Hei Håkon, beklager at det har tatt litt tid før du får svar. Eg skal ta det heile punktvis.

1. Om børsane fell i null forsvinn verdien av aksjar og obligasjonar. Den verdien får vi ikkje tilbake, olja vil derimot gjenvinne verdien sin når økonomien kjem på fote. Totalt i null går det nok ikkje, men det er større sjanse for store tap på verdipapir enn på olja som ligg på botn av havet. Det er lenge sidan det var krakk i Haltenbanken. Forøvrig så er det vel statsobligasjonar som har hatt dei største problema i det siste, ikkje aksjar.

2. Den største formuen vi har i landet er ikkje oljeformuen. Sjå grafen under her:

Så lenge vi har arbeid skal vi greie å betale pensjonane. Arbeid er alltid utfordringa, og då kan vi ikkje gjere oss totalt avhengig av ein sektor.

3. Eg har ikkje tenkt å fortelle kva for ein bransje vi skal satse på, men eg er heilt sikker på at ein av grunnane til at norsk industri slit er mangel på fagfolk og at dei må konkurrere med svært høge løner i oljesektoren. Potensialet er stort i mange sektorar i Noreg. Då trengst arbedsfolk, kompetanse og kapital. I dag forsvinn for mykje av dette inn i oljesektoren.

Skal vi investere meir i infrastruktur må vi flytte investeringsmiddel frå oljesektoren og til andre sektorar. I år skal det investerast 200 milliardar i oljesektoren. Lat oss seie at vi halverer dette. Det vil frigjere kapital til investering i andre sektorar – også infrastruktur utan at vi fjerner oljesektoren, vi berre avgrensar veksten.

4. Norsk olje har låge innhald av svovel og andre ting. CO2 er kopla til energiinnhaldet og er likt. Utvinning av norsk olje slepp ut 25 prosent meir CO2 enn det som skjer i Midt-Austen. (sjå denne: http://dagogtid.no/nyhet.cfm?nyhetid=2192)

5. Eg har aldri hevda at vi skal legge ned oljesektoren. Eg vil begrense veksten. Det vil likevel vere nok aktivitet til å halde oppe kompetansen.