Peter, det kan godt tenkjast at «hylekor» er eit vel sterkt uttrykk. Eg meiner likevel at det ikkje er nokon tvil om at det nye fleirtalet, spesielt i valkampen, men og etterpå, har skulda på forgjengarane når dei/dykk har gjort dei prioriteringane de har gjort. Kommunen gjekk med overskott i dei tre siste åra, og kommunen er effewktivt drive. Det trur eg vi må kunne kalle fakta? Du skriv sjølv »
Firkløveret vet forresten at om de sparker meg og mine kolleger så vil det ikke hjelpe svært mye på den elendige økonomien som de selv har stelt i stand» Då må du og tole at eg tar til motmæle mot det. Dersom «hylekor» er eit for sterkt uttrykk, vil eg påstå at «elendig» og er eit for sterkt ord. 

Eg skal medgje at det er økonomiske utfordringar. Spesielt om eigarane aksepterer nullutbytte frå tromskraft, men vi må no sjå tala der først.

Historia skal eg ikkje diskutere med deg, den kan du nok betre enn meg. 

Så håper eg verkeleg at du har rett i det du seier i siste avsnittet. Ikkje det at eg kjem til å applaudere at de tilbakefører kutt der som de måtte med leirskolane, men glad skal eg vere, det er eg stort sett når folk tar til fornuft. 

Forøvrig, så synst eg du og dei andre rådgjevarane må tole ein del kjeft. De er jo meir i media enn byrådane (subjektivt inntrykk) og då er det ikkje urimeleg om diskusjonen blir retta mot dykk og dykkar rolle. 

Forøvrig er det flott at du skriv i avisane, fortsett med det. Eg tar gjerne debatten med deg framover, men helst på meir politiske spørsmål.