Feature, Politikk

Likskap for loven?

Det kan sjå ut som om Stolteberg og Ap prøver å overta Frp sine klede medan dei er ute og badar. Foto Harry Wad/

Eg vart opphissa av Dagsrevyen 21 i dag. Det var eit innslag med Jens Stoltenberg som opna valkampen med å skryte av at han vil fjerne likskap for loven og innføre stavnsband i Noreg.

Stoltenberg seier til VG:

– Regjeringen vil blant annet foreslå at asylsøkere som begår kriminalitet i åpne rusmiljøer i de store byene, skal kunne pålegges et bestemt oppholdssted andre steder i landet. Hvis et slikt pålegg ikke etterleves av asylsøkeren, så ligger det i vårt forslag en mulighet for fengsling etter utlendingsloven mens saken er til behandling, sier statsministeren.

Med atterhald i at eg ikkje har lese framlegget, og at eg har ein mistanke om at Stoltenberg gjekk vel langt i denne saka fordi han av ein eller anna grunn trur han skal vinne røyster på framandfiendtlegheit, så oppfattar eg dette som grunnleggande illiberalt. Vi ville aldri funne på ein lov som seier at ein person som har gjort eit brotsverk som ikkje er ille nok til at det kvalifiserer til fengsel likevel skulle kunne forvisast til andre delar av landet og måtte vere der i ein lengre periode med meldeplikt dersom denne loven kunne ramma oss vanlege folk.

No meiner eg Arbeidarpartiet sitt jag etter røystene til Framstegspartiet tar til å gå vel langt. Nokre prinsipp må haldast høgt, eit av dei er likskap for loven. Stavnsband, altså at fattigfolk ikkje kunne flytte frå eit gods, har vi aldri hatt i Noreg. Danmark avskaffa dei siste restane av det i 1800. Det er ganske ille når vi kanskje er i ferd med å innføre ei liknande ordning i Noreg i 2011.

Eg meiner at anten er lovbrotet ille nok til at vi straffar med fengsel, eller så er det ikkje det. Det kan ikkje gjelde ein lov for nokre av oss og ein annan lov for andre av oss.

Det å ta Frp sine veljarar gjennom å bli som Frp er ikkje ein siger – i beste fall ein pyrrhossiger.

 

Men, på den positive sida i dagens nyheitsbilete. Kristin Halvorsen set foten ned og tillet ikkje Høgre å innføre karakterar i sjuande klasse.

 

Oppdatering klokka 1100 01.06.11:

Etter å ha høyrt justisministeren i spørretimen i dag så har opphissinga lagt seg litt. Kanskje Stoltenberg berre tok litt for mykje Möllers tran?

Justisministeren i spørretimen 01.06.11

Standard
Feature, Fylkesting, Troms og Tromsø

Det nordnorske samarbeidet

Kart over Nord-Noreg, eller Hålogaland i middelalderen. Legg merke til at det omfattar i alle fall delar av Nord-Trøndelag. Kjelde: Wikimedia Commons

Eg veit ikkje heilt korfor det skrantar, men akkurat no verkar det nordnorske samarbeidet å fungere akkurat som når ungane helst vil leike med den same leiken samtidig. La meg berre seie, det er sjeldan den konflikta blir løyst gjennom dialog. Det verkar heller ikkje som om Nordland og Troms får til ein dialog. Kanskje fordi dei begge vil leike med same leiken? Eller er det fordi det er dårleg personkjemi mellom fylkesrådesleiarane, begge frå Ap, slik det blir spekulert i media?

Eg veit ikkje, men eg er heilt sikker på om at lar vi det nordnorske samarbeidet rakne, så mistar vi noko verdfullt.

For mange av oss er samarbeidet i nord viktig. Det at vi i oNrd-Noreg står saman er viktig både for å halde ved like ein nordnorsk identitet og for å få gjennomslag i mange saker.

Nord-Noreg står framfor mange store og felles utfordringar:

  • Ny nasjonal transportplan
  • Ny langtidsmelding for forsvaret
  • Vidareutvikling av nordområdepolitikken
  • Auka skipsfart med utfordringar knytt til beredskap, redning og tryggleik
  • Vekst og utvikling i bergverksnæringa
  • Størst muleg utbytte av den petroleumsverksemda som dessverre kjem

For berre å nemne nokre få døme

Skal vi få gjennomslag på desse områda på ting som er viktige for Troms o glandsdelen treng vi allierte, vi treng vennar og vi treng folk å gjere felles sak med. Det er derfor skremmande å lese i media at det nordnorske samarbeidet gjennom LU kan vere i ferd med å kollapse

Vi kan ikkje og må ikkje stille oss i ein situasjon der vi øydelegg det nordnorske samarbeidet gjennom LU, og generelt øydelegg det nordnorske samarbeidsklimaet. I media kan det fremstå som ei intern ueinigheit mellom dei to AP-fylkesrådsledarane i nord. Å sette heile det langvarige nord-norske samarbeidet i spill over slike konfliktar er ikkje verken framtidsretta eller klokt.

På neste fylkesting kjem eg til å ta opp denne saka i ein interpellasjon. Eg kjem derfor spørre fylkesrådsleiar Pia Svendsgaard:

  1. Kva grep meiner fylkesrådet vi no må ta for å unngå kollaps i det nordnorske samarbeidet?
  2. Korfor er det ikkje muleg å finne gode kompromiss i LU?
  3. Korleis ser fylkesrådet for seg at det nordnorske samarbeidet reelt skal organiserast dersom Troms trekk seg ut av LU?

Kom gjerne med innspel i kommentarfeltet, både til argumentasjon og spørsmålsstilling.

 

Standard
Storfjell
Feature, Jahn-Arill Skogholt

Storfjellvegen: Ein serie overgrep

I serien «Etterlatte skrifter etter han Pappa» fekk de forrige gong ein prolog, denne gongen blir det meir politisk. Kanskje kan denne artikkelen stå som eit apropos til debatten om Bjarkøyforbindelsen? Det handlar i alle fall om vegen til ei då veglaus lita bygd i Austre-Vågan. Vegen kom nokre år etter at denne artikkelen vart skriven.

STORFJELLVEGEN: EIN SERIE OVERGREP

av Jahn-Arill Skogholt

Storfjell

Utsyn over fjorden frå Storfjell. Vegen visast så vidt.

Eg sit og blar og les i ein bunke papir som har med Storfjellvegen å gjere. Eg ristar på hovudet og undrar: Er dette ein draum, eit mareritt? Eg klip meg sjøl i armen og kjenner smerten. Altså er eg vaken. Det er ingen draum. Dette skjer i Norge i 1995. Eg gjentar: Dette skjer i Norge i 1995. Kva er det som skjer? Ei systematisk trakassering av eit lite bygdesamfunn som kjempar for livet sitt, utført av leiinga i det politisk/administrative apparatet i eigen kommune.

Det renn meg i hug eit lite vers på fire linjer, eg trur det er eit «gruk» av den danske diktaren Piet Hein: «Den dag da Fanden fikk i sind/ at intet skulle ske/ da satte han i verden ind/ den første komité.»

Nåh, la meg med ein gong vedgå at det ville vere galt å gje Fanden skylda for det som skjer eller, rettare sagt, ikkje skjer med Storfjellvegen. Her er det nok andre som gjer jobben betre enn Fanden kunne klart det. Og ordføraren treng ikkje nokon komité. Han har eit råd, eit bygningsråd som har sine sakskart. Men det er tydelegvis også dei einaste karta dei har, iallfall når det gjeld Storfjell.

No tvilar eg ikkje på at både bygningsrådet, teknisk sjef og saksbehandlar juridisk sett har sitt på det tørre. Bokstavleg talt på det tørre, for her knitrar det i tørre lovdokument og stivbeint regelverk. Men å ha sitt på det tørre, er noko anna enn å tørre. I heile denne saka får eg ei ekkel kjensle av at ingen tør gjere noko for å lage ei opning for veg til Storfjell.

Eg har overfor kalla kommunen si handsaming av Storfjellvegen ein serie overgrep og bevisst trakassering. Eg sit att med ei kjensle av at i dei dunkle rom, dit demokratiets nærlys ikkje når, der har nokre snakka saman og avgjort at Storfjell skal døy. Og då kan lovane og reglane vere ei godt skafott, når ein veit korleis ein skal bruke dei.

Det blir ofte i politiske kretsar og i organisasjonsmessige kretsar snakka om at folk er så lite engasjerte, dei sit på sin bak og glanar på TV og skrik på det offentlege om dei synest det er noko dei treng. Folket i Storfjell og i resten av Austre Vågan har i tallause samanhengar vist at dei sjølve er villige til å ta eit tak når det gjeld. Ein ordførar burde juble over å ha slike innbyggarar i kommunen. Han burde gjere alt han kunne for å hjelpe slike folk til ei leveleg framtid, i staden for å slå dei over fingrane kvar gong dei forsøker å hale framtida, for ikkje å seie notida, til seg.

Den måten Storfjell er blitt behandla, er faktisk verre enn eit brotsverk; det er pur dumskap. Saka om Storfjellvegen er eit lærestykke for alle innbyggarane i Vågan: Det er faktisk vi som eier denna kommun» her, så du må’kke komme her og komme her.

Entusiasme og engasjement, det skal leiinga i Vågan ha seg mykje fråbede. Det kan i verste fall øydelegge dei planane som blir lagte i dei indre, dunkle roma der makta sit, skjerma frå demokratiets nærlys.

«Står Storfjell på dødslista?» spør Gunnar Aarstein i Lofotposten 15 juli. Eg er redd han kan stryke spørreteiknet og snu ordstillinga til: Storfjell står på dødslista! Eg er redd for at, uansett kor mykje pengar Storfjell Sanitetsforening og Austre Vågan Innbyggerforening brukar på kartverk og på reguleringsplanar, så vil det alltid finnast ein lovparagraf eller ei forskrift som kan brukast til avslag. Det er det saksbehandlar Willy Engstad seier, nærmast i klartekst, i Lofotposten 10. juli.

Eg trur det er berre på ein måte Storfjell kan bergast. Det er å gje kommunen ei ny politisk leiing til hausten. Men det kan ikkje storfjellingane klare åleine. Det klarar ikkje folket i Austre Vågan åleine. Derfor spør eg velgarane i alle Vågan sine meir eller mindre utkantstrøk: Kor lenge tør dokker å sitte med ei politisk leiing som er i stand til å utvise ein slik kynisk arroganse? Det er Storfjell det gjeld denne gongen. Men når Storfjell er borte, kven sin tur blir det då? Og til alle i Vågan som kjenner seg trygge i relativt sentrale delar av kommunen: Kor lenge vil dokker sitte med eit moralsk medansvar for at slike ting skjer i eigen kommune?

Eg ber dokker tenke på det fram til 11. september.

Standard
Arbeid og trygd, Feature, Politikk, Troms og Tromsø

Fleire barnehagar i Tromsø

I morges leste eg iTromsø og Nordlys og klarte å la meg provosere av ein privatiseringskåt Magnus Mæland frå Tromsø Høgre, iTromsø siterer han frå Nordlysartikkelen:

– Den rødgrønne allergien for private barnehager har ført til store investeringer og økt gjeld for kommunen

og

Partiet hans ønsker nå at det legges bedre til rette for at private aktører kan bidra til å lette på behovet for barnehageplasser.

Eg meiner at barnehagane bør vere eit offentleg ansvar og bør drivast i kommunen i all hovudsak, sjølv om det og må vere plass til ideelle organisasjonar og foreldredrivne barnehagar. Du kan lese svaret mitt til avisa iTromsø her

Barn leiker i ein barnehage i Oslo, dei får det betre om dei vaksne får eit betre arbeidsmiljø. Foto: Simon Norbert Pranter/http://flickr.com/photos/simonnorbertpranter/2331775036/

.

Eg ser fleire store utfordringar i barnehagesektoren. Vi treng betre arbeidsmiljø, vi treng enno betre tilbod om vidareutdanning og vi treng kontinuerleg opptak til barnehagane slik at ikkje folk blir gåande å vente på barnehageplass i lang tid.

Eg meiner at dersom vi sørgjer for å ha kapasitet i barnehagane til å kunne ha kontinuerleg opptak så er det og eit steg på vegen i å gjere arbeidsmiljøet betre og skape rom for etter- og vidareutdanning.  Korleis kan det ha seg?

Jau, om vi skal ha kontinuerleg opptak i løpet av året så må vi og ha ein “overkapasitet” i barnehagane i periodar av året. Dette medfører at vi delar av året vil ha fleire vaksne per barn enn om vi køyrte med full kapasitet. Det vil skape ein betre arbeidssituasjon for dei tilsette, betre oppfølgjing av ungane og kanskje kan dette rommet og brukast til kursing.

Det som det er liten tvil om er at det svært lite sannsynleg at private marknadsbaserte aktørar i barnehagesektoren vil akseptere å i periodar planlagt køyre med mindre enn full kapasitet. Det vil jo føre til mindre inntekter. Ei slik prioritering til beste for småbarnsfamiliane i Tromsø er det nok berre kommunen som kan gjere.

Eg er motstandar av at private skal tene pengar på å drive offentlege velferdstilbod, og i dette tilfellet meiner eg vi får viktige tilleggsverdiar om kommunen bygger og driv barnehagane

 

 

Standard
Gunhild Johansen
Feature, Internasjonalt, Sosialisme, Troms og Tromsø

Reis meir, Gunhild!

Gunhild Johansen

Det er viktig at Gunhild og andre i den politiske leiinga i Tromsø reiser ut og hentar inn informasjon, kunnskap og inspirasjon

Skal Tromsø vere ein holme i havet i arrogant einsemd, eller skal det vere ein viktig by i verda? For meg er det ingen tvil om at Tromsø skal vere ein viktig by i verda, at vi ikkje skal vere oss sjølve nok. Då må Tromsø ta vare på venskapsbyane våre, då må vi vere til stades i i Brüssel, då må vi lære av det som skjer andre stader i verda.

Eg er stolt over at vi har ein varaordførar i Tromsø som er interessert i å hente inn inntrykk utanfrå for å gjere byen våre betre, eg er stolt over at vi har ein varaordførar i Tromsø som tar ansvar for å pleie venskap med andre byar. Nokre av dei, som Gaza, treng verkeleg venskap både frå oss og andre.

Eg trur fleire i kommunestyret og i politisk leiing burde reise meir, at vi oftare burde sjå informasjon og diskusjon i kommunestyret om internasjonale tilhøve, helst utan at nokre parti marsjerer ut.

Tromsø blir påverka av det som skjer i Russland, USA, Kina, Latin-Amerika og EU. Vi har valet, skal vi melde oss ut av det som skjer i verda, eller skal vi delta? For meg og for SV er svaret enkelt.

Til sist, eg kan ikkje la vere å nemne ein liten ting. Blomseth seier til Nordlys i dag, 14.05.11 at dette viser at vi ikkje treng ein varaordførar i full stilling – dette frå mannen som vil innføre parlamentarisme i Tromsø og dermed opprette minst fem, og kanskje fleire fulltidsstillingar for politikarar i Tromsø. Parlamentarismen er utprøvd på fylkesnivået, og det er ikke tvil om at det fører til flere heltidspolitikere.

[poll id=»8″]

Standard