Support freedom visiy egypt
Internasjonalt

All inclusive

Eg har vore på ferie. Ei herleg veke i Egypt, med kone, barn, sol og varm badevatn. Betre kan det knapt bli, men som den gode sosialisten og pietisten eg er, er det alltid minst eit aber.

Det var Bjørnson som i skodespelet «Kong Sverre» lot ein av karakterane seie:

Hver Glædesstund, du fik paa Jord,
betales maa med Sorg.
Om flere følges ad, saa tro,
de gives kun paa Borg.

Sorga ligg i at «All inclusive» konseptet som er ganske fantastisk for ein barnefamilie som berre skal ha ei veke avslapping ikkje er like bra for den regionale økonomien. Nokre hevdar at berre 10 prosent av det du som turist brukar hamnar i den regionale økonomien. Resten forsvinn ut.

Det hotellet vi budde på i Hurghada er eigd av ein av dei rikaste mennene i Egypt. Det er han som fekk fortenesta ikkje folk lokalt. På den andre sida hamnar no pengane i det minste i Egypt (får vi tru) og ikkje andre stader.

Uansett, turisme utgjer over 10 prosent av økonomien i Egypt. Landet kan ikkje komme seg vidare utan turismen. Det er kanskje derfor denne t-skjorta gjorde at eg kunne slappe godt av under den varme egyptiske sola.

Support freedom visiy egypt

Standard
Piggdekk
Ikkje politikk

No kjem den kalde fine tida

Snart legg snøen seg på marka, eller kanskje berrfrosten vil dominere utover seinhausten. Uansett er det snart klart for å legge om til piggdekk på sykkelen. 

Piggdekk

Piggdekk gjer det enkelt å sykle heile vinteren. Husk varme hanskar og ei god, men tynn lue som får plass under hjelmen.

Piggdekk til sykkelen er ei fantastisk oppfinning. Det gjer det moglege å sykle heile året. Det betyr at eg kanskje ikkje kjem til å legge på meg ein to tre kilo i løpet av vinteren. Men viktigast er at eg slepp å stå i bilkø.

Eg har hatt piggdekk vinterstid i mange år no. Eg vil verkeleg rå deg til å prøve. Dersom du skal kjøpe deg piggdekk er det minst to ting du må tenke på:

  1. Kor mange piggar skal du ha på dekket?
  2. Kva dekkdimensjon treng du?

Talet på piggar er ei avveging mellom feste og rullemotstand. Desto fleire piggar, desto betre feste. Men fleire piggar gjer og at sykkelen rullar saktare slik at det blir tyngre å sykle, spesielt på asfalt. På ein hybridsykkel kan du i hovudsak velge i spennet mellom 106 til 240 piggar. Dei siste åra har eg sykla med 106 piggar her i Tromsø. Mi oppleving er at 106 piggar er i minste laget her. Det kjem av at vi har kystklima med ein god del is og regn i løpet av året. Syklar du for det meste på tørr asfalt eller snø i løpet av vinteren er 106 piggar nok. I Tromsø vil nok eg rå til opp mot 240 eller kanskje 200 piggar. Det blir det i alle fall på mine neste dekk. Med litt erfaring frå Oslo vil eg rå til mange piggar der og, mengda salt gjer vegane svært glatte å sykle på vinterstid.

Det andre du må tenke på er kva dimmensjon sykkeldekk du treng. Dette er meir innvikla enn ein gjerne skulle tru.

På ein hybridsykkel er det vanlegvis 28 tommers dekk. 28 tommar er 711 millimeter. Medan dei dimmensjonane du ser på dekk og felgar er 622 eller 700. Korleis heng dette saman?

622 millimeter er storleiken på felgen på ein hybridsykkel. Min felg er 622x19c. 19 er breidda på felgen i millimeter o c-en tyder at eg kan ha ganske breie dekk på felgen. Dette betyr at eit 28 tommars dekk slettes ikkje alltid er 28 tommar. Det kjem an på det dekket som du set på felgen.

 

Kva dekkbreidde kan du ha på felgen(dimensjonar i mm)
Breidde på dekket
FelgbreiddeInnsida 18 20 23 25 28 32 35 37 40 44 47 50 54 57
13 X X X X
15 X X X X
17 X X X X X
19 X X X X X X
21 X X X X X X
23 X X X X
25 X X X X X

Denne tabellen er nok litt forsiktig. Ofte vil det gå bra med litt breiare dekk enn det som følgjer av tabellen. Dei fleste piggdekka eg har sett ligg mellom 35 og 40 mm og går derfor fint på dei aller fleste hybridsyklar. Tenkjer du å kjøpe på nett frå ein utanlandsk nettbutikk så ver obs på at det blir nytta mange ulike måtar å skrive dekk og felgdimensjonar på. Denne artikkelen av Sheldon Brown går gjennom det meste. Der har eg og henta tabellen frå.

Standard
SV, Troms og Tromsø

Første gong i Noreg?

Så vidt eg veit skriv Troms SV historie i år. Vi arrangerer ei bindande uravstemming mellom medlemmane for å avgjere kven som skal stå først på stortingslista. (Dersom eg tar feil, og dette har vore gjort før, så sei ifrå i kommentarane) Eg er ganske stolt av dette. Det var eg som la fram dette forslaget på årsmøtet og fekk det vedtatt.

Grunnen til at eg gjorde det er at i dagens personifiserte politikk er det å utpeike representantar noko av det viktigaste eit parti gjer. Sjølv om det ligg eit partiprogram og ei felles forståing av politikk i botn er det ingen tvil om at personar betyr mykje. Då er det for meg rimeleg at alle medlemmane skal vere med på å velje kven som skal representere dei og partiet.

Tidlegare har sjølvsagt og medlemmane avgjort, men indirekte gjennom val av representantar til eit nominasjonsmøte. Det har gjeve svært mykje makt til dei som sit i nominasjonskomiteen og andre sentrale verv til å velje kven som skal nominerast.

Det er mange gode demokratiske grunnar til å gjere det på denne måten, men eg har sjølvsagt andre baktankar enn dei reint demokratiske. Eg håper og trur at ein slik prosess som Troms SV no skal gjennom vil vere med på å gjere det meir interessant å vere partimedlem. Når du blir direkte involvert i viktige avgjerder så trur eg at du blir meir engasjert og får større eigarskap til det som skjer. Kanskje vil og fleire bli med i partiet.

Har du lyst til å vere med å bestemme må du melde deg inn i Troms SV før den 15. november.

Vi har fått tre svært gode kandidatar som stiller til val.

Sjekk dei gjerne ut! Eg håper og trur du vil høyre ein del frå dei framover.

Eg håper dette kan vere eit første steg i retning av å opne opp alle politiske prosessar meir. Eg håper at det i framtida skal vere mogleg å få til ei eller anna form for crowdsourcing av programskriving og politikkutvikling. Her synst eg norske politiske parti har ein del å lære av mellom anna piratane i Tyskland. Ein draum er at vi og kan gjere dette i formelle fora, og på ein betre måte involvere folk i dei avgjerdene som blir tatt i kommunestyrer, fylkesting og storting.

Å kome dit er eit lang lerret å bleike, men det må vere lov å drøyme om eit betre demokrati.

Standard