Feature,Skole,Troms og Tromsø

Fritt skoleval – for kven?

Byrådet i Tromsø vil ha fritt skoleval i byen. Dei vil at alle skal kunne fritt bestemme kvar deira barn skal gå på skole. Det høyrest så tilforlateleg å fint ut. Endeleg skal vi kunne bestemme fritt. Dette har vi vel venta på?

Men, vent litt, kva betyr dette?

  1. Du må på eit eller anna vis avgjere kven som skal få velje først. Skolane våre er ganske fulle, det er ikkje plass til alle overalt. Vil byrådet arrangere opptaksprøver for førsteklassingar?
  2. Dei som ikkje får oppfylt valet sitt, kvar skal dei gå?
  3. Skal vi ha stor og dyr overkapasitet i skolane for å gjere «fritt skoleval» mogleg?

Fritt skoleval vil vere med på å gjere nokre skolar betre enn andre, i mykje større grad enn no. Tendensen vil vere at folk søkjer seg til «gode» skolar. Det vil ofte vere dei mest ressursterke som flyttar. Vi veit at ungane med mest ressursterke foreldre ofte gjer det best på skolen. Over tid vil fritt skoleval gjere at vi får samle mange av dei med best føresetnader for å vere skoleflinke på nokre skolar – og skilnadane aukar.

Men det skal vist bli verre. For å riktig understreke at det eg har sagt over her ikkje er skremselspropaganda, men realitetar, er Høgres Magnus Mæland ute å vil rangere skolane i Tromsø. Det vil han gjere etter dei ganske snevre kriteria som dei nasjonale prøvane måler.

Ser vi desse to momenta i samanheng ser vi og Høgres skolepolitikk. Meir til dei som har, mindre til dei som ikkje har. Høgre skal i alle fall får for å vere konsekvente. Både i skolepolitikken og i den økonomiske politikken vil dei at dei som har mest skal få mest.

Eg meiner at alle skal få gå på gode nærskolar. Der du byggjer sosiale nettverk med naboen. Der du går saman med elever som er ulik deg sjølv og lærer av dei. Og der du er ein del av eit sosial heile som gjer læringssituasjonen trygg.

Så kan og skal det sjølvsagt gjerast unntak, når det finst gode grunnar for å bytte skole. Men det må vere unntaket, ikkje regelen.

Standard

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.