Det aktuelle i denne samanhengen var eit overskott på 500 000 per tilsett, samla 10 millionar. Formuesskatten er ein kostnad med å drive forretning som ein sjølvsagt må planlegge for. Formuesskatten kan vere ei utfordring for ein del bedriftar fordi den forfell til betaling uavhengig av overskottet i bedrifta. Men utanom den omstendigheita er den ikkje forskjellig frå alle andre skatter og avgifter som bedrifter og bedriftseigarar må betale. Fordelen med formuesskatt er at det er det einaste som gjer at ikkje ein del svært rike folk i dette landet blir nullskatteytarar.
Så finst det eksempel på at dette kan slå galt ut, som det gjer med alle skatter og avgifter. Når det er sagt, så meiner eg at om nokon finn ei god avgrensing av «arbeidande kapital» så meiner eg det bør unntas frå formuesbeskatninga.
Til det første, overskott i ei bedrift ei sjølvsagt eit samspel mellom arbeid og kapital, men kapital utan arbeid skaper ingen verdiar.