På tide å stoppe krigen i Libya

Ein delvis oppbrent kopi av Gadhafi si grønne bok. Kven skal kaste regimet hans, folket i Libya eller bombane våre? Foto: Roberto Schmidt/AFP/Getty Images

Eg meiner at det i utgangspunktet var rett av Noreg å bidra til å oppfylle FNs sin resolusjon om Libya. Men eg er blitt svært bekymra for om ikkje operasjonane no går langt ut over det som er mandatet frå FN.

Det kan vere at den manglande informasjonen frå Forsvarsdepartementet og forsvaret om kva norske styrkar gjer i Libya er grunnlaget for dette. Dersom det er tilfelle reknar vi med at FD snarast legg fram informasjon og operasjonane til norske styrkar slik at vi kan ha ein opplyst debatt om dei norske operasjonane er i tråd med FN-mandatet. Når forsvarsdepartementet no skal legge fram meir informasjon er dette eit steg i rett retning, men enno ikkje nok.

NATO sin operasjon i Libya ser ut til å ha glidd frå ein operasjon for å forsvare sivile i Libya til å bli ein operasjon for å få til regimeskifte i Libya. Dette er ikkje i tråd med FN-mandatet eller grunnlaget for norsk deltaking. Ei endring av det libyske samfunnet må vere verket til libyarane sjølve. Erfaringane viser at å bombe seg til ei regimeendringar sjeldan fører til stabile og demokratiske regimer.

På bakgrunn av dette meiner eg at:

Forsvarsdepartementet må legge fram informasjon som gjer det muleg å vurdere om dei norske operasjonane er i tråd med FN-mandatet.

At det norske styrkebidraget må trekkast ut av Libya så snart som råd

[poll id=»9″]

 

Oppdatert:

VG melder i dag om harde åtak mot Tripoli som eg har vanskeleg å sjå har ei rolle i å forsvare sivilbefolkninga.

4 Replies to “På tide å stoppe krigen i Libya”

  1. Det er motsatt. NATO gjer ikkje nok og bør utvida angrepa. Sivilfolk i fjellområda i vest og i Tripoli blir t.d. dagleg utsatt for store og alvorlege overgrep frå Gaddafi.
    Følg med på Twittermeldingar frå Libya (ja det fins ein god del satellittelefonar der) og på den engelskspråklege radiokanalen TributeFM som sender frå Benghazi.
    Folk i Libya er svært glade for NATO sitt nærvar i landet. Dette er det t.o.m. foretatt meiningsmåling på i dei frigjorte områda.
    Noreg bør utvida sitt engasjement i Libya.

  2. For å sittere deg Pål Julius, krever spørsmålet ditt et langt mer omfattende svar enn jeg har tid til å skrive ned men …

    Jeg får flashbacks fra min tid i Bosnia, da jeg håpet at US Air Force skulle vise seg på den bosniske himmelen og bombe serbiske artilleristilllinger og dermed stoppe skyting mot sivile i Sarajevo og mange andre byer. I mellomtiden hørte vi over radio om møte etter møte i FN, i EU, i forskjellige grupper som diskuterte folkeretten, mandater, resolusjoner og paragrafer.

    Verden er komplisert, men av og til kan man også stille seg enkle, men moralsk kategoriske spørsmål som krever innrømmelser: hvis man ikke bomber Muamer til retrett, hva ser man for seg vil skje i Lybia? Regimeskiftet kan føre til nye usikkerheter (vi ser det i Irak) men et fravær av regimeskifte fører til kun en ting: at Gaddafi, en diktator, igjen fester grepet om landet, for NATO kan ikke beskytte sivile i en uoverskuelig fremtid. Da må du spørre deg selv om det er det du ønsker. Hvis svaret er nei, så synes jeg at du må leve med at den militære aksjonen vil endre karakter i takt med situasjonen på bakken.

    1. Vedad, som eg skriv, så meiner eg det var rett å gripe inn. Men, eg meiner og at bruk av millitærmakt for å oppnå noko må vere forankra i internasjonal rett og mandat frå FN.

      Eg meiner, ut frå den informasjonen eg sit med i dag, at operasjonane no går utanfro det mandatet som FN gav.

      Men, eg meiner det kan vere rett å bevæpne opprørarane, tilby dei trening og oppretthalde flyforbodssona over Libya.

      No har NATO øydelagt det libyske flyvåpnet, redusert artilleriet og stridsvognene kraftig. Dersom vi då opprettheld ei flypatruljering som kan gripe inn mot konkrete truslar mot sivile (anten frå artilleri eller stridsvognar) så er det ein politikk eg kan støtte. Den bombinga vi ser no er ikkje i tråd med dette.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.