Koalisjonen av dei villige

Så har Tromsø fått ein borgarleg allianse. Høgre, Venstre og Frp har gått saman og publisert eit manifest som dei skal styre byen etter.

Dersom vi trekk frå alle honørord og det vi alle er samde om, så gjenstår to ting. 1. mistillit til kommunalt tilsette og tru på at private gjer alt betre og 2. skamlause overbod utan økonomisk dekning. Kven trur dei at dei lurer. Skal du kutte eigedomsskatten så blir det færre og dårlegare tenester frå kommunen.

Det som kanskje er mest overraskande er likevel at Venstre her i Tromsø ser ut til å gå lengre enn Venstre i Oslo i forpliktande samarbeide med Frp. I Oslo er Venstre eit støtteparti for H/Frp-byrådet, i Tromsø ser det ut til at dei er villige til å gå enno lengre og faktisk gå inn i eit byråd med Frp. Det kan bli spennande og sjå kva som skjer med Venstre sin miljøprofil og korleis det blir med ein liberal og inkluderande politikk i det samarbeidet? Eg spår Venstre får det tungt men at lysten på taburettar trumfar prinsippa. I den nye koalisjonen er nok Venstre dei kåtaste og villigaste.
Men politikken då, kva vil dei eigentleg? Dei har publisert eit manifest.
Mykje av det som står der er felleseige i tromsøpolitikken. Ny sjukeheim og kvalitet i skolen. Men og ein del ting eg og SV reagerer på
  • Fritt skoleval meiner eg vil føre til enno større skilnader mellom folk og skolane i Tromsø. Dei med størst ressursar vil vinne i kappløpet.
  • Meir måling er ikkje rett retning og gå for å auke kvaliteten i skolen, meir og betre undervisning er det vi treng.
  • Ein dyr parlamentarisk styreform gjev ikkje rom for betre kommunale tenester
  • Å fjerne eigedomsskatten vil føre til dårlegare skole, barnehagar og omsorg.
  • Å seie tvert nei til vegprising betyr dårleg busstilbod og dårleg vedlikehald av bil og sykkelvegar.
Høgresida har teikna sitt bilete av Tromsø, og det er ikkje triveleg. No får veljarane seie sitt. Eg trur dei fleste av oss ønsker solidaritet og gode kommunale tenester. Stem SV!

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.