I morges leste eg iTromsø og Nordlys og klarte å la meg provosere av ein privatiseringskåt Magnus Mæland frå Tromsø Høgre, iTromsø siterer han frå Nordlysartikkelen:
– Den rødgrønne allergien for private barnehager har ført til store investeringer og økt gjeld for kommunen
og
Partiet hans ønsker nå at det legges bedre til rette for at private aktører kan bidra til å lette på behovet for barnehageplasser.
Eg meiner at barnehagane bør vere eit offentleg ansvar og bør drivast i kommunen i all hovudsak, sjølv om det og må vere plass til ideelle organisasjonar og foreldredrivne barnehagar. Du kan lese svaret mitt til avisa iTromsø her
.
Eg ser fleire store utfordringar i barnehagesektoren. Vi treng betre arbeidsmiljø, vi treng enno betre tilbod om vidareutdanning og vi treng kontinuerleg opptak til barnehagane slik at ikkje folk blir gåande å vente på barnehageplass i lang tid.
Eg meiner at dersom vi sørgjer for å ha kapasitet i barnehagane til å kunne ha kontinuerleg opptak så er det og eit steg på vegen i å gjere arbeidsmiljøet betre og skape rom for etter- og vidareutdanning. Korleis kan det ha seg?
Jau, om vi skal ha kontinuerleg opptak i løpet av året så må vi og ha ein “overkapasitet” i barnehagane i periodar av året. Dette medfører at vi delar av året vil ha fleire vaksne per barn enn om vi køyrte med full kapasitet. Det vil skape ein betre arbeidssituasjon for dei tilsette, betre oppfølgjing av ungane og kanskje kan dette rommet og brukast til kursing.
Det som det er liten tvil om er at det svært lite sannsynleg at private marknadsbaserte aktørar i barnehagesektoren vil akseptere å i periodar planlagt køyre med mindre enn full kapasitet. Det vil jo føre til mindre inntekter. Ei slik prioritering til beste for småbarnsfamiliane i Tromsø er det nok berre kommunen som kan gjere.
Eg er motstandar av at private skal tene pengar på å drive offentlege velferdstilbod, og i dette tilfellet meiner eg vi får viktige tilleggsverdiar om kommunen bygger og driv barnehagane
Det som skjer nå er at de rødgrønne struper støtten til private barnehager.
Fagpersonell innen pedagogikk får ikke jobb og blir presset ut fordi de har ikke råd til lønn.
De med erfaring og koster mye blir presset ut pga forskjellsbehandlingen.
Og du er opptatt av arbeidsmiljø og etterutdanning ?
Hva skal man med etterutdanning om man da blir så dyr i drift at man ikke får jobbe der lenger ?
Har du nokre tal og eksempel på det du seier?
En annen ting jeg mener er totalt uforståelig er fokus på hvem som tjener på tjenestene.
Det viktigste er at man har bra tjenester.
Da Stortinget vedtok full barnehagedekning hadde det vært komplett umulig uten privat hjelp.
Hva mener du ? Bedre med tilbud til alle? Eller de som kan få så lenge det er offentlig ?
I det valet du set opp så er det viktigare med eit tilbod til alle. I Tromsø var SV med på å legge til rette for private barnehagar, nettopp på grunn av dette. Det betyr ikkje at eg meiner det er den optimale løysninga, men vi kan ikkje alltid la det gode bli det bestes fiende.