Audun Lysbakken og Heikki Holmås
Feature,SV

Leiarvalet i SV

Audun Lysbakken og Heikki Holmås

Audun Lysbakken og Heikki Holmås strir om å bli ny leiar i SV. Eg synst kanskje nestleiarvalet er vel så viktig. Foto: Stig Weston

Eg har lenge tenkt at eg burde skrive noko om leiarvalet i SV. Men, eg må innrømme at eg slit med engasjementet. Eg likar både Heikki Holmås og Audun Lysbakken. Begge blir utmerka leiarar for SV. Eg har stemt på Heikki, fordi eg alt i alt trur han er betre til å kommunisere politikken vår. Eg er derimot mykje meir engasjert i nestleiarvalet i partiet.

Dersom Lysbakken blir ny leiar skal det utvilsamt veljast ein ny nestleiar på landsmøtet. Dersom det blir Holmås er eg litt meir usikker på om nestleiarvalet kjem på dette landsmøtet eller neste. Uansett skal vi i løpet av kort tid velje minst ein ny nestleiar. Der har vi moglegheit til å gjere nokre grep.

Vi treng ein nestleiar som ikkje er lik den leiinga vi har i dag. Eg liker Lysbakken, Solhjell og Tveitdahl, samt Halvorsen. Men ingen skal få meg til å tru at for eksempel Ingrid Fiskaa eller Inga Marte Thorkildsen vil tilføre den leiinga nye måtar å sjå verda på, anna erfaringsbakgrunn eller oppleving av ei anna verkelegheit.

Når vi no skal finne ein ny nestleiar må vi finne ei som ikkje bur i Oslo eller Bergen. Ei som har ein annan alder enn dei andre i leiinga, ei som ikkje går i korridorane på Stortinget eller katekombene mellom regjeringsbygga.

Vi har mange slike dyktige damer i partiet. Damer som har mykje å tilføre partiet og partileiinga. Ein av fleire personar som eg håper valkomiteen vurderer er Kari Ystgård. Som lærar og tidlegare ordførar i Namskogan lever ho i ein annan røyndom enn storbyens, og ho har vist at ho kan vinne val.

Den kunnskapen treng partileiinga. Vi treng folk som Ysgård i partileiinga. Det kan vere andre der ute som er like god eller betre, men la det i alle fall vere ei som kan tilføre noko nytt.

 

[poll id=»14″]

 

 

Standard

Tankar om “Leiarvalet i SV

    • Ellen er eit godt alternativ, trur dessverre ho ikkje vil. Vi har mange dyktige damer her nord. Mona Fagerås og Kirsti Bergstø er andre god namn. Hovudpoenget mitt er at vi treng andre ståstader enn det vi no har i leiinga for at heilskapen skal bli bra

  1. Stian Oen says:

    Aldri personval i SV utan at det kjem framlegg på kandidatar som dei fleste av oss aldri har høyrt om før, verkar det som. Kva kan det seie oss, skal tru? I mine auge vert grunngjevinga – at me treng «andre ståstadar» enn partimiljøet i Oslo – for enkel. Ikkje med det sagt at eg ikkje trur du meiner det, altså. Men årsaka til at det kjem slike framlegg trur eg for eigen del handlar meir om at me grunnleggjande ikkje er nøgde med eige parti- og organisasjonsarbeid. Å verte betre på det er ei mildt sagt krevjande oppgåve, og det er ikkje rart at me grip til tankar og framlegg av ulike slag. Men skal me verte betre på parti- og organisasjonsarbeid trur eg me skal byrje der. Å gjere framlegg om «lokale heltar» kan ein seie mykje om, men det har sjeldan vist seg å gjere den heilt store skilnaden, korkje politisk eller organisatorisk.

    • Her har du gode poeng Stian. Det er ei kjempeutfordring i partiet at komunikasjon og informasjon fungerer dårleg oppover i partiet, og at mykje av det tradisjonelle partiarbeidet ikkje fungerer. Eg synst valkampen i år er eit godt døme. Nåra det tar til å gå dårleg finn vi ut at leiinga må ut i landet. Eg skjeønnere ikkje at vi ikkje planlegg slikt frå byrjinga. 

      Forøvrig, vi har ikkje hatt så mange ordførarar i dette partiet. Det at desse blir oppfatta som lokale heltar i staden for sentrale tillitsvalde er nok eit problem med korleis partiet fungerer.

      • Stian Oen says:

        Det er vel litt slik i andre parti også, at tillitsvalde som står særs sterkt lokalt slett ikkje treng vere særskilt godt kjende i resten av landet. Det til side; eg trur det kan ha mykje for seg å tenkje lagbyggjing når ein sit saman ei toppleiing. Det er vel kan hende noko me har sakna dei siste åra, med ei leiing der alle kappast om å disiplinere resten av partiet mest mogeleg, for å seie det litt sleivete. Ein kan seie mykje om det mangeårige samspelet mellom Øystein Djupedal og Kristin Halvorsen, og det var sjølvsagt ikkje så hyggeleg for dei av oss som fekk svi for det. Men det funka. Skal partileiinga vere for heile partiet må den ha folk som klarar å fylle alle rollene ei partileiing har. Slik er det nok diverre ikkje i dag, og eg ser det vel ikkje som opplagt at det vil verte slik etter landsmøte heller.

  2. Heikki er helt klart min favoritt av disse to, men jeg skulle gjerne sett Trøndelags svar på Hanna Kvalmo, tidligere ordfører i Namskogan Kari Ystgaard som nestleder. Det tror jeg hadde vært et skikkelig friskt innslag i den «urbane elite».

  3. Pingback: Eit stykkje av verda » Industrien er ein del av løysninga

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.