Islam, kristendom eller religion?

Ein saudiarabisk moske

Per Willy Amundsen har ein interessant kronikk i Aftenposten i dag. Han skriv at han er kritisk til islam fordi islam ikkje har gått gjennom ein reformasjon og opna for ei vitskapleg utvikling. Så kan ein jo ha det artig med at Frp hald seg med den uvitskaplege meininga at det ikkje finst menneskeskapte klimaendringar, men det får vere til ein annan gong.

Amundsen held fram dette som kjerna i debatten:

Problemet med islam er ikke primært terrorisme og selvmordsbombere, selv om det er skremmende nok i seg selv. Problemet er hvordan islam brukes som en ideologi, juridisk og politisk. Slik endres fundamentale forutsetninger for å videreføre vår samfunnsmodell gjennom en altfor rask innvandring, som integreringstiltak ikke klarer å løse, grunnet en manglende bevissthet fra politisk hold.

Eg hadde vore samd med Amundsens første og andre setning, i alle fall i grove trekk, om han hadde bytta ut islam med religion i avsnittet over. Men dersom vi ser vidare på det Amundsen skriv så er det viktig at vi har ein del fakta i botn. Mellom anna er det viktig å vite at innvandringa frå kristne land er større enn innvandringa frå muslimske land. Det skulle bety at det er lite som tyder på at muslimane er i ferd med å ta over Noreg.

Ein saudiarabisk moske
Religion er problematisk, sjølv om arkitekturen kan vere strålande. Denne moskeen er frå Jeddah i Saudi-Arabia. Utfordringa er å unngå at religion får dominere og legge grunnlaget for den politiske debatten. Foto: Wikipedia Commons/User:Laitche
Det er eit kjempeproblem når religiøse argument blir dei viktigaste i ein politisk debatt. Men dette er ikkje ein situasjon som er eineståande i islamske land. Ein treng ikkje følgje amerikansk politisk debatt med meir ein eit halvt auge for å forstå at situasjonen i USA, i stor grad, er nettopp at religiøse argument utan vitskapleg forankring blir grunnleggande i den politiske debatten. Dette gjeld moralske og etiske spørsmål som abort og homofili, men og på område som vitskapen har gjeve hos klåre svar på. Eit godt døme er debatten om evolusjon kontra kreasjonisme. Evolusjon er kanskje ein av dei vitskaplege teoriane som har høgast sannsynlegheit for å vere rett, men blir likevel avvist av mange kristne og andre religiøse fordi det strir mot deira forståing av Bibelen, Koranen eller andre trusvedkjenningar. Det må vere ein gud som har skapt oss, blir det hevda

Det er dessverre ikkje berre i USA kristendomen legg store delar av grunnlaget for den politiske debatten. Dersom vi tar ein titt på kristne land i Afrika opplever vi mykje av det same, spesielt knytt opp mot homofili. Store delar av den anglikanske kyrkja i Afrika ønsker å bryte med erkebiskopen i Canterbury fordi han er for liberal i homofilispørsmålet.

I Europa og Noreg har vi heldigvis ein snill og ganske så ufarleg kristendom. Men vi skal ikkje mange år attende før vi tydeleg ser i Noreg og at kristendomen og religiøse argument var førande i den politiske debatten, til dømes om ytringsfridom. Både Bjørneboe og Mykle opplevde dette.

Utfordringa er ikkje islam eller kristendom, men religion.

Svært interessant blir kronikken til når Amundsen koplar islam og økonomi. Amundsen skriv:

For: Se deg litt rundt i verden. Hvorfor tilhører majoriteten av landene i den muslimske verden, på tross av sine mange naturressurser og rikdommer, likevel det vi betegner som utviklingsland?

Det er mange svar på dette spørsmålet og kanskje er det og ei lita samankopling mellom økonomisk utvikling og kulturen i landa. Men vi skal og huske at den økonomiske framgangen i Europa, utviklinga av våpen og banksystem som la grunnlaget for den europeiske dominansen av verda oppstod lenge før renessansen, før protestantismen, lenge før “fornuften triumferte og vi endelig kunne frigjøre oss fra pave- og kirkemakt”. Då er det ikkje usannsynleg at vi må leite bak islam og kristendom for å finne svaret på korfor vi har fått den økonomiske utviklinga i verda som vi har. Det er andre og mykje meir fundametale krefter som har påverka den økonomiske utviklinga i verda. Eg vil rå Amundsen til å lese litt Marx og boka “Guns, Germs, and Steel” av Jared Diamond som nettopp kom ut på norsk. Geografi, naturressursar, plantemateriale og klimaendringar er nok viktigare faktorar enn islam.

Det Amundsen skal ha er at kronikken er eit godt skrive og intellektualisert forsvar for Frp sin menneskefiendlege innvandringspolitikk. Ikkje meir, ikkje mindre.

For øvrig er eg samd med desse fyndorda frå Amundsen:

Ta dette innover deg, uansett religion: islam og kristendommen i sine fundamentalistiske råversjoner, er alltid uhyggelige. Opp gjennom historien er begge kjennetegnet med krig, vold og hat.