Så vidt eg veit skriv Troms SV historie i år. Vi arrangerer ei bindande uravstemming mellom medlemmane for å avgjere kven som skal stå først på stortingslista. (Dersom eg tar feil, og dette har vore gjort før, så sei ifrå i kommentarane) Eg er ganske stolt av dette. Det var eg som la fram dette forslaget på årsmøtet og fekk det vedtatt.
Grunnen til at eg gjorde det er at i dagens personifiserte politikk er det å utpeike representantar noko av det viktigaste eit parti gjer. Sjølv om det ligg eit partiprogram og ei felles forståing av politikk i botn er det ingen tvil om at personar betyr mykje. Då er det for meg rimeleg at alle medlemmane skal vere med på å velje kven som skal representere dei og partiet.
Tidlegare har sjølvsagt og medlemmane avgjort, men indirekte gjennom val av representantar til eit nominasjonsmøte. Det har gjeve svært mykje makt til dei som sit i nominasjonskomiteen og andre sentrale verv til å velje kven som skal nominerast.
Det er mange gode demokratiske grunnar til å gjere det på denne måten, men eg har sjølvsagt andre baktankar enn dei reint demokratiske. Eg håper og trur at ein slik prosess som Troms SV no skal gjennom vil vere med på å gjere det meir interessant å vere partimedlem. Når du blir direkte involvert i viktige avgjerder så trur eg at du blir meir engasjert og får større eigarskap til det som skjer. Kanskje vil og fleire bli med i partiet.
Har du lyst til å vere med å bestemme må du melde deg inn i Troms SV før den 15. november.
Vi har fått tre svært gode kandidatar som stiller til val.
- Siv Elin Hansen (38), konsulent fra Nordreisa, bloggar her, twitter og er på facebook
- Torgeir Knag Fylkesnes (37 år), kommunikasjonssjef fra Tromsø, bloggar her, twitter og på facebook
- Thomas Johansen (40 år), spansklærer fra Kvæfjord, på facebook
Sjekk dei gjerne ut! Eg håper og trur du vil høyre ein del frå dei framover.
Eg håper dette kan vere eit første steg i retning av å opne opp alle politiske prosessar meir. Eg håper at det i framtida skal vere mogleg å få til ei eller anna form for crowdsourcing av programskriving og politikkutvikling. Her synst eg norske politiske parti har ein del å lære av mellom anna piratane i Tyskland. Ein draum er at vi og kan gjere dette i formelle fora, og på ein betre måte involvere folk i dei avgjerdene som blir tatt i kommunestyrer, fylkesting og storting.
Å kome dit er eit lang lerret å bleike, men det må vere lov å drøyme om eit betre demokrati.