Høgre er næringsfiendtlege og distriktsfiendtlege

Erna Solberg
Erna Solberg sitt parti fjernar støtte til næringslivet i nord og gjer Noreg meir avhengige av oljen. Foto: Høgre/CF Wesenberg / kolonihavnen.no(dei har copyright på biletet, og derfor gjeld ikkje den generelle CC-lisensen for bloggen min på dette biletet)

Eg er kanskje naiv, men eg hadde faktisk trudd at Høgre var opptatt av næringslivet i heile landet, og at dei var opptatt å skape det nye næringslivet som vi skal leve av og med i framtida. Eg tok feil. Høgre er i beste fall opptatt av næringslivet i Oslo og Akershus.

Eg vart kvitt naiviteten min då eg las gjennom Høgre sitt alternative statsbudsjett for 2011. Det trur eg det er fornuftig at alle som er opptatt av næringsutvikling brukar tid på å lese. Då blir du kvitt all di naive tru på at Høgre er næringslivet sitt parti.

Ein av dei viktigaste aktørane i næringsutviklinga i Noreg er fylkeskommunane. Fylka har pengar som gå direkte i støtte til nye og gamle bedrifter og som blir brukt til å legge til rette for næringsutvikling. Høgre foreslår å fjerne heile denne posten på 1,5 milliardar. Det betyr at Nordland mistar 261,5 mill, Troms 178 mill, og Finnmark 134 millionar. Det vil næringslivet i nord, og særleg nye bedrifter merke.

Du trur kanskje at det var alt, men nei. Det er meir.

Høgre kuttar og ein halv milliard i rammetilskottet til fylka. Det vil gå ut over vegbygginga og den vidaregåande skolen. Det er ikkje eit gode for næringslivet.

Men, det er enno meir!

Høgre foreslår å kutte 220 millionar til utviklingsfond. Dette er sentrale middel til bygdeutvikling i Noreg og kutt vil skape problem for næringslivet i dei minste bygdene våre.

Puh, var det alt, spør du? Neida, det er enno meir!

Høgre flyttar 200 millionar frå allsidig næringsutvikling gjennom SIVA, næringshagar og kompetanseutvikling til petroleumssatsing. Høgre vil altså gjere landet vårt enno meir avhengige av oljen. Det er å gå med ryggen inn i framtida.

Har du falt av stolen no? Viss ikkje, hald deg fast, for det kjem meir.

Høgre vil kutte 200 millionar i kjøp av ulønsame posttenester. Dette er dei tenestene som gjer at folk og bedrifter i distrikta kan få og kan sende post kvar dag. Det som gjer at distrikta har tilgang til omtrent same infrastruktur og kommunikasjon som sentrale strok.

Høgre sin politikk er ein politikk for eit meir oljeavhengig land med større skilnader mellom folk og landsdelar.

Så, eg har lagt vekk mi naive tru på at Høgre er næringsvenleg, det bør du og gjere. SV og den raud-grønne regjeringa er mykje betre for næringslivet enn Høgre.

Høgre sitt alternative statsbudsjett finn du her, kutta er frå side 69 og utover.

5 Replies to “Høgre er næringsfiendtlege og distriktsfiendtlege”

  1. Siv E sa:

    En venn spør hva Gjør de rødgrønne da for næringslivet. i tillegg til det som står her, da…Finnes det en fullstendig liste;)

    1. Ei fullstendig liste finst nok ikkje. Den ville blitt lang. Det viktigaste regjeringa gjer for næringslivet er i korte trekk: 1. sørgjer for at norsk økonomi blir styrt godt slik at rente og kronekurs ikkje øydelegg for oss, 2. still kapital til rådvelde for næringslivet gjennom Innovasjon Noreg og ulike andre fond og 3. størr oppunder forskinga i næringslivet gjennom SkatteFUNN og store program i forskningsrådet.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.