Fridtjof Nansen
Feature, Politikk

Amnesti no!

 

Fridtjof Nansen

Vi er stolte av Nansen, men er vi arva etter han verdig? Foto: Anders Beer Wilse/Nasjonalbiblioteket

Yalda skal sendast ut av landet, foreldra blir sendt til kvart sitt land. Ho har budd her i fem år, over av halvparten av livet sitt. Er det farleg for oss om ho får bli?

Allan på tre år har fått avslag på søknaden sin om opphald i Noreg, landet der han er født og har levd heile livet sitt. Det kalde brevet seier han skal ut av landet, sjølv om foreldra enno ikkje har fått avslag. Er det farleg for oss om han får bli?

Yalda og Allen er berre nokre få døme på kor umenneskelg den norske flyktningepolitikken er. Vi må la bara sitt beste vere styrande også for utlendingepolitikken.

Tre ting må skje

  1. Det må umiddelbart bli gitt amnesti for alle barn og foreldra deira som har budd i Noreg i tre år eller lenger.
  2. Vaksne asylsøkjarar som har vore meir enn fem år i Noreg må få amnesti. Vi kan ikkje krevje at folk skal leve i uvisse for alltid.
  3. Dei som er ureturnerbare er faktisk ureturnebare. Då må dei få lov til å jobbe, betale skatt og skape seg eit liv utan å leve i uvisse

Eit slikt amnesti er gjennomført i mange land i Europa. No er det Noreg sin tur. Eit slikt amnesti vil frigjere sakshandsamarar i UDI slik at søknader kan bli behandla raskt. Dei som ikkje skal få bli må sendast ut raskt.

Skriv under på kampanjen for å la Yalda bli.

Standard
Ivar Aasen på Karl Johans gate
Feature, Skole

Nynorsk – eit frigjeringsprosjekt

Ivar Aasen på Karl Johans gate

Ivar Aasen sitt språk var eit frigjeringsprosjekt, her er han på Karl Johans gate, der dei dansk-norske embetsfolka regjerte. Foto: Carl Størmer, henta frå Nasjonalbiblioteket

Nynorsken oppsto som eit frigjeringsprosjekt. Dei som skapte og bar fram det som var landsmålet og som no er nynorsken har vore nokre av dei viktigaste aktørane for å skape eit norsk språk for alle, ein norsk kultur for andre enn eliten og for å vise fram den intellektuelle kapasiteten som finst utanfor dei store byane. Nynorsken frigjorde oss frå det danske embedsmannspråket og også bokmålet er blitt betre på grunn av det.

Slik var nynorsken. Spørsmålet er om nynorsken framleis er eit frigjeringsprosjekt. Eg er usikker må eg innrømme. For meg er nynorsken frigjerande. Det at eg kan skrive “eg” og “ikkje” i staden for “jeg” og “ikke” er viktig og frigjerande for meg. Eg bytta frå bokmål til nynorsk i tredje klasse på gymnaset. Delvis for å plage norsklæraren min, delvis for at språket sto meg nærmare.

Men, eg er ikkje sikker på at nynorsken blir opplevd som frigjerande for det store fleirtalet av nordmenn.

Eg trur dessverre ikkje det er slik at nynorsken blir oppfatta som eit språk det er enklare å uttrykke tankane sine klårt og fornuftig på enn bokmål. Samstundes er det ikkje noko tvil om at det talemålsnære språket verkar frigjerande, sjå berre på bruken av dialekt i mange settingar, blogg, sms, chat osb.

Det som er utfordringa for oss som trur nynorsken kan verke frigjerande for mange er å få fjerna mange av dei stigma som er knytt til nynorsken. Eg er ikkje sikker på korleis vi skal få det til, men eg er heilt sikker på at måten nynorsken blir undervist i norske skolar per i dag ikkje er vegen å gå.

Derfor helsar eg velkommen debatten som går no. Nynorsken si framtid er ikkje avhengig av karakterar og eksamenar, men av at han nok ein gong blir frigjerande. Det er den viktige debatten vi må ta.  Korleis legg vi opp ei undervisning som gjev ungdom reell moglegheit til å bruke språket for å uttrykke seg? Makter vi det, makter vi og å styrke nynorsken, og viktigare vi gjev fleire eit verkty for å uttrykke seg slik dei vil.

Standard
Audun Lysbakken og Heikki Holmås
Feature, SV

Leiarvalet i SV

Audun Lysbakken og Heikki Holmås

Audun Lysbakken og Heikki Holmås strir om å bli ny leiar i SV. Eg synst kanskje nestleiarvalet er vel så viktig. Foto: Stig Weston

Eg har lenge tenkt at eg burde skrive noko om leiarvalet i SV. Men, eg må innrømme at eg slit med engasjementet. Eg likar både Heikki Holmås og Audun Lysbakken. Begge blir utmerka leiarar for SV. Eg har stemt på Heikki, fordi eg alt i alt trur han er betre til å kommunisere politikken vår. Eg er derimot mykje meir engasjert i nestleiarvalet i partiet.

Dersom Lysbakken blir ny leiar skal det utvilsamt veljast ein ny nestleiar på landsmøtet. Dersom det blir Holmås er eg litt meir usikker på om nestleiarvalet kjem på dette landsmøtet eller neste. Uansett skal vi i løpet av kort tid velje minst ein ny nestleiar. Der har vi moglegheit til å gjere nokre grep.

Vi treng ein nestleiar som ikkje er lik den leiinga vi har i dag. Eg liker Lysbakken, Solhjell og Tveitdahl, samt Halvorsen. Men ingen skal få meg til å tru at for eksempel Ingrid Fiskaa eller Inga Marte Thorkildsen vil tilføre den leiinga nye måtar å sjå verda på, anna erfaringsbakgrunn eller oppleving av ei anna verkelegheit.

Når vi no skal finne ein ny nestleiar må vi finne ei som ikkje bur i Oslo eller Bergen. Ei som har ein annan alder enn dei andre i leiinga, ei som ikkje går i korridorane på Stortinget eller katekombene mellom regjeringsbygga.

Vi har mange slike dyktige damer i partiet. Damer som har mykje å tilføre partiet og partileiinga. Ein av fleire personar som eg håper valkomiteen vurderer er Kari Ystgård. Som lærar og tidlegare ordførar i Namskogan lever ho i ein annan røyndom enn storbyens, og ho har vist at ho kan vinne val.

Den kunnskapen treng partileiinga. Vi treng folk som Ysgård i partileiinga. Det kan vere andre der ute som er like god eller betre, men la det i alle fall vere ei som kan tilføre noko nytt.

 

[poll id=»14″]

 

 

Standard
Feature, Olje, USA

USA betre enn Noreg på klima

Dette biletet frå Athabasca i Alberta viser eit lite utsnitt av øydeleggingane utvinning av oljesand utset naturen for. Det øverste biletet er frå 1984, det nederste frå 2011. Foto: NASA Earth Observatory

Det er ganske utruleg, men dessverre sant. Der norske styresmakter ikkje legg seg opp i at Statoil utvinn den mest klimaøydeleggande olja i verda frå sand i Canada, har president Obama sagt nei til ei røyrledning som skal føre denne olja til den amerikanske marknaden.

Prosjektet gjeld Keystone XL som skulle føre olje frå sandbankane i Alberta til raffineria ved Mexicogolfen. Det har blitt ført ein lang kamp frå miljørørsla i USA som no er krona med siger – i alle fall i første omgang.

Tilbake i oljelandet så kunne eg inderleg ønska meg ein oljeminister som hadde tilnærma same guts og ståpåvilje som næringsministeren. Det hadde vore fantastisk om Ole Borten Moe kunne gje tydelege styringssignal til Statoil om at Norge ikkje skulle bidra til utvinning av oljesand, om det skjer på SMS, uformelt eller formelt er ikkje så viktig. Det viktige er at det skjer.

Det er ganske paradoksalt at vi øydelegg framtida for å tene pengar som vi skal spare for framtida.

Les meir om Keystone her

 

 

 

 

Standard
Feature, Olje, Økonomi

La olja ligge

Vi treng ikkje ta opp olja i Barentshavet no. Foto: Tim Thomsen

I dag vart vi møtt av nyheita om at Statoil har funne meir olje i Barentshavet. Det er ei gladmelding. Olje er viktig for energiforsyninga vår og det er eit viktig kjemikalie i mange typar industri. Men vi treng ikkje ta opp olja no – vi har råd til å vente.

  • Olja kjem ikkje til å bli verdilaus i overskueleg framtid. Det kan aksjane våre på internasjonale børsar bli.
  • Noreg treng ikkje pengane.
  • Derimot treng vi å flytte pengar, folk og kompetanse frå oljesektoren til andre industriar og over til investering i infrastruktur. Vi blir svært sårbare dersom vi berre har olja.
  • Vi står framfor store klimaendringar. Det er vår plikt å hjelpe til med å redusere utsleppa av klimagassar.
  • Den beste måten å redusere klimagassutsleppa på er ved å redusere utvinninga av olje. Det fører til høgare prisar, meir satsing på energieffektivitet og meir satsing på alternative energikjelder.

Klimaendringane er den største utfordringa verda har. Derfor må det ligge til grunn når vi skal ta stilling til oljeutvinning både på Skrugard og på det nye feltet.

Vi bør no bli samde om at vi ventar i 20 år før vi tar stilling til utvinning av denne olja i Barentshavet. Vi har råd til det, klimaet har godt av det, og vi treng ikkje pengane.

Alt taler for å vente.

OPPDATERT: Saka blir ikkje mindre viktig av at Statoil no meiner dei har knekt Barentshavkoden. Skal vi faktisk legge alle egga våre i ei korg?

Standard