Wordfeud på nynorsk

Skjermdump av wordfeud
Skjermdump av wordfeud
Tenk kor artig det kunne vore om eg kunne spelt på mitt eige mål!

Eg taper litt for ofte i Wordfeud. Unnskyldninga mi er at eg alltid må spele på bokmål. Eg skriv og nyttar nynorsk til dagleg, slik 600 000 nordmenn gjer. Og, eg vil gjerne utfordre venene mine til ein ordfeide på nynorsk.

Wordfeud er artig, lærerikt og fører til aukande ordforråd. Eg trur fleire enn eg vil ha glede av det på nynorsk i tillegg til bokmål.

Eg håper derfor at Håkon Bertheussen vil gjere Wordfeud tilgjengeleg med nynorsk ordliste i tillegg til bokmål. Kanskje kunne Nordlys eller iTromsø og utfordra sambygdingen vår på dette.

 

Andre har vore inne på det same: Magni Øvrebotten og Alfred Bjørlo

OPPDATERT: Wordfeud er no komen på nynorsk. Takk

Svevestøvet

Det er sjølvsagt ikkje overraskande at det kjem oppslag i media om store mengdar svevestøv i Tromsø. Det kjem av at vi held oss med eit svært ineffektivt transportsystem.

Her om dagen høyrte eg på eit podkast frå freakonomics. Der sa dei noko som eg visste, men kanskje ikkje har tenkt så mykje over. I USA er 80 prosent av passasjerkapasiteten i bilane ubrukt. Dette er sjølvsagt lite effektivt – å køyre rundt med så mykje ledig kapasitet.

Dette heng saman med svevestøvet i Tromsø. Ein av hovudårsakane til svevestøvet er biltrafikken. Tenk kor mykje vi kunne redusert mengda svevestøvet i byen og andre utslepp om vi kunne gjere transporten vår meir effektiv.

Det er fleire måter vi kan gjere det på. Det enklaste er å gjere bilkøyring dyrare, slik at fleire vel effektive transportmåtar som føtter, sykkel eller buss. Men vi kan og effektivisere systemet gjennom å fylle opp bilane slik at vi utnyttar kapasiteten til bilane våre betre.

Vi kan gjere dette på fleire måtar. Eg synst kommunen i samarbeid med NAF og miljøorganisasjonane burde sette opp eit system som gjer det enklare å dele bilturane. Det bør bli enkelt å ta med folk som skal same veg som deg. Fyll vi opp bilane blir det mindre trangt på vegane, raskare å kome fram og det blir mindre forurensing.

Dersom vi kombinerer dette med eit system med vegprising der du får rabatt om bilen er full av folk, heller enn ein person og matpakka hans så trur eg vi kan ende opp med eit mykje meir effektivt og eit billigare transportsystem.

Vatn i bassenga

Dette får ikkje lenger elevane i Kroken oppleve i skoletida. Foto: Patrick/adwriter

Det nyttar ikkje at det er vatn i bassenga dersom skolane ikkje har råd til å bruke bassenga. iTromsø  og Nordlys kan i dag melde om at rektoren på Kroken skole har avslutta svømmeundervisninga fordi skolen ikkje lenger har råd til busstransport til svømmehallen på Stakkevollan.

Konsekvensane av det borgarlege byrådet sin politikk og prioriteringar blir tydelegare og tydelegare. Først vart det avgjort at elevane i Tromsø ikkje skulle få leirskole, så stengte skolane tilgang til skolebygningane på kveldstid fordi det vart for dyrt, så blir det no slutt på svømmeundervisninga. Byrådet frå Høgre har heldigvis snudd på dei to første områda. La oss håpe dei snur på det siste og.

Det borgarlege fleirtalet i kommunestyret kutta 16 millionar frå skolane då dei vedtok budsjettet i haust. Det mangla heller ikkje på advarslar og alternative forslag den gongen. 16 millionar er ganske likt den summen det kostar at Høgre saman med Ap og Frp innførte parlamentarisk styresett. Eg skreiv om det her “Feitare politikarar og slankare elevar”.

Kvart år døyr mange menneske i Noreg i drukningsulukker. Nokre av desse kunen vore redde om svømmeopplæringa hadde vore betre. Eg trur vi kan vere ganske sikre på at å kutte svømmeopplæringa ikkje vil vere ein fordel.

Ansvaret har Høgre, Frp og Venstre i kommunestyret i Tromsø.

Ei bymark utan spor

Vi har ei fantastisk bymark her i Tromsø. Ei bymark der det er gode skiforhold. Då blir det litt trist at løypene ikkje blir køyrt opp i påska. Ein skulle jo tru at påska ville vore den viktigaste tida i året å sørgje for gode løyper?

Vi har fått eit flott kart:

20120409-080717.jpg

Dessverre var det berre den litt kjedelege lysløypa det var køyrt spor i i går (raud løype). I Tromsø har vi fått ganske mykje snø, i går kom sola. Med andre ord perfekte forhold.

Det vil seie det kunne vore perfekte forhold.

Eg veit ikkje korfor det ikkje vart løyrt spor, om det er pengesparing, om maskinane er opptatt på anna hald eller om alle er på påskeferie, emn eg håper at kommunen med byrådet i spissen sørgjer for at det i alle fall ikkje er pengane det står på. Neste påske reknar eg med at byrådet har fått orden på dette, og at skia vil gli fort – om då ikkje påska regnar bort.

Artig på ski er det no uansett:

20120409-081631.jpg