Nattugla

Eg vart ganske overraska då eg las i iTromsø i dag at det no blir slutt på Nattugla her i Tromsø. Overraska, men ikkje så forundra. Eit av kjenneteikna ved anbodssystemet som høgresida har fått innført i Troms er jo at du får akkurat det du betaler for og har kontraktsfesta. Ikkje ein kilometer meir.

Eg skjønner Cominor, dei vil ha meir pengar for dette, og kven vil ikkje ha meir pengar? Dei er heller ikkje forplikta til å køyre nattugla. Eg tenkte då at det er naturleg å kontakte det nye selskapet viskal få i byen, og sendte dei denne e-posten i dag:

Gratulerer med at de vann anbodet for busskøyring i Tromsø.

Vi er mange som er usamde både i anbodsprinsippet og som gjerne skulle sett eit nordnorsk selskap i Tromsø, men vi gler oss i alle fall til nye bussar.

I Tromsø har Cominor til no køyrt eit tilbod med nattbussar (Nattugla) som har fraktaq bar- og restaurantgjestar heim frå ein triveleg kveld på byen. Dette er eit tilbod som er viktig for byen og for innbyggarane i Tromsø. Det fører til kortare taxikøar, og gjennom det mindre sjanse for vald. Det er og ein trygg måte å kome seg heim på for unge av begge kjønn. Og, ikkje minst, det er billigare enn drosje.

Cominor har no avgjort at dei ikkje lenger vil køyre desse bussane (http://www.itromso.no/nyheter/ article464018.ece). Nattbussane blir køyrt utan kontrakt med fylket.

Eg meiner og trur at det for Nobina ville vere svært lurt å sette i gang dette tilbodet i Tromsø. Det vil gje selskapet positiv merksemd og vere med på å bygge relasjonar til tromsøværingane. Så eg utfordrar dykk, ta over der Cominor slepp. Vis at de og vil vere eit godt busselskap for byen

 

Eg skal seie frå om eg får svar frå selskapet.

Oppdatert, dette svarte Nobina:

Takk for din henvendelse, vi var faktisk i Tromsø på tirsdag og onsdag og så artiklen i Nordlys. Det er fint at du engasjerer deg i slike spørsmål, vi er nok ikke i posisjon til å kunne gjøre noe ennå i Tromsø vi skal jo ikke starte opp før 1.2.2012. Men tror vel muligens at Cominor og Troms fylke finner en løsning på nattbussen frem til vårt selskap overtar trafikken.

HANS – KRISTIAN ENGUM

One Reply to “Nattugla”

  1. Stein2011 sa:

    Hvis dem ikke opprettholdet nattugla så er det et dårlig annbud . Og kansje på kanten av ulovlig . Nattugla må fungere , for og minske uroligheter etter stengetid i byens restauranter . Dette bør byens politikere få til . Politikere har plikt , for dette er viktig for byens befolkning .

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.