Kaos og litt politikk

Eg og Gunhild Johansen representerte SV i kommunestyret. Det var ein frustrerande dag. Foto: Terje Håkstad

I dag var det kommunestyremøte. Eg skulle ønska eg kunne rapportert om grundige politiske drøftingar om kva som er best for Tromsø og tromsøværingane. Dessverre er ikkje det hovudinntrykket frå kommunestyremøtet, sjølv om det var litt av det og.

Men, noko politikk vart handsama, reguleringsplanar vart vedtatt, samhandlingsreformen vart diskutert mellom andre ting. Det blir fortau langs Mellomvegen, så heilt forgjeves var ikkje møtet.

Samhandlingsreformen kan det seiast mykje om. Den handlar sjølvsagt om økonomi, og økonomi er sjølvsagt viktig. Men skal økonomien gå i hop er vi nøydde til å forebygge. Og, forebygging det er SV politikk. På sett og vis tvingar samhandlingsreformen fram meir SV-politikk. Vi kan ikkje sleppe laus alkoholserveringa, slik byrådet vil om vi skal forebygge, vi kan ikkje sleppe laus trafikken med dei støvproblema det medfører om vi skal forebygge dei problema særleg astmatikarar får. Vi kan ikkje føre ein skolepolitikk som medfører at gymsalar blir steng eller ikkje bygd om vi skal forebygge.

Eg er bekymra for at byrådet har eit alt for snevert fokus i denne saka. Det seier sitt når rapporteringa til kommunestyret skal skje i dei halvårlege økonomirapportane. Økonomi er viktig, men det kan ikkje vere det einaste og viktigaste kritieriet vi måler helse etter.

Dessverre var hovudinntrykket av møtet at det er uorganisert, med spelereglar om gjennomføringa som det ikkje er semje om. Noko har samband med at parlamentarismen ikkje har gått seg til, om han nokon gong kjem til å gjere det, noko har samanheng med ein ny og uerfaren ordførar som heller ikkje har planlagt møtet godt nok.

Eg synst det er ganske forunderleg at ordføraren ikkje har tatt høgde for at det blir interpellasjonar eller spørsmål når han set opp møteplanen. Resultatet av det er at verken min interpellasjon om anbudsutsettinga av bussane (basert på dette og dette blogginnlegget) eller Gunhid Johansen sin interpellasjon om situasjonen for Yalda vart handsama i kommunestyret. Eg håper det berre var dårleg planlegging, men der og då kjentes det som at vi vart fråtatt den demokratiske retten vi har til å få saker opp i kommunestyret.

Buchardts solur

Kan du sjå det for deg. Eit tårn sør i byen 18 etasjar. Det vil reint bli som eit solur som sprer skuggen sin over dei ulike delane av byen. Er det ikkje vakkert? Er det ikkje storslagent?

Tromsø er enno ein ganske liten by, både når det gjeld folketal og når det gjeld fine sentrale tomter å bygge på. Eg liker at byen veks, men veksten fører ikkje til at det blir fleire sentrale tomter. Tvert i mot. Eg trur vi skal tenke oss svært nøye om før vi bygger eit hotell på ei av dei finaste ledige tomtene i byen.

Tomta der teoribyggbrakkene står no trur eg bør brukast til andre ting. Eg meiner at vi først og fremst må gjere området tilgjengeleg for folk, helst som ein park som går frå kunstforeininga og ned til havet. Kanskje med lokk over Strandvegen? Dernest meiner eg vi må ta vare på den tomtereserven som ligg der for å kunne ha tomt til eit framtidig Nordområdemuseum, og til ei vidare utbygging av Framsenteret.

Buchardt må gjerne bygge hotell. Men ikkje på den tomta, og solur treng vi kanskje ikkje. Dei fleste av oss har klokke, i alle fall på mobilen.

Onkel Skrue – økolog og antikapitalist

Onkel Skrue kan sette i gang interessant samtalar om miljø og kapitalisme. Her frå «Donald Duck Jungel-eventyr» s154

Av og til er Donald Duck ein fantastisk inngang til å diskutere samfunnet med ungane. Når Skrue først vil høgge ned store delar av regnskogen for å lage eit kjempegardsbruk, for seinare å ombestemme seg etter å ha treft urbefolkninga i området og sett korleis dei lever av skogen.  

Son: Pappa, korfor er det nokon som vil høgge ned skogen?

Pappa: Fordi dei vil tene pengar på å selge tømmeret

Son: Men korfor brenn dei skogen?

Pappa: Fordi det blir lettare å komme til med store maskinar.

Son: Men Pappa, korfor er det så viktig med pengar?

Pappa: Det er viktig med pengar fordi vi heile tida ønsker oss nye ting. Nintendo 3DS, ski, skøyter osb.

Son: Men korleis lagar ein skøyter av regnskogen?

Pappa: Eh… Dessutan er det viktig med arbeidsplassar, sånn at dei som har lite pengar til mat og sånn får råd til det.

Son: Kva skjer med dyra i regnskogen?

Pappa: Dei døyr nok

Son: Eg får så dårleg samvett når eg høyrer om regnskogen og sånt. Og fabrikkar som slepp ut farleg røyk. Kan dei ikkje berre stoppe? Det var noko med 2020. Det er så lenge til

Pappa: Det er ikkje så lett å berre slutte…

Som du skjønna så er ikkje desse samtalane så enkle. Korleis forklare balansen mellom arbeid, inntekt og miljø på ein forståeleg måte til ein åtteåring.

Det er sånne spørsmål som gjorde meg til sosialist. Eg får håpe Onkel Skrue gjer mine ungar og til sosialistar.

Uansett, Onkel Skrue liknar litt på Tyskland (og Noreg). Sit og gnur på pengane og anklagar andre for å bruke for mykje – sjølv om det er deira bruk som held hjula i gang i Tyskland og gjer at Skrue blir stadig rikare.

Meir om «fritt» skoleval

I dag har Høgre-Frp byrådet innført fritt skoleval utan å vite konsekvensane av dette

I dag har byrådet vedtatt å innføre fritt skoleval. Det vedtaket har dei fatta på bakgrunn av eit notat som seier: «Segregeringstendensen vil kunne oppstå etter flere dimensjoner, for eksempel etter foreldrenes inntekt og utdanning, elevprestasjoner og etnisk bakgrunn. Dette er ikke bare  teori – internasjonale erfaringer, blant annet fra Sverige, Storbritannia og USA, synes å underbygge dette

Notatet påpeiker vidare at det kan vere ein effektivitetsgevinst i dette. I notatet står det: «På den andre siden viser forskningsresultater at fritt skolevalg gir en positiv effektivitetsgevinst, både i form av elevprestasjoner og i form av stabens produktivitet. Denne effekten har vært sterkest for skoler i urbane områder. Men forskere på dette området finner også grunn til å rette en advarende pekefinger i tilknytning til denne effekten. For det første er det grunn til å spørre om fokuseringen på elevprestasjoner kan bli for sterk. Dersom foreldrene baserer sitt valg på karakternivået, kan resultatet fort bli opportunistisk atferd fra skolenes side gjennom inflasjon i karakternivå»

Det kan med andre ord sjå ut som vi har eit val mellom effektivitet og rettferd. Mellom fridom for kvar enkelt og den fridomsgevinsten vi har i samfunnet gjennom små skilnader. Eg vel dei små skilnadene. Gevinsten i at ungar frå familiar med ulik økonomi og ulik bakgrunn er viktig for meg. Spesielt fordi vi veit at Tromsø er ein svært effektiv kommune med gode skolar, slik at eg tvilar på at det er så veldig mykje å hente på dette. Viste du at Tromsø kommune, styrt av dei raud-grøne i 12 år er 15 prosentpoeng meir effektiv enn den høgrestyrte Bærum kommune?

Eg synst og det er ganske spesielt at Høgre-Frp-byrådet går inn for «fritt» skoleval utan å vite konsekvensane av vedtaket sitt. Vedtaket i Høgre-Frp byrådet er (vedtaket i kursiv, mine kommentarar med vanleg skrift):

1. Det innføres fritt skolevalg i Tromsø kommune fra 1. august 2012.

Jepp – det har eg sagt noko om allereie

2. Byråden oppnevner et utvalg som utarbeider forslag til retningslinjer for søknad og saksbehandling knyttet til saksbehandling. Retningslinjene må blant annet inneholde søknadsfrister og gi anvisninger om hvordan søkere skal prioriteres. I utvalget bør det sitte representanter for skolelederne, arbeidstakerorganisasjonene og byråden. 

Synst det er direkte underleg å vedta «fritt» skoleval utan å ha gjort seg tankar om korleis ein skal prioritere søkarane – er ikkje det ganske viktig?

3. Byråden lager en plan for vurdering/evaluering av ordningen.

Lurt

4. Byråden utarbeider en forskrift om ordningen for Tromsø kommune.

Jada, det må til

5. Byråden foretar en juridisk vurdering av reglementet for skoleskyss i Tromsø kommune før iverksettelsen av ordningen. 

Jaha, så vi veit ikkje kva konsekvensar dette vil få for skoleskyssordning eller kostnader – interessant

6. Skolene gjennomgår egne arealer og elevtallsutvikling og –prognoser for å fastslå retningsgivende elevkapasitet. 

Det må vel til uansett

7. Byråden utarbeider skjema for søknad og gjør disse tilgjengelig på kommunens  nettsider sammen med en informasjon om ordningen. 

Skulle vel berre mangle

8. Byråden utreder hvilke kostnader som en ordning med fri skoleskyss vil medføre.

Ingen ting om kostnader – sært

 

Det vi godt kan diskutere er om fleire burde få godkjent søknaden sin om flytting av skole. I 2011 kom det inn 61 søknader om bytte av skole. 43 av søknadene vart innvilga. Kanskje burde nokre fleire fått lov. Eg veit ikkje, men eg er heilt sikker på at set vi i verk dette store sytstemet, så kjem det til å få konsekvensar. Eg trur dei for det meste vil bli negative, men håper eg tar feil.

 

[poll id=»15″]

Fritt skoleval – for kven?

Byrådet i Tromsø vil ha fritt skoleval i byen. Dei vil at alle skal kunne fritt bestemme kvar deira barn skal gå på skole. Det høyrest så tilforlateleg å fint ut. Endeleg skal vi kunne bestemme fritt. Dette har vi vel venta på?

Men, vent litt, kva betyr dette?

  1. Du må på eit eller anna vis avgjere kven som skal få velje først. Skolane våre er ganske fulle, det er ikkje plass til alle overalt. Vil byrådet arrangere opptaksprøver for førsteklassingar?
  2. Dei som ikkje får oppfylt valet sitt, kvar skal dei gå?
  3. Skal vi ha stor og dyr overkapasitet i skolane for å gjere «fritt skoleval» mogleg?

Fritt skoleval vil vere med på å gjere nokre skolar betre enn andre, i mykje større grad enn no. Tendensen vil vere at folk søkjer seg til «gode» skolar. Det vil ofte vere dei mest ressursterke som flyttar. Vi veit at ungane med mest ressursterke foreldre ofte gjer det best på skolen. Over tid vil fritt skoleval gjere at vi får samle mange av dei med best føresetnader for å vere skoleflinke på nokre skolar – og skilnadane aukar.

Men det skal vist bli verre. For å riktig understreke at det eg har sagt over her ikkje er skremselspropaganda, men realitetar, er Høgres Magnus Mæland ute å vil rangere skolane i Tromsø. Det vil han gjere etter dei ganske snevre kriteria som dei nasjonale prøvane måler.

Ser vi desse to momenta i samanheng ser vi og Høgres skolepolitikk. Meir til dei som har, mindre til dei som ikkje har. Høgre skal i alle fall får for å vere konsekvente. Både i skolepolitikken og i den økonomiske politikken vil dei at dei som har mest skal få mest.

Eg meiner at alle skal få gå på gode nærskolar. Der du byggjer sosiale nettverk med naboen. Der du går saman med elever som er ulik deg sjølv og lærer av dei. Og der du er ein del av eit sosial heile som gjer læringssituasjonen trygg.

Så kan og skal det sjølvsagt gjerast unntak, når det finst gode grunnar for å bytte skole. Men det må vere unntaket, ikkje regelen.

Korleis spare 200 millionar?

Faksimile frå iTromsø - busskrise
Faksimile frå iTromsø - busskrise
Korleis skal Nobina unngå å kutte i folk og framleis køyre 200 millionar billigare enn andre?

Vi har fått eit nytt busselskap i Tromsø – Nobina heiter det. Selskapet skal køyre 200 millionar billigare enn konkurenten. Korleis får ein til det? Ved å kome for seint.

For, bussaner kostar omtrent det same for alle selskapa.

Dieselen har omtrent same pris for alle

Verkstadkostnader er vel nokonlunde like.

Då gjenstår berre ein plass å spare. På dei tilsette. På bussjåførane. Du sparer pengar ved å ha færre folk. Få dei til å køyre meir. Få dei til å ta færre pausar. Kanskje redusere løn eller pensjon.

Det ser ut som det er akkurat det som er i ferd med å skje i Tromsø. Bussane til nyselskapet går ikkje. Dei går for seint, og folk frys medan sjåførane blir utslitte. Sjåførane har ikkje lenger nokre minutt på endehaldeplassen som gjer at dei kan få ruta til å gå opp, eller ta ein liten pause. Då forplantar forseinkingar seg utover dagen. Då blir sjåførane slitne og sjuke. Det blir endå færre sjåførar. Problema blir større.

Det var ikkje vanskeleg å spå at dette ville skje når bussane vart sett ut på anbod.

Lat oss håpe det blir betre, og at arbeidstilhøva for sjåførane blir betre. Men kvar kan då selskapet spare 200 millionar?

Kom gjerne med dine spådomar i kommentarfeltet

Sjå og iTromsø og Nordlys