Hei Liselotte, SV er vel omtrent så prinsippielt som mogleg. I prinsipprogrammet står det:
«I eit demokrati kan ikkje viktige samfunnsposisjonar gå i  arv. SV vil difor avskafe monarkiet og innføre republikk som styringsform i Noreg.»

SV har fremma grunnlovsframlegg i kvart einaste Storting om at Noreg skal bli republikk. Kva som manglar for at SV skal vere prinsippfaste nok?

Eg snakkar vel ikkje eigentleg til ei einaste fløy i partiet, eg gjer meg berre nokre tankar om at vi no i 40 år har foreslått å avskaffe kongedømet, og ikkje ein einaste gong har det vore i nærleiken av å vere to tredjedels fleirtal på Stortinget for dette, trur ikkje ein gong vi har vore i nærleiken av ein tredjedel av stemmene. Då er det kanskje på tide å tenke nytt?

Dei verkeleg store endringane av grunnloven har ikkje skjedd gjennom grunnlovsvedtak. For eksempel innføringa av parlamentarisme er eit brot på grunnloven sånn som han er skriven. Men er blitt sedvane og derigjennom endra grunnloven.

Eg trur dessverre det er så godt som umogleg å få avskaffa kongedømet gjennom vedtak i Stortinget (då må både Høgre, Ap og sannsynlegvis Frp bli samde med SV om at det er ein god ide). Slik eg ser det kan kongedømet i Noreg bli avskaffa på to måter. 1. Gjennom at Håkon seier nei til å overta som konge, eller 2 gjennom at vi venner Stortinget til å velge konge. Før eller seinare oppstår ein situasjon der den sitande kongen gjer noko dumt, og eit fleirtal på Stortinget vel å kaste han og velge ein ny konge. Då har vi i realiteten innført republikk, berre det at namnet på presidenten blir konge. Har Stortinget først avsett kongen/presidenten ein gong så blir terskelen for å gjere det på nytt lågare.

Dersom du har forslag til andre strategiar, del dei gjerne med meg.