EU,Feature,Økonomi,Sosialisme

La Hellas gå konkurs

Protestar mot nedskjæringar i Hellas. Foto: Flickr/edrick's Sister's brother's Sony DSC-S40

Ingen har ønska seg dagens krise i Europa, men det som skjer er likevel eit uttrykk for ein villa politikk. EU sine fire fridomar og innføringa av euroen er grunnlaget for den krisa vi ser i dag. EU-systemet endrar makttilhøva i arbeidslivet, høg arbeidsløyse reduserer fagrørsla si makt – det er grunnen både til krisa og dei stadige angrepa på rettane til arbeidsfolk.

Då Hellas innførte euroen skjedde det to svært viktig ting. Renta gjekk kraftig ned, pengane vart billige. Investorar verda over fann ut at alle eurolanda plutseleg var like sikre betalarar og at det dermed var logisk å krevje same rente av Hellas som av Tyskland. Det betydde at Hellas kunne låne pengar og bruke til kva dei måtte ønske. Dei importerte tyske renter utan å importere tysk budsjettdisiplin.

Det andre som skjedde var at Hellas ikkje lenger hadde mulegheit til å devaluere for å  gjere gjelda muleg å bære. Eit land som USA kan aldri gå konkurs. Vi høyrer mykje om den store amerikanske statsgjelda, men med mindre USA vil, kan ikkje USA gå konkurs. Deira lån er i amerikanske dollar. Blir gjelda for stor er det enkelt for USA å sette i gang trykkpressa og trykke nok dollar til å betale gjelda. Denne mulegheita har ikkje Hellas, eller nokre av dei andre eurolanda.

Då er alternativet det som blir kalla intern devaluering. Kva er ei intern devaluering?

Det er å sette ned lønene til vanlege arbeidsfolk i eit land. Då blir produksjonen billigare, eksporten går betre og gjelda kan kanskje vere muleg å betale. Mange land har prøvd seg på denne kuren, Argentina, CFA-området, dei baltiske landa. For dei fleste gjekk det svært dårleg. Argentina måtte til slutt bryte banda til dollaren og devaluere, dei baltiske landa endte opp med kraftig nedgang i BNP og svært mykje lågare lønningar for folk flest.

Ei intern devaluering fører (nesten) alltid til nedgang i BNP, noko som betyr at gjelda blir vanskelegare å bære. Fleire peiker no på at den interne devalueringa i Hellas, gjer at gjelda vil stige frå dagens umulege nivå til opp mot 200% av BNP.

Konkursen er så godt som uunngåeleg.

Men i dagens diskusjon er det stort fokus på bankar, statsgjeld, obligsjonar og investorar. Det er mykje mindre fokus på dei som må bære byrda med ei intern devaluering.

I Hellas har lønene gått ned med rundt 30 prosent, både i privat og offentleg sektor. 100 000 offentleg tilsette er blitt sagt opp, pensjonane er gått kraftig ned og skattane aukar kraftig. Eit litt tilfeldig valt eksempel er ein funksjonær i kommunen, der har løna gått ned frå ca 11000 til ca 7500 kroner, samstundes har momsen auka frå 13 til 23 prosent, alle har fått ekstra inntektsskatt på mellom ein og fire prosent og det er innført ein betydeleg eigedomsskatt.

Så skal det seiast at grekarane kanskje ikkje alltid har vore dei flinkaste til å betale skatten sin, verken med glede eller med sorg, spesielt rike grekarar har unnlatt å betale. Men det er vanlege folk som no får byrda.

Kort oppsummert dersom eit land devaluerer er det bankane og investorane som må ta tapet, med ei intern devaluering (i alle fall i første omgang), medan ei intern devaluering belaster arbeidsfolk mest. No må EU la Hellas gå “konkurs”, gjelda må bankast ned. Så får vi heller handtere den bankkrisa som kanskje kjem. Det er betre å la bankar bli nasjonaliserte enn å la vanlege folk bere byrda.

 

PS. Eg veit dette er forenkla, ei bankkrise vil og ha store konsekvensar for vanlege folk, men eg trur konsekvensane blir mykje mindre.

Standard