Den vanskelege debatten – om bensinpris og bussbillett

Bil og ugras
Vi må ha fridom til å la bilen stå. Foto: Harald Grovenhttp://www.flickr.com/photos/kongharald/

I dag kunne eg, og mange andre sjå på førstesida av Nordlys at ein partikamerat meinte at bensinprisen burde vere 20 kroner. Kva skal ein seie til slikt?

At han har heilt rett – i alle fall i byen.

Det er minst to innfallsvinklar til denne debatten

1. Bilen er viktig for velferden til folk, og naudsynt for å få barn i barnehagen, for at mor skal kome seg på jobb og ungdomen på trening eller korpsøving. Dessutan bensinen er dyr nok, bilavgiftane er høge og vedlikehaldet av vegane våre er elendig, sommar som vinter. Snart er det berre rikfolk som kan bruke bilen.

Eller

2. Klimaendringane er den største utfordringa vi står framfor. Transport er ei av dei største kjeldene til klimagassar og må avgrensast, det gjer vi best gjennom pris. Dessutan er det bra for folkehelsa om fleire går og syklar, ungdomen blir mindre overvektig og vi slepp svevestøv og anna forureining som skadar folk. Vi treng heller ikkje legge meir jord under asfalt.

Begge desse innfallsvinklane er heilt rette. Både dei som hevdar 1 og dei som hevdar 2 har heilt rett.

Problemet er samansett. I dag er det for mange ikkje muleg å klare seg utan bilen. Bensinavgifter blir derfor ein rein skatt som det ikkje er muleg å unngå. Samstundes er det heilt rett at utan at vi legg store avgifter på biltrafikken lokalt, så er det ikkje muleg å bygge opp eit busstilbod eller gode nok gang og sykkelvegar til at barnefamiliar og andre kan velge å la bilen stå heime.

Høna eller egget?

Eg trur dessverre ikkje vi kjem utanom anten vegprising eller høgare bensinavgifter i byen. Dersom denne byen skal halde fram med å vekse kjem vi til å bli kvalt i vegar og eksos om vi ikkje får fleire til å velge buss, sykkel eller føtter. Vegprising gjer det enkelt å differensiere slik at dei som bur i distrikta og sannsynlegvis aldri vil få eit godt nok busstilbod slepp å betale.

Dersom vi skal gje folk fridom til å velge bort bilen treng vi inntekter til å subsidiere bussbilletten og sørge for at bussane går oftare. Vi treng eit betre vedlikehald av vegar, sykkelvegar og gangvegar sommar som vinter. Då trengst det inntektar.

Så kan vi sjølvsagt håpe at det skal drysse oljemilliardar nedover byen frå staten…

Eg trur dessverre vi må løyse problema sjølv.

[poll id=»4″]

Les Nordlys si sak her

iTromsø si sak her

NRK Troms si sak her

PS bilar som ikkje nyttar bensin eller diesel slepp avgift.

 

6 Replies to “Den vanskelege debatten – om bensinpris og bussbillett”

  1. Eg er heller ikkje sikker på at det er ein stemmesankar av dimensjonar å ville auke prisane, men det kan ikkje alltid vere det einaste vi som politikarar skal tenke på.

    Forøvrig er eg samd i at det beste hadde vore om vi kunne finansiert alt gjennom den vanlege skatten. Slik er det dessverre ikkje. Staten set ein del krav om lokal finansiering for å delta med pengar.

  2. Problemet er jo at det kryss-subsidieres hele tiden. Nå er det ikke noen direkte "kjøtt-avgift", men både rødt kjøtt, kylling, fisk og grønnsaker er momsbelagt – og det staten bruker absolutt mest penger på å få oss til å spise mer av, gjennom "Opplysningskontoret for kjøtt" sin "matprat", er rødt kjøtt. Så, om vi kunne brukt litt av disse pengene til å fått oss til å spise sunnere, ville vel ikke det vært så ille?

    Å bruke veiprising til å oppgradere veinettet, vil jo bare få flere til å bruke bilen, så det er et dumt trekk hvis poenget er å redusere biltrafikken. Jeg tror også at både pisk og gulrot er veien å gå.

    Og at SV skulle vinne mange velgere på å gå inn for lave bensinpriser, tror jeg ikke så mye på. De som prioriterer lave bensinpriser og bredere veier foran kollektive løsninger og miljøbevissthet, har mange andre partier som passer mye bedre. 🙂

  3. Haakon sa:

    På 90 tallet økte AP bil og bensinprisene for å satse på tog.
    Pengene gikk rett i "fellesskapet" og toglinjene er nå i kritisk dårlig forfatning.
    Kjøreledninger faller ned pga manglende vedlikehold. Signalsystemene er gamle og gir feil.

    Ikke be om mer penger. Politikerne har alt brukt det argumentet og vist at de ikke bruker pengene på det de lover. Prioriter først og så kanskje folk er villige til å betale mer når de ser resultatet.

    1. No er eg litt usikker på kva du viser til. Har du ei lenke eller ein referanse?

  4. Liv Marie Austrem sa:

    Eg ønskjer meg offentleg småbussar eller offentlege drosjer som kjører faste ruter ofte, svært ofte, der folk kan bli plukka opp og vi betaler ein tiar eller ein tjuekroning heile dagen og om kvelden. Desse svære bussane må jo vere dyre og går sjeldan og er nesten tome, serleg i meir grisgrendte strøk. Mange småbussar ofte er tingen. Ein må jo først ha skikkeleg offentleg kommunikasjon før ein kan tenkje seg å redusere privatbilismen. Folk må fram! Og i Oslo ville det vore tryggare for kvinner å ferdast om kvelden.

    1. Samd i at bussane ofte godt kan vere mindre, men hovudkostnaden er nok uansett løna til sjåføren, og den går ikkje ned om bussen blir mindre

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.