Pelsdyr bergar klimaet
Feature, Klima

Pelsdyr bergar klimaet

Visste du at pelsdyrnæringa er med på å berge kloten frå klimaendringar? Ikkje eg heller, før eg leste ein annonse frå European Fur Breaders Association og International Fur Trade Federation. I The Parliament, bladet til EU-parlamentet nr 318 frå den 22. november i år (side 30-31).

Pelsdyr bergar klimaet

Eg trur det er andre måtar å berge klimaet på enn pelsdyrhald. Foto: faksimile frå "The Parliament" issue 318

Overskrifta i annonsen som går over to sider er, «Tackling Climate Change with EU fur farming? Yes we will!». Eg aksepterer at det kan vere ulike meiningar om pelsdyrhald. Sjølv meiner eg at vi ikkje burde halde på med slikt, men eg har aldri høyrt at nokon har meint at det var eit viktig bidrag i klimakampen.

Så kva er då argumentet for at pelsdyrnæringa er med på å bergar klimaet? Jau, det er at du kan lage biodisel av skrottane som er igjen når pelsen er tatt av. «Fur animal carcasses are used in the biodiesel production». Eg skulle gjerne sett CO2 rekneskapen for den dieselen.

Eg kan ikkje anna enn å konkludere med at det er i ferd med å bli langt mellom dei verkeleg gode argumenta for pelsdyrnæringa

Standard
Erna Solberg
Feature, Olje, Økonomi

Høgre er næringsfiendtlege og distriktsfiendtlege

Erna Solberg

Erna Solberg sitt parti fjernar støtte til næringslivet i nord og gjer Noreg meir avhengige av oljen. Foto: Høgre/CF Wesenberg / kolonihavnen.no(dei har copyright på biletet, og derfor gjeld ikkje den generelle CC-lisensen for bloggen min på dette biletet)

Eg er kanskje naiv, men eg hadde faktisk trudd at Høgre var opptatt av næringslivet i heile landet, og at dei var opptatt å skape det nye næringslivet som vi skal leve av og med i framtida. Eg tok feil. Høgre er i beste fall opptatt av næringslivet i Oslo og Akershus.

Eg vart kvitt naiviteten min då eg las gjennom Høgre sitt alternative statsbudsjett for 2011. Det trur eg det er fornuftig at alle som er opptatt av næringsutvikling brukar tid på å lese. Då blir du kvitt all di naive tru på at Høgre er næringslivet sitt parti.

Ein av dei viktigaste aktørane i næringsutviklinga i Noreg er fylkeskommunane. Fylka har pengar som gå direkte i støtte til nye og gamle bedrifter og som blir brukt til å legge til rette for næringsutvikling. Høgre foreslår å fjerne heile denne posten på 1,5 milliardar. Det betyr at Nordland mistar 261,5 mill, Troms 178 mill, og Finnmark 134 millionar. Det vil næringslivet i nord, og særleg nye bedrifter merke.

Du trur kanskje at det var alt, men nei. Det er meir.

Høgre kuttar og ein halv milliard i rammetilskottet til fylka. Det vil gå ut over vegbygginga og den vidaregåande skolen. Det er ikkje eit gode for næringslivet.

Men, det er enno meir!

Høgre foreslår å kutte 220 millionar til utviklingsfond. Dette er sentrale middel til bygdeutvikling i Noreg og kutt vil skape problem for næringslivet i dei minste bygdene våre.

Puh, var det alt, spør du? Neida, det er enno meir!

Høgre flyttar 200 millionar frå allsidig næringsutvikling gjennom SIVA, næringshagar og kompetanseutvikling til petroleumssatsing. Høgre vil altså gjere landet vårt enno meir avhengige av oljen. Det er å gå med ryggen inn i framtida.

Har du falt av stolen no? Viss ikkje, hald deg fast, for det kjem meir.

Høgre vil kutte 200 millionar i kjøp av ulønsame posttenester. Dette er dei tenestene som gjer at folk og bedrifter i distrikta kan få og kan sende post kvar dag. Det som gjer at distrikta har tilgang til omtrent same infrastruktur og kommunikasjon som sentrale strok.

Høgre sin politikk er ein politikk for eit meir oljeavhengig land med større skilnader mellom folk og landsdelar.

Så, eg har lagt vekk mi naive tru på at Høgre er næringsvenleg, det bør du og gjere. SV og den raud-grønne regjeringa er mykje betre for næringslivet enn Høgre.

Høgre sitt alternative statsbudsjett finn du her, kutta er frå side 69 og utover.

Standard
Florence Nightingale
Feature, Helse, Økonomi, Video

Ghandisk ingeninørtenking

Florence Nightingale

Florence Nightingale var ein sosial entreprenør som innførte heilt nye måtar å organisere og drive sjukehus på. Korleis får vi til meir innovasjon i offentleg sektor? Foto: Wikimedia/Library of Congress

Jorda har nok ressursar til at alle kan få dei treng, men ikkje nok til å tilfredsstille alle si grådigheit, i følgje Ghandi. Dette er utgangspunktet for ghandisk ingeniørtenking. Utgangspunktet er at vi må tenkje heilt nytt om korleis vi bygger ting, om vi skal kunne gje alle på jorda eit godt liv.

TED har mange gode foredrag tilgjengeleg. Nederst i denne posten finn du ein om dette temaet. korleis bygge ein bil som blir så billig at dei som i dag fraktar heile familien på motorsykkel kan heller frakte dei i ein trygg bil? Korleis lage protesar som er billige nok til at dei som lever på mindre enn to dollar om dagen har råd til dei? Og, korleis utvikle medisinar som er billige nok til at alle har råd til dei?

Svaret på desse spørsmåla er at vi må gjere ting billigare. Ikkje 10 eller 20 prosent billigare, men billigare med ein faktor av 10 eller til og med 100. Det betyr nok at sjølve innovasjonsprosessen slik vi er van med å tenkje på han i Noreg og dei fleste andre stader i verda må endrast. I staden for å ta utgangspunkt i korleis teknologien og prosessen er i dag og prøve å gjere den betre må vi ofte forkaste måten vi arbeider på, og løyse problemet på nytt og frå skrætsj.

Dette er ei stor utfordring for alle etablerte organisasjonar, både private bedrifter og offentlege verksemder. Dersom vi skal tenkje ghandisk vil vi måtte endre heile måten vi tenkjer på. Det er ikkje berre vanskeleg, men ofte nesten umuleg. I det private skjer dette ofte gjennom at det oppstår nye bedrifter som tar i bruk dei nye måtane å tenkje på. Dei gamle må enten endre seg eller døy. Dessverre er det alt for sjeldan i det private at slike nye måtar å tenkje på blir skapt, og enno sjeldnare at dei finn kapital og kunnskap nok til å vekse. Det må vi prøve å finne ei løysning på, vi treng fleire bedrifter som er radikalt nye i det dei gjer.

Men, kanskje er dette ei like stor utfordring innafor offentleg sektor. Det er ikkje slik at at nye idear fører til at det blir etablert nye kommunar som utkonkurrerer dei gamle om nokon finn opp ein ny og betre måte å levere velferd på.

Kanskje er noko av svaret på denne utfordringa i det offentlege at vi må bli betre til å legge til rette for sosiale entreprenørar både innan dei eksisterande organisasjonane og heilt utanfor det eksisterande.

Eg har stor tru på at folk slår seg saman, for å i lag skape løysningar på dei utfordringane folk har i dagleglivet. Dette kan vere med på å skape nye måtar å arbeide på og gjere ting på som offentleg sektor kan lære av.

Eg har sans for at vi må legge til rette for at ideelle organisasjonar og kooperativ kan vere med på å skape nye idear for korleis velferden og velferdsstaten skal utvikle seg vidare. Eg trur offentleg sektor treng innspel og utfordringar utanfrå. Så er utfordringa å finne måtar å gjere det på som ikkje leier til privatisering og at velferden blir flytta ut av demokratisk kontroll.

Paul Chaffey skriv interessant om sosialt entreprenørskap her.

Standard