Politikk

Menneske mot maskin

Eg meiner Stoltenberg framstår maskinelt og mekanisk i asylsaka. Foto: Harry Wad

Det er noko maskinelt og mekanisk over norsk utkastingspolitikk. Når Jens Stoltenberg argumenterer, argumenter han reint mekanisk. Det er nesten som ein robot som står der på talarstolen og ytrar det han er programert til å seie.

Les desse utsagna frå Stoltenberg, sitert i VG:

– Vi vil ha et rettferdig og forutsigbart regelverk. Da kan vi ikke åpne for et system som premierer dem som jukser med sin identitet, og som gir feilaktige opplysninger om hvor de kommer fra. Vi kan heller ikke gi særbehandling i tilfeller der barn skyves foran, sa statsministeren i Stortinget onsdag.(mi utheving)

Sett dette opp mot historia vi kan lese i NRK i dag. Verona er ni år gamal. Ho er fødd i Noreg, og har budd her heile livet. Ho har gått på skole på Rjukan. Foreldra har budd i Noreg i 11 år. I dag kom politiet for å hente dei og tvangssende dei ut av Noreg. Til Bosnia.

Smak på orda til Stoltenberg opp mot denne historia. Høyrest det rettferdig ut? Føreseieleg, å bli sendt ut etter 11 år?  Trur du Verona har juksa med identiteten sin? Er det å skuva barna framfor seg å påpeike at denne jenta er norsk?

Asylpolitikken kan aldri lausrivast frå einskildskjebnar. Det er einskildskjebnar som er sjølve poenget med asylpolitikken.

Eg kjenn ikkje bakgrunnen til familien til Verona, og korfor dei rømte frå Bosnia. Men, eg klarer ikkje å sjå ein einaste grunn til at vi skal sende ungar til eit framandt land. Verona er født her, vaks opp her, gjekk på skole her. Ho er herifrå.

Spesielt ironisk er det at det denne gongen gjeld Bosnia. Bosnia, eit land som kjem til å bli medlem av EU om ikkje alt for mange år. Då vil alle bosniarane fritt kunne slå seg ned i Noreg på lik linje med andre EU-borgarar.

Eg trur historia kjem til å dømme oss hardt for det vi gjer mot dei ungane som blir sendt ut etter lang butid i landet. Eg håper Stoltenberg er villig til å stå for historiens dom – den vil bli hard.

Eg meiner at det må gå ei grense for kor lenge barn kan vere i Noreg og framleis bli sendt ut. Eg er derimot villig til å akseptere at vi set inn ressursar for å få avgjort asylsøknadar raskare. Eg skal vere med å diskutere – fordomsfritt – om det er for mange ankemoglegheiter og for lett å sende omgjeringskrav. Eg er villig til å bruke ressursar på å raskt sende folk ut etter at avgjerda er tatt raskt.

Eg er derimot ikkje villig til å diskutere om det er rett at barn som har budd lenge i riket skal få bli her. Barnets beste må vere avgjerande. I 99 prosent av tilfelle vil det vere best for barnet å få bli i landet om dei har budd her i fleire år.

Eg heiar på menneska, ikkje maskinane

 

 

Standard
Internasjonalt, SV

Asylsaka i Stortinget

Eg må berre skrive ein rask kommentar om asylsaka i Stortinget. Venstre har lagt fram eit framlegg i Stortinget som er eit bra. Eg er samd med det Venstre skriv, dessverre har det ikkje moglegheit til å bli vedtatt uansett kva SV stemmer.

Mange kritiserer SV for å ikkje stemme på dette forslaget. Det skjønner eg. Det ville vore bekvemt å stemme for det, og hadde SV sine stemmer vore avgjerande meiner eg at vi sjølvsagt skulle gjort det. Sjølv om det skulle bety at regjeringssamarbeidet med AP ryk. I dagens situasjon ville imidlertid det ikkje hjelpe barna som må få bli i Noreg.

Matematikken i Stortinget er slik at vi må få Arbeidarpartiet til å snu om politikken skal bli endra. Presset er så stort på regjeringa at eg trur det er mogleg å få til ei utsetting i alle fall til Stortingsmeldinga om barn på flukt er på plass. Det er då slaget vil stå.

Ein meiningslaus protest i Stortinget no vil berre vere med på å gjere Arbeidarpartiet meir innbitt. Det er ikkje mogleg å få snudd denne politikken utan å få snudd Arbeidarpartiet. Enn så lenge er det betre å halde fram denne kampen i regjeringa, enn å protestere i Stortinget. Eg blir litt optimistisk når så mange fylkeslag i Arbeidarpartiet vedtar gode standpunkt i denne saka.

Vi må derfor ha ein taktikk som gjer at vi kan oppnå målet, framfor å protestere på ein måte som underminerer det endelege målet.

Det endelege målet er sjølvsagt at desse norske barna får bli i Noreg. Dei er jo norske. Eg trur vi skal klare dette, no må presset på Arbeidarpartiet berre auke.

Her er mi løysning

 

Standard
Skole, Troms og Tromsø

Elendig økonomi

Dei som no sit i Rådhuset prøver å få folk til å tru at byen var vanstyrt av dei raud-grøne for å skjule eigne prioriteringar. Foto: Harald Groven/http://www.flickr.com/photos/kongharald/598195861/

Tromsø kommune har vistnok ein elendig økonomi. Dette blir gjentatt og påstått av høgresida i Tromsø kommune til det kjedsommelege, men dessverre er det ofte slik at ei løgn som blir gjentatt mange nok gonger blir til sanninga? Det er trist når denne sanninga skjuler feil i prioriteringane frå høgrebyrådet.

Siste ut i hylekoret er Peter Reinholdtsen, rådgjevar for finansbyråden. I ein velskriven kronikk i Nordlys og iTromsø kjem han med denne påstanden på nytt. Rett nok er påstanden berre ein del av ein større debatt om eit anna tema mellom han og nokre namngjevne folk i Ap, Raudt og uavhengige. Eg skal ikkje ta del i den debatten, men gjenta nokre fakta om økonomien i Tromsø.

Etter at venstresida hadde styrt kommunen i 12 år så er altså fakta at Tromsø kommune er den mest effektive av dei 10 største kommunane våre i følgje ein studie frå «Senter for økonomisk forskning», vist til på kommunen sine eigne nettsider. Det tyder vel ikkje på ein kommune som var direkte vanstyrt av venstresida?

Meir direkte på økonomien så er det verd å merke seg at kommunen gjekk med eit overskott i 2011. Ikkje så veldig stort, men 10 millionar er vel ikkje å forakte. Igjen, det tyder ikkje akkurat på ein kommune som er totalt økonomisk skakkøyrt.

Eg synst heller høgresida, saman med Ap, skal forklare korfor dei auka bruken av pengar på politikarane med omtrent akkurat same sum som dei kutta på skolane?

Det er ei underleg prioritering. Kanskje Peter Reinholdtsen eller sjefen hans, finansbyråden, kan gje seg inn på å forklare den prioriteringa, heller enn å skulde på forgjengarane?

Til sist kan det vere verd å merke seg at kuttet i skolebudsjettet går ut over undervisninga. Det veit vi, men det betyr og vanskelegare tider for oss som ikkje går på skolen. Stakekvollan skole er no ikkje lenger mogleg å låne eller leige for lag og foreiningar på kveldstid. Fordi skolebudsjetta er kutta.

Kan du eller sjefen din forsvare den prioriteringa Peter Reinholdtsen?

Her skreiv eg om budsjettet til høgrebyrådet då det vart lagt fram.

Standard
Feature, Troms og Tromsø

Ein stor T for Tromsø

Min umiddelbare reaksjon då eg såg bilete av korleis Snøhetta og Buckhard ser for seg å bygge nytt hotell i Tromsø var at det var fantastisk artig. Eit flott og spennande bygg som byen treng. Eg liker det grandiose, ja nærmast grotesk store. Men, så sette ettertanken inn.

Eg trur ikkje det kjem til å sjå like fint ut i verkelegheita som på bileta. Lyset blir ikkje så kult som der. Det kjem til å skape skugge i store delar av byen. Vil vi eigentleg det? Er vi ikkje lenge nok utan sol? Korleis blir det mogleg å bygge noko som helst i sentrum av Tromsø etter dette som passar inn i ein heilskap. Er dette berre den første skyskraparen? Skal vi verkeleg ha hotell på den finaste tomta i byen. Burde det ikkje bli eit byrom som er tilgjengeleg for alle? Og, kan eit oppvarma basseng på taket reknast som eit svømme- og badeanlegg?

Eg trur framleis eg meiner det eg skreiv i februar

Samstundes liker eg nye spenstige tankar. Eg liker tanken på eit slikt bygg i Tromsø. Eg trur likevel eg blir vanskeleg å overtale for at dette prosjektet skal gjennomførast, men eg er villig til å høyre på argumenta før eg bestemmer meg.

Det einaste eg er heilt sikker på er at vi må skape ein prosess der alle innbyggarane i Tromsø får sagt meininga si og bli høyrte. Dette bygget vil endre korleis byen vår ser ut, ei endring som vi ikkje kan angre på. Det blir ikkje mogleg å trykke Crtl-Z når hotellet står der. Dette angår oss alle.

Kva synst du, skal vi bygge T-en? Kommenter eller stem.

[poll id=»16″]

Standard
SV

Ville spekulasjonar

I dag har eg tenkt meg å kome med nokre ville spekulasjonar på bloggen min. Dei spekulasjonane skal handle om kven frå SV som skal sitte i regjeringa framover. Og, la meg slå fast. Dette er spekulasjonar og ikkje basert på noko anna enn det eg har tenkt.

For ei veke sidan var det fire SV-statsrådar; Kristin Halvorsen, Erik Solheim, Tora Aasland og Audun Lysbakken. Eg tippar at om ein månad ville berre Kristin Halvorsen sitte igjen i regjeringa av desse fire.

Eg tippar Halvorsen vil bli sittande som sjef for heile kunnskapsdepartementet og som SVs sjef i regjeringa. Ho vil nok halde fram med å møte i underutvalet og liknande. Dette kjem over tid til å bli svært problematisk for Lysbakken. Så lenge Kristin sit og er sjefen i regjeringa vil det vere uklårt kven som er den reelle sjefen i SV. Er det framleis Kristin Halvorsen, eller er det Lysbakken på Stortinget?  Over tid blir dette uhaldbart, og Kristin må nok og forlate regjeringsstolen.

Det naturlege ville vore at ein av nestleiarane overtok rolla som SVs fremste person i regjeringa med ein gong, men korkje Solhjell eller Thorkildsen er av Lysbakkens næraste allierte, derfor blir det ikkje slik

i første omgang.

Solhjell kan bli bistandsminister. Då får han jobbe med tema han synst er spennande, og vi slepp brysame konfliktar mellom Solhjell og Lysbakken på Stortinget og samstundes vil Solhjell vere så mykje på reise at han ikkje kan vere ein rival til Lysbakken. Thorkildsen kan bli ny miljøvernminister. Då kan det tenkast at Heidi Sørensen sluttar som statsekretær og går attende til Stortinget. Det blir eit problem, fordi det betyr at Akhtar Chaudry fell ut av Stortinget. Det gjer han og om Sørensen held fram som statssekretær, men Halvorsen kjem attende til Stortinget på eit eller anna tidspunkt. Det ville vere eit dårleg signal. Han er ein av Noregs viktigaste minoritetspolitikarar og visepresident i Stortinget. Eg trur derfor at Chaudry kjem til å bli Barne-, likestillings- og integreringsminister. Då blir og nominasjonskampen mellom Chaudry og Holmås om førsteplassen på SV si osloliste ekstra spennande.

Men, dette er som sagt ville spekulasjonar. Kva trur du?

Standard