Eg har hatt ei liknande oppleving som du med det offentlege helsevesenet og med bruk av private. Openbart at ting kan bli betre. Eg trur noko av problemet er at einingane er blitt så store at dei er blitt ustyrlege. Det fører ikkje til større effektivitet, eg trur for eksempel at den samanslåinga av sjukehusa vi ser i Oslo no må gå galt. Og, ja, eg trur det kan vere fornuftig med nokre institusjonar utanfor det offentlege – drive av ideelle organisasjonar eller liknande.