Feature, Politikk, Troms og Tromsø

Kva vil skje i Tromsø?

Øyvind Hilmarsen blir den første byrådsleiaren i Tromsø. Foto: Høyre

Den 19. oktober tar det nye regimet over styringa av Tromsø. Øyvind Hilmarsen blir leiar for eit byråd samansett av Høgre, Venstre og Framstegspartiet. Kva konsekvensar vil dette få for folk i Tromsø, og på kva måte vil Tromsø vere annleis om fire år? Her er min spådom.

Eg trur vi vil sjå ei omfattande privatisering av det kommunale tilbodet. Eg er heilt sikker på at heimetenesta vil bli konkurranseutsett. Kommunen vil vinne nokre konkurransar og vil tape nokre, men det betyr at vi vil flytte mine og dine skattepengar til å gje privat profitt. Det vil og gje auka byråkrati i kommunen for nokon må jo skrive kommunen sine eigne anbud, medan nokre andre vil måtte velje mellom anbuda og ikkje minst kontrollere dei. Dei som treng tenestene kan komme til å forhalde seg mange nye folk og det vil bli press på arbeidsvilkåra til dei tilsette. Pensjonen er særleg utsett. I programmet sitt skriv Høgre:

Høyre vil oppfordre til konkurranse for å gjøre alle helse- og omsorgstjenester best mulig, og vil stykkprisfinansiere alle helse- og omsorgstjenester.

Eg er og ganske sikker på at store delar av bydrifta vil bli konkurranseutsett, det trur eg vil føre til fleire vaskebrett på vegane, dei private er ikkje glad i å bruke vegskraper. Vegskraping slit på reiskapen. Det betyr at at mykje av den kunnskapen om drift av byen vår som dei tilsette i Bydrfit har, og som ikkje alltid er nedskriven vil kunne gå tapt.

Eg blir heller ikkje forundra om drifta av ein sjukeheim eller to blir overlatte til private firma. Eg tippar Sør-Tromsøya er det første som blir privatisert. Det er nyast, enklast å drifte og på grunn av det vil det sjå ut som private er betre enn kommunale.

Sommerlyst skole blir heilt sikkert bygd som eit offentleg-privat samarbeid. Det skjer nok og med den nye sjukeheimen på Otium. Det gjev kommunen mindre fleksibilitet, for det er andre som eig skolen og sjukeheimen. Eg har skrive meir om det her.

Eg er ganske sikker på at det blir enklare å kjøpe øl, og at vi vil kunne gjere det mesteparten av døgnet. Det vil vere triveleg ein gong i blant, men vil og føre til meir vald og at fleire vil komme til å slite med alkoholproblem.

I skolen så vil det ganske sikkert bli fleire prøver etter modell av osloskolen, og det vil bli innført fritt skoleval. Dette vil vere med på å skape større forskjellar mellom skolane i Tromsø. Det blir og mindre tid til undervisning

Innafor kultur vil det og bli privatisering. Fokus Kino vil bli selt, og eg tvilar på at det nye byrådet vil prioritere å gje Tvibit eit godt tilbod i den gamle brannstasjonen saman med Musikkens Hus.

Eg er og bekymra for framtida til Troms Kraft. Tromsø Høgre skriv i sitt program:

For at Troms Kraft skal kunne videreutvikles til det beste for Tromsø og Nord-Norge, vil Høyre åpne for kapitaltilførsel gjennom nye deleiere, også private.

Når vi veit at Høgre og sit i fylkesrådet i Troms, som er den andre eigaren i Troms Kraft så ser dette skummelt ut.

Men eg har inga tru på at eigedomskatten kjem til å gå ned. Det kan kanskje bli ein symbolsk nedgang, men heller ikkje meir. Eg trur og at byrådet med Høgre og Frp kjem til å måtte akseptere vegprising i ei eller anna form.

Kva trur du, har du dine eigne spådommar?

[poll id=»12″]

Standard
Feature

Verdt å lese i helga

Ein verden i glassbolle. Foto: Nirav Patel/http://eclecti.cc/computergraphics/snow-globe-part-one-cheap-diy-spherical-projection

Her i Tromsø ser det ut til at det skal bli godt med sol i helga, men bur du ein annan plass i landet kan det kanskje vere behov for litt lesestoff i helga. Her er nokre ting frå det fantastiske internettet, som i alle fall eg likte og lærte av.

Magnus Marsdal og Julie Lødrup analyserer valet og den blå middelklassen på ein god måte, og er du ikkje lei av val og slikt enno kan det vere verd å lese om Piratpartiet sin fantastiske framgang i Berlin. Dessverre gjekk det ikkje riktig like bra for Die Linke.

Her i Noreg tar vi til å diskutere terrorhandlingane den 22. juli med litt større avstand. Eg synst Hanne Skartveit skriv interessant om ansvaret, sjølv om eg ikkje er samd i riktig alt. Interessant er og Dagfinn Nordbø si reise i Gudbransdalen. Kanskje sit ikkje den kreative klassa på kafe i byane og drikk Kaffe latte? Om det er interessant eller ikkje veit eg ikkje, men det kan kanskje vere verd å merke seg at den norske EØS-kontingenten går til å bygge kapell i Spania. Eg meiner å minnast at vi nettopp hadde ein diskusjon om utanlandske pengar til eit gudshus i Tromsø og.

Vi har hatt nok ein rekordsommar, kanskje den varmaste nokonsinne? Isen i Arktis har det heller ikkje veldig bra. Så vidt eg skjønner har det vore ei regnskur eller to i Noreg og? Då kan det jo vere verd å merke seg at elektrifisering av sokkelen kan vise seg å vere billigare enn vi har trudd, og at for mykje gass gjer det vanskelegare å nå karbonmåla.

Noko som definitivt er spennande er å følgje politikken i Tyrkia og sjølvsagt heile Midt-Austen. Gunes Murat Tezcur skriv godt om AKP og det kurdiske dilemmaet hos opendemocracy.org. Medan vi først er inne på tyrkia kan det og vere verd å få med seg kva konsekvensar NATO sitt rakettskjold kan får for tilhøvet mellom Iran og Tyrkia. Kanskje kan det og vere verd å tenke over kva som er stormaktinteressene i Syria?

Apropos stormakter, så finst det mykje spennand å lese og lære om “demokratiet” i Russland. Det gjer det i å for seg om politikken i USA og. Kva meiner eigentleg det republikanske partiet? Medan norske politikarar kanskje har overfortolka dei finske. Jernbane til Noreg er halusinasjon, seier den finske samferdsleministeren. La oss håpe det er forpostfektingar over kven som skal betale rekninga.

Den aller største saka på lang tid er at Einstein kanskje tok feil. Dersom det går an å reise fortare enn lyset så er kanskje tidsreiser likevel muleg? Av dei meir konkrete vitskaplege gjennombrota, så merka eg meg at dataspelarar løyste ei virusgåte, og at det går an å lage artige ting heime, mellom anna denne jordkloda.

 

Nå har jeg registrert meg på Bloggurat.

Standard
Økonomi

Lågthengande fruktar

Veksten i den amerikanske økonomien frå krigen og fram til midt på 70-talet er basert på at dei har plukka tre lågthengande fruktar. No er fruktane plukka, og kanskje er det ein av grunnane til at det ikkje blir skapt jobbar i USA. Det hevdar i alle fall Tyler Cowen i boka “The Great Stagnation”

I boka legg han vekt på at USA har hatt tre store fordelar. Dei har hatt gratis land, store teknologiske gjennombrot og smarte uutdanna ungdomar. No tar desse ressursane til å bli brukt opp, og Cowen meiner at det er få lågthengande fruktar i framtida.

Cowen skriv:

In a figurative sense, the American economy has enjoyed lots of low-hanging fruit since at least the seventeenth century, whether it be free land, lots of immigrant labor, or powerful new technologies. Yet during the last forty years, that low-hanging fruit started disappearing, and we started pretending it was still there. We have failed to recognize that we are at a technological plateau and the trees are more bare than we would like to think.

Det er openbart at det ikkje lenger er så mykje gratis fruktbart eller produktivt land igjen i USA. Det er og forståeleg at etterkvart som utdanningsnivået aukar og fleire og fleire tar lengre utdanning blir produktivitetsveksten for kvart ekstra år med utdanning mindre og mindre. Det mest interessante i Cowen sin analyse er at han hevdar at vi har nådd eit teknologisk platå og at teknologien ikkje lenger kan drive økonomien. Han seier at dei store kvantespranga er over. Alle har elektrisitet, innlagt vatn, telefon og transport. Det å gå frå eit kjøleskap på 60 liter til eit på 240 liter med isbitmaskin er ikkje eit kvantesprang, men ei ganske lita gradsforbedring. Det var noko heilt anna då vi for første gong fekk mulegheita til å fryse eller halde maten vår kald.

Han skriv:

Across the years 1965 to 1989, employment in research and development doubled in the United States, tripled in West Germany and France, and quadrupled in Japan. Meanwhile, economic growth has slowed down in those same countries, and the number of patents from those countries has remained fairly steady. The United States produced more patents in 1966 (54,600) than in 1993 (53,200). “Patents per researcher” has been falling for most of the twentieth century.

Med dette meiner han å seie at trass i internettrevolusjonen så har vi ikkje sett ny teknologiar som verkeleg endrar måten vi lever på. Som han seier, teleportering ville endra måten vi lever på, ein internetttilkopla bil med GPS gjer ikkje det.

A lot of our recent innovations are “private goods” rather than “public s.” Contemporary innovation often takes the form of expanding positions of economic and political privilege, extracting resources from the government by lobbying, seeking the sometimes extreme protections of intellectual property laws, and producing goods that are exclusive or status related rather than universal, private rather than public; think twenty-five seasons of new, fall season Gucci handbags.

og

Keep in mind that median income growth has been slow, and stock prices—the valuation of capital—haven’t made lasting progress in a long time. As of the fall of 2010, the S&P 500 is more or less back where it had been in the mid-1990s. As economist Michael Mandel puts it, if neither labor nor capital is reaping much gain, can we really trust the productivity numbers

og

“Discovering who isn’t producing very much and firing them” has been the biggest productivity gain in the last few years.

Dette er spennande tankar å utvikle vidare. Det er interessant korleis han tar eit “oppgjer” med internetthypen frå dei siste åra.

Most Web activities do not generate jobs and revenue at the rate of technological breakthroughs. When Ford and General Motors were growing in the early part of the twentieth century, they created millions of jobs and helped build Detroit into a top-tier U.S. city. Today, Facebook creates a lot of voyeuristic pleasure, but the company doesn’t employ many people and hasn’t done much for Palo Alto; a lot of the “work” is performed more or less automatically by the software and the servers. You could say that the real work is done by its users, in their spare time and as a form of leisure. Web 2.0 is not filling government coffers or supporting many families, even though it’s been great for users, programmers, and some information technology specialists. Everyone on the Web has heard of Twitter, but as of Fall 2010, only about three hundred people work there. Let’s go down the list and look at the (approximate) employment figures for some of the top Web companies: Online Industry Employment Levels Google–20,000 Facebook–1,700+ eBay–16,400 Twitter–300

No er dei tala han bruker ikkje inkludert alt av støttenæringar som spring opp rundt desse internettbedriftene, men det er ingen tvil om at Google eller Facebook på langt nær skaper like mange jobbar som dei gamle industribedriftene gjorde. Minst like interessant der det at desse bedriftene heller ikkje tener så mykje pengar at skatteinntektene gjer det muleg å understøtte ein velferdstat eller betale pensjon til folk som ikkje er i arbeid. Sjølvsagt har internett ein verdi utover det reint pengemessige. Du kan lese meir om Cowen sine tankar om det her. No skal det seiast at han avsluttar boka med ei optimistisk tru på at internett og smarte maskinar framleis kan vise seg å vere det gjennombrotet som er med på å skape nye lågthengande fruktar

Alt dette får sjølvsagt stor betydning for inntekta og inntektsfordelinga I samfunnet. Denne grafen viser korleis utviklinga har vore I USA.

Henta frå Wikipedia på engelsk, http://en.wikipedia.org/wiki/Median_household_income

Medianinntekta stig mykje mindre enn veksten i bruttonasjonalprodukt. Fram til ca 1975 så steig medianinntekta heilt i takt med veksten i BNP. Så endringa er valdsam etter den tid. Her finn vi nok mykje av grunnlaget for framgangen til høgresida i USA. I eit land utan sterke fagforeininger som kan kjempe for likheit der den jamne mann og kvinne ser at eiga inntekt ikkje veks medan dei rikaste berre blir rikare er det ikkje rart at skattelette blir eit av dei viktigaste politiske tema. I Noreg har det og vore skilnad, men på langt nær så stor. Frå 1990 til 2007 steig realverdien av medianinntekta etter skatt med over 40 prosent, medan BNP steig med over 70 prosent frå 1990 til 2010

Korleis skulle vi tolke dette i ein norsk samanheng?

Her har vi og hatt store lågthengande fruktar som vi har plukka, kanskje har dei viktigaste vore stor tilgang på naturressursar (olje, vasskraft og fisk) og sterk auke i kvinner si yrkesdeltaking, samt ein valdsam vekst i utdanningsnivået. Eg trur vi har tatt ut mesteparten av potensialet innafor yrkesdeltaking og utdanning. Og vi veit at olja kjem til å ta slutt.

Dersom vi trur på denne analysen viser det at behovet for å legge om frå ein oljebasert økonomi til ein annan type økonomi er påtrengande. Dersom vi ikkje gjer og ikkje finne nye lågthengande fruktar er det stor fare for at også vi kan oppleve ein økonomi som veks, men der det ikkje blir skapt arbeid og inntekt for vanlege folk.

Vi må starte omlegginga no, om vi skal vere klare med noko nytt når dei siste søte oljeepla er plukka.

Standard
Feature, Fylkesting, Troms og Tromsø

Arbeidarpartiet vel Høgre

Pia Svensgård, Aps fylkesrådsleiar vel å halde fram samarbeidet med Høgre, framfor å velge ein sentrum-venstrekoalisjon. Foto: Troms Ap/Flickr

Nok ein gong ser det ut til at Troms Arbeidarparti vel å samarbeid med Høgre framfor å prøve å få til eit Sentrum/Venstre-samarbeid. Det er vanskeleg å tolke dette på noko anna måte enn som eit bevist politisk val av Troms Ap.

Fylkestinget i Troms har 39 medlemmar, og valresultatet gav den følgjande samansettinga:

  • AP    12
  • SV     2
  • Rødt   1
  • SP     3
  • KRF    1
  • V       2
  • H       9
  • FRP   6
  • KYST  1

Det er med andre ord fleirtal for ein koalisjon av AP, SV, Sp og V, eller om det er for høgrevridd for Ap så er det og fleirtal for Ap, Sp, Krf, V og Kystpartiet. Eg meiner det seier mykje om Ap at dei ikkje har prøvd å få på plass ein einaste av desse mulege koalisjonane. I reklamane i valkampen ba Ap oss gjere eit verdival i fylkestingsvalet – det kan verke som Ap har har valt verdiane til høgresida.

Eg har vanskar å sjå korfor Arbeidarpartiet gjer som dei gjer. Det kan jo sjølvsagt vere fordi høgrefolka på fylkestinget er trivelege folk, men eg synst det er ein dårleg grunn. Då gjenstår det tre viktige politiske grunnar til at Ap gjer som dei gjer. Det som skjer er berre politisk fornuftig dersom Ap er opptatt av å halde fram med å legge ned distriktsskolar, dersom dei ikkje er interessert i å gjere noko med anbudsutsettinga av kollektivtrafikken og dersom det å arbeide hardt for oljeutvinning er det viktigaste.

Eg lurer på kva resten av Troms Ap seier til dei vala toppane i fylkestingsgruppa har foretatt? Det kan jo ikkje vere på grunn av næringspolitikken til Høgre.

Standard
Feature

Verdt å lese 17.09.11

Dersom du er interessert i å lese om utviklinga i SV, så har det blitt skrive fleire gode bloggpostar om partiet i tida etter valet. Sjølv har eg skrive litt om korleis vi kan utvikle partiet framover, og litt om regjeringsdiskusjonen. Thomas Tallaksen har skrive fleire gode postar som er verd å lese, sjølv om eg er usamd med motstanden hans mot uravstemming. Christer Gulbrandsen har interessante tankar her.

Men alt handlar ikkje om SV. I Nordlys kan vi lese at Tromsø engasjerer seg for å stoppe avrettinga av Troy Williams, men vi kan kanskje ikkje rekne med at det held fram når Jan Blomseth no blir byråd. For Nordlys må det forøvrig vere ei kjempeutfordring at Avisa Nordland no er blitt størst i nord.

Ein annan ting som kan bli stort er gruvenæringa, treng vi då eit mineralstatoil? Ei anna stor næring i nord som er under press frå oljenæringa er fiskeria. Dei varslar no aksjonar mot seismikkskyting. Men det er og andre store diskusjonar i fiskerinæringa, framleis står kyst mot hav. Men, med dei aukande havtemperaturane er det uansett nye artar dei må fiske etter i framtida.

Det er kanskje ikkje så mykje fisking i elvene og kloakkane i London, men underleg nok kan tunellane vere vakre. Det er ikkje like vakkert at Miljöpartiet i Sverige er blitt eit borgarleg parti, men det stemmer med Brynmor Evans sine utsegn til iTromsø i valkampen; “Folk tror vi er radikale fordi vi har en radikal miljøpolitikk, men vi er ikke radikale i den økonomiske politikken”.

Til slutt kan det vere verd å spørje om venstresida er for opptatt av kuturell tilhørigheit, det gjer i alle fall Jens-Martin Eriksen i boka “Adskillelsens politikk” om vi skal tru Klassekampen.

 

Standard