Forfattarane skal sjølvsagt få betalt som før. Prisane her er berre eit eksempel. Men eit litew reknestykkje. Ei vanleg novellesamling sel kanskje 200 pluss innkjøpsordninga. Dersom du reknar på det blir ikkje prisen per eksemplar så veldig mykje høgare, men kanskje skal prisen vere 40 kroner for ei novelle. Det er vel ikkje ein ublu pris det heller.

Om kvaliteten fell, det trur eg ikkje noko på. Du kan sjølvsagt selje novella di utan kvalitetssikring, men dei fleste vil vel gjere det gjennom eit forlag med den kvalitetsprosessen som ligg i det som før.

Det er heller ikkje nokon grunn til at innkjøpsordninga skal kunne tilpassast elektronisk publisering omdet skulle vere ønskeleg.