Feature, Troms og Tromsø

Byen treng fleire leikeplassar

Ein leikeplass som denne (kanskje med ein litt annan stil) hadde gjort seg på Strandtorget

Ei av dei få verkeleg store gledene ved å bu i Oslo ein periode var leikeplassen ved inngangen til Frognerparken. Der var det rom for ungane til å herje, medan foreldra kunne kose seg med ein kopp kaffe, og herje saman med ungane.

Eg meiner Tromsø treng ein eller fleire sentralt plasserte skikkelege leikeplassar. Det kunne til dømes vore gjort svært mykje meir ut av Strandtorget enn slik det er i dag. I Tromsø har vi fantastiske mulegheiter for ungane til å utfalde seg i naturen, og i ballbingar og liknande. Men leikeplassar for fri leik er det dårlegare stilt med.

Eg meiner kommunen burde sørge for minst ein sentralt plassert leikeplass, der foreldra kunne møtes med kaffe og litt handel, medan ungane hadde det artig og vart slitne. I tillegg har eg lagt merke til at mange av leikeplassane rundt om i bydelane og burettslaga er nedslitne og lite tiltalande. Her trengst det eit krafttak og eit spleiselag mellom dei som eig og har ansvaret for desse leikeplassane og kommunen.

Eg er heilt sikkert på at dette vil gjere Tromsø til ein trivelegare by.

 

[poll id=»6″]

 

Standard
Feature, Ikkje politikk

Irritasjon i 50

I påska så har eg køyrt bil og latt meg irritere. Eg har ikkje latt meg irritere av høge bensinprisar, dårlege vegar, hasardiøse forbikøyringar eller sniglekøyrarar, sjølv om eg godt kunne latt meg irritere av det og. Nei, det som har irritert meg nesten like ille som Siv Jensen er skilt. Nærmare bestemt skilt som er sett opp langs vegen for at vi skal redusere farta på grunn av vegarbeid.

Eg har full forståelse av at dei som jobbar langs vegen vil ha lågare fart hos oss som køyrer forbi, eg har full forståelse av at vegen kanskje ikkje tåler så stor fart akkurat medan arbeidet for å gjere vegen betre pågår, men kjære vegvesen, Mesta og andre entreprenørar. Korfor må vi køyre sakte når alle som arbeider er heime på velfortent påskeferie og når vegen slett ikkje er smalare eller dårlegare enn det som er vanleg på vegane.

No er det på tide at desse 50-skilta blir tatt ned når dei ikkje har nokon misjon. To gonger på vegen frå Salangen til Tromsø stod desse skilta langs vegen. Vegen var ikkje dårleg, og det var ingen som jobba der. Eg må få spørre, vil du som entreprenør eller som Statens Vegvesen ikkje at eg skal ha respekt for skilta de set opp? Det kan verke slik.

Så, kjære gode og snille vegentreprenør, om du vil eg skal slakke ned for vegarbeid, sørg no for at skilta blir tatt ned når dei ikkje har anna misjon enn å irritere.

 

Standard
Feature, Politikk, Troms og Tromsø

Vegane i Tromsø

Det har naturleg nok blitt ein kjempedebatt om asfalt og vegkvalitet i Tromsø. Det er ingen tvil om at vegkvaliteten i byen ikkje er god nok. Vedlikehaldet er for dårleg både sommar og vinter. Gode vegar er god miljøpolitikk. I Nordlys i dag og iTromsø på nett utaler dei ulike partia seg om korleis problemet skal løysast.

Framstegspartiet er som vanleg heilt på jordet. Dei vil låne 500 millionar for å oppgradere vegane. Det betyr i det lange løpet mindre pengar til vegar. Låner du penger må du og betale renter. Desse rentene er pengar vi heller kunne brukt på vegvedlikhald eller andre gode formål. Eg sluttar aldri å forundre meg over at Frp stadig vil bruke skattepengane våre til å gjere bankar og andre private rikare og rikare. Det kan jo vere verd å spørre Jan Blomseth om han ikkje synst bankane tener nok som det er?

Arbeidarpartiet sitt framlegg er litt meir realistisk. Dei vil bruke av bensinavgifta til vegvedlikehald i Tromsø. Det kan vere ein god ide. Det føreset likevel fleire ting. Det viktigaste er at det ikkje må føre til at prosjekt for å betre tilhøva for gåande, syklande og bussande blir skadelidande. Skal vi unngå det må bensinavgifta i Tromsø aukast frå dagens sats på ca 90 øyre. Den andre store utfordringa er at det kan bli vanskeleg å få vidareført ordninga. Ho er ikkje populær i finansdepartementet.

Eg meiner at SV absolutt kan vere med på å diskutere både ei auking av bensinavgifta og ei forlenging av innkrevingstida for å få til eit løft for vedlikehaldet av vegane våre. Men, vi må ikkje gløyme at det må vere like viktig å få til eit løft for kollektivtrafikk, gåande og syklane. Vi ser og at mange astmatikarar lir av støv frå vegane, trafikken må reduserast. For SV er det viktig å gje folk fridom til å velge. Då må det finnast eit reelt alternativ til bil i byen. Det gjer det ikkje for mange i dag.

I SV meiner vi framleis at vegprising i ei eller anna form vil vere den beste måten å få til ei skikkeleg satsing på vegvedlikehald, bussar og gang- og sykkelvegar. Vegprising vil og skjerme distrikta i stor grad.

Dei andre framlegga blir for puslete. Skal vi ha pengar til å verkeleg løyse problema må vi tørre å ta eit skikkeleg løft. Det vil SV.

[poll id=»5″]

 

Standard
Feature, Politikk, Satire/ironi/humor

Krf og kontantstøtta

Kjell Ingolf Ropstad, ein forundra stortingsrepresentant frå Krf, ønsker å auke kontantstøtta til 10 000,- blanke kroner. Foto: Lillian og Lena/http://www.krf.no/ikbViewer/page/krf/bildegalleri

– Eg skulle gjerne hatt 10 000,- kroner frå staten, seier den lure borgaren

– Korfor skulle staten gje deg 10 000,- kroner, svarer den lett forundra stortingsrepresentanten frå Krf

– Jau, fordi eg ikkje bruker dette offentlege tilbodet som alle kallar barnehage, det må då vere verd noko, svarer den lure borgaren

– Å ja, ja sjølvsagt skal du få pengar for å ikkje bruke det tilbodet vi har bygd opp, men 10 000,- kroner er alt for lite, du skal sanneleg få 10 000,- kroner i månaden hos meg, kjem det frå Kjell Inge Ropstad, den forundra stortingsrepresentanten frå Krf

Den lure borgaren er sjølvsagt nøgd med svaret, kven vil ikkje ha pengar frå staten. Men han er ingen dumrian og tenkjer at eit tilbod som er for godt til å vere sant ofte er for godt til å vere sant. Det er kanskje verd å spørre den forundra stortingsrepresentanten om det er hakar ved dette tilbodet.

– Nja, seier den forundra stortingsrepresentanten til den lure borgaren, – Du får ikkje lov til å jobbe og betale skatt, det må andre gjere for deg. Du må og la ungane dine vere utanfor det sosiale miljøet som dei fleste andre ungane er i, og kanskje vil det føre til at ungane dine gjer det dårlegare på skolen i framtida.

Den lure borgaren tenkjer seg om ei lita stund. Han likte ikkje haka, men kanskje kunne det likevel vere ein måte han kunne skaffe seg desse 10 000,- kronene og likevel halde fram med å jobbe og tene pengar. – Du forundra stortingsepresentant, om eg leier inn ei litauisk barnepike til luseløn for å passe ungane mine medan eg er på jobb, kan eg då likevel få 10 000,- kroner i månaden av deg?

Den forundra stortingsrepresentanten tenkjer seg om i nokre sekund… – Ja, det burde vel gå bra, det viktigaste er jo at eg får gje deg pengar og at du ikkje bruker barnehagane.

Den lure borgaren smiler nøgd, stikk pengane i lomma, går på jobb og gjer karriere.

 

VG i dag

Politisk.no

Standard
Feature, Ikkje politikk

Årets første hestehov

I dag såg eg for første gong hestehoven stikke hovudet opp. Det er alltid ei storhending når denne blomen kjem, det gjev energi og er eit løfte om at sommaren ikkje er så veldig langt unna. Dessutan har den jo eit fantastisk artig latinsk namn, tussilago farfara.

Litt irriterande er det sjølvsagt at hestehoven kjem no, når hostesesongen går mot slutten. Planten er frå gamalt av brukt som eit middel nettopp mot hosting. Tussilago betyr på latin «å fjerne hoste» og det var salige Linné som gav hestehoven det latinske namnet sitt.  Hestehovnamnet kjem kanskje av at blada kan sjå ut som ein hestehov?

Veit du meir om denne energigjevande blomen? Skriv gjerne i kommentarfeltet.

Standard