I middelalderen vart Venezia ein av dei største, mektigaste og rikaste byane i verda. Ein av teoriane som prøver å forklare korfor, seier at Venezia skapte seg denne statusen gjennom å vere open for alle typar folk, alle typar yrker og dei mange ideane som oppstår i møtet mellom desse.
Tromsø kan lære av kva som har skapt suksess for byar før, og bruke på vår måte i vår samanheng. Eit av fellestrekka for suksessrike byar, før og no, er at dei er opne. Det vil seie at dei tek i mot nye idear og har eit miljø der idear kan settast ut i livet. Det er to delar av dette, det første er ideen, det andre miljøet for nyskaping. I SV er vi opptatt av å lage eit godt grunnlag for begge delar.
Idear oppstår i møtet mellom menneske, kultur og kunnskap. Menneske som har ulik kunnskap og ulik kultur. Tromsø er ein open by. Vi tar mot innvandrarar, søringar, nordlendingar, samar og asylsøkarar. Kommunen vår har allereie gjort mykje for at alle skal kjenne seg heime i byen vår. Vi har oppretta ein internasjonal skole, vi har vedtatt å bli ein del av forvaltningsområdet for samisk språk, og vi driv eit aktivt internasjonalt samarbeid, basert både på solidaritet og eigennytte.
Det er framleis ei utfordring å arbeide for at alle kjenner seg heime i byen. Dei som trur på noko anna enn den kristne guden må ha gudshus å gå. Vi må overvinne vår eiga frykt for det framande i og utanfor oss sjølve for å bygge vidare på dette. Det er forståeleg at ein er skeptisk til det som er framand og nytt. Men både som samfunn og som menneske har vi mykje å tene på prøve å forstå det som er nytt for oss. Det betyr likevel ikkje at vi skal godta alt.
Så må vi bygge møteplassar, der folk frå ulike bakgrunnar kan møtast, bli kjent med kvarandre og skape seg like mulegheiter til å lykkast. Først og fremst må vi bygge vidare på det som skjer i kulturlivet, idrettsorganisasjonane og resten av frivilligheita for å sørgje for at alle er velkomne der. Likevel er kanskje arbeidsplassen den viktigaste staden der folk møtes. Store arbeidsplassar i Tromsø som Universitetet og UNN er gode på å ta i bruk kompetansen frå mange ulike folk. Der trur vi mange har mykje å lære. Både i det offentlege og i det private bør vi sjå forbi framande namn, slik at vi kan sjå den kompetansen folk sit på.
Byen har mykje av rammeverket som skal til for at vi skal tiltrekke oss folk – dyktige og skapande folk frå landsdelen og frå verda. Vi treng desse folka.
Næringsforeninga hevdar vi vil kome til å trenge minst 2500 nye arbeidstakarar i byen. Dei må vi tiltrekke oss. Hans Olav Karde seier til siste nummer av Markant:
“Som andre, så tror jeg vi må jobbe for at vi skal fremstå som en attraktiv by å jobbe i, og jeg tror Tromsø vil være tjent med å markedsføre seg som en del av hele regionen vår. Dessuten tror jeg også Tromsø må tenke på bredde i tilbudet av arbeidsplasser. Kulturnæringen er et veldig godt eksempel på dette. Denne næringen representerer i seg selv mange arbeidsplasser, den tilbyr attraktive arbeidsplasser også for kvinner – og den bidrar til å gjøre byen og regionen mer attraktiv og spennende.”
Eg trur Karde har eit heilt sentralt poeng som underbygger behovet for å vere ein open og inklderande by.
Tromsø er ein kunnskapsby, vi har ei høgt utdanna befolkning, vi har dyktige fagarbeidarar og vi har viktige kunnskapsinstitusjonar. SV meiner vi kan bli enno betre på å ta i bruk denne kunnskapen, til beste for folk i byen og landsdelen. Saman med dyktige folk i Innovasjon Noreg, fylkeskommune, kommunen, Universitetet og forskningsinstitutta bør det vere muleg å bli enno betre på å spreie den kunnskapen som finst og ta den i bruk i nye og etablerte bedrifter. Utan kunnskapen frå Universitetet og institutta ville vi ikkje hatt ei gryande næring innan biotek eller IKT i Tromsø. Vi trur kommunen kan ta ei enno større rolle som tilretteleggar her.
Med utgangspunkt i kunnskapen i byen, med utgangspunkt i å vere den opne, inkluderande og tolerante byen er det muleg å få til å skape spennande nye bedrifter og vidareutvikle dei vi har. I Tromsø er det sterke miljø innafor bioteknologi, fjernteknologi og marine næringar. Desse er avhengige av tilrettelegging frå kommune.
SV vil vere leiande i å sørgje for at planprosessane i kommunen skal vere føreseielege og forståelege, og gjennom å sørgje for at vi alltid har areal tilgjengeleg for den som vil starte eller utvide ei bedrift. Kommunen må i enno større grad bli ein medspelar for dei som vil skape noko i Tromsø. Derfor vil vi opprette eit strategisk næringsselskap som kan vere ein reiskap for å legge betre til rette for næringslivet i Tromsø. Tromsø må ta godt vare på og ta godt i mot både gründarar og etablerte bedrifter.
Slik er vi med på å bygge byen og landsdelen for framtida.
Slik blir vi også rusta til å møte den internasjonale finanskrisa – med trygge arbeidsplassar, og ein god velferd for alle.