsø. Dette er eit godt arbeid frå Nordlys si side og har gjeve viktig og vektig informasjon og argumentar inn i den offentlege debatten. Desse interessene som hostar opp pengane for ein moske i Tromsø skal vere nært knytt til wahabismen i følgje Nordlys.

Wahhabisme er i følgje Wikipedia:

 … ei svært streng fundamentalistisk retning innan sunniislam, grunnlagd av Muhammad ibn Abd al Wahhab på Den arabiske halvøya på 1700-talet. Tilhengarane strevar etter å følgje Koranen og sunna slik profeten Muhammed og dei første generasjonane av muslimar etter han gjorde. Dei brukar for å oppnå dette dei forklaringane som al Wahhab skreiv om Koranen i boka Kitab al-Tawhid («Boka om monoteismen»), som inneheld ei svært detaljert tolking av koss religionen skal praktiserast. Boka fordømmer blant anna musikk, spel og annan moro, og kjem med reglar for klede og åtferd. Læra er sterkt kritisk til alle andre retningar og tolkingar, særleg sjiaislam, som blir sedd som ei kjettersk sekt. Wahhab gjekk i allianse med Muhammed ibn Saud, forfar til dagens herskarar i Saudi-Arabia, og læra hans vart innførd i dei områda ibn Saud erobra. Da huset Saud tok makta på mest heile halvøya, vart retninga med det statsreligion i Saudi-Arabia. I dag blir wahhabismen støtta av statane Saudi-Arabia og Qatar, men wahhabistisk misjon har spreidd læra langt utom grensene for desse landa.

Eg ønskjer meg ikkje wahhabisme til Tromsø. Eg meiner ei tru basert på denne ideologien undergrev det som gjer livet godt. Eg ønskjer meg ikkje religiøse hus finansiert frå utlandet i Tromsø. På same viset liker eg ikkje at norsk misjon bygger kyrkjer i u-land, eller at amerikanske konservative kristne rørsler spreier seg utover verda. Men enno mindre ønskjer eg å bu i eit land som forbyr folk å praktisere trua si, som prøver å nekte folk å misjonere for trua si, som nektar eit trusfellesskap å motta støtte frå trusfellar i andre land.

Det vi treng i Noreg og i Tromsø er ein skarpare religionskritikk, og meir offentleg debatt om tru og religion. Både kristen tru og muslimsk tru. Berre dersom desse debattane kan bli tatt i opent lende kan vi som ikkje trur og dei som trur bryne seg mot kvarandre og skape ei forståing av korleis det religiøse og det sekulære kan sameksistere.

Og, eg trur at dette vil føre til at tru som tar gleda frå folk vil forsvinne.

Og så, så må sjølvsagt sjølve byggeprosjektet for ein ny moske i Tromsø vurderast etter plan- og bygningsloven på same måte som eit kvart nybygg i Tromsø.

Ei novelle – 12,- kroner, takk

Kindle

Kindle
Kortare verk kan bli spennande lesing på lesebrett, som her Kindle, på telefonen eller datamaskinen din.

I dag kom det spennande nyhende frå Amazon. Dei startar noko som dei kalla Kindle Singles. Dei inviterer folk til å skrive gode verk på mellom 30 og 90 sider som skal seljast elektronisk til Kindle. Dette er ei verklengde som er for lange til å vere artiklar i eit magasin, men for korte til å bli ei bok. I beste fall kan dei vel, i dag få, plass i ein antologi, som ofte ikkje blir så mykje lest. Dette er ein type innovasjon som elektronisk formidling opnar for. Det kan vere med på å gje rom for nye litterære, politiske og vitskaplege verk som elles ikkje hadde funne sin plass.

På nettsidene til Amazon skriv dei:

Less than 10,000 words or more than 50,000: that is the choice writers have generally faced for more than a century–works either had to be short enough for a magazine article or long enough to deliver the «heft» required for book marketing and distribution. But in many cases, 10,000 to 30,000 words (roughly 30 to 90 pages) might be the perfect, natural length to lay out a single killer idea, well researched, well argued and well illustrated–whether it’s a business lesson, a political point of view, a scientific argument, or a beautifully crafted essay on a current event.

Eg har sans for dette – og trur dette kan vere byrjinga på mange nyskapningar i korleis vi tnekjer på kva og korleis det skrivne ord skal vere. Amazon legg her vekt på saksprosa, men eg har og tru på at noveller eller kortromanar kan bli viktig. Eg les i alle fall ikkje så sjeldan bøker som godt kunne vore kortare, men som då kanskje ville blitt for korte til å selje. Kanskje kan også litterære verk få den lengda som ideen og bodskapen treng, og ikkje den lengda som formatet krev.

Kroner 12,5 for ei novelle? 20,- kroner for ein politisk pamflett, eller 50,- kroner for ein kortroman. Det er lov å drøyme.