Gunhild Johansen
Økonomi, Troms og Tromsø

Skatteparadis

Gunhild Johansen

Gunhild Johansen la fram forslaget om skatteparadis på vegne av SV

I dag sa kommunestyret i Tromsø nei til å stille krav til selskap som skal handle med kommunen om at dei ikkje skal gøyme pengar i skatteparadis.

SV la fram eit forslag som sa:

1. Tromsø kommunestyre tar på generelt grunnlag avstand fra urettferdige og skadelige konsekvenser av skatteparadiser.
2. Kommunestyret forutsetter at byrådet fortsatt ivaretar en innkjøpspraksis som sikrer at partene opptrer i samsvar med god foreningsskikk og høy forretnings etisk standard som beskrevet i Lov om offentlige anskaffelser samt intensjonene bak denne.
3. Byrådet bes om å innføre en praksis med egenerklæring vedrørende skatteparadiser fra leverandører. Dette kan med fordel være del av mer generell erklæring om miljø, etikk og sosiale forhold fra leverandører og underleverandører.
4. Kommunestyret vil vurdere behov for å endre egen retningslinjer når land-for-landrapportering innføres i et Norge fra 1. januar 2014.

Frp og delar av Venstre stemte mot heile dette framlegget. Høgre kunne berre vere med på dei uforpliktande formuleringane i punkt ein og to. Det å kunne kreve ei eigenerklæring frå bedrifter kunne ikkje Høgre vere med på.

Det er minst tre gode grunnar til at kommunestyret burde vedtatt dette. Det første er at høgresida i kommunen har vedtatt ei storstilt privatisering og konkurranseutsetting. Mange av dei selskapa som kjem til å by på desse kontraktane har samband med skatteparadis. Det er ikkje usannsynleg at det er ein konkurransefordel for eit selskap å unndra pengar skatt. Det betyr med andre ord at Høgre og Frp med opne auger gjev det lovlydige næringslivet ein ulempe i konkurransen om kontraktar med kommunen.

Det andre er at Noreg går glipp av skatteinntektar på over sju milliardar på grunn av at multinasjonale selskap send pengar til skatteparadis. Dette får konsekvensar for alle andre lovlydige skatebetalarar som må kompensere for dette.

Det tredje er at skatteparadis bidrar til kriminalitet og utbytting av fatige land.

Men, dette er altså ikkje nok for høgresida i Tromsø kommune. Jaja, vi visste jo at Høgre, Frp og Venstre representerer storkapitalen og ikkje folk flest eller vanlege småbedrifter.

Standard
Internasjonalt, Troms og Tromsø

Motsetnadsfylt

Jonas Stein Eilertsen meiner at Tromsø kommune ikkje kan uttrykke venskapleg sympati med Gaza fordi det ville vore utanrikspolitikk. Foto: Ole Morten Melgård/Wikipedia

Det er kanskje berre eg som synst det er artig. Men eg kan ikkje noko for at eg må flire når folk seier ting som står i direkte motsetnad til kvarandre. Det er kanskje ikkje riktig så artig når det skjer av politiske bekvemlegheitsgrunnar.
Continue reading

Standard
Olje, Økonomi

Utvinn vi ikkje olja er vi fattige

Oljesandutvinning i Canada medfører enorme utslepp av klimagassar. Vi treng ikkje drive med slikt. Foto: sbamueller/Flickr

Det er fort gjort å tenkje seg at utan olja ville Noreg vore eit fattig land. Dårlege sjukehus, skyhøge barnehageprisar og høgare skattar. Slik er det ikkje.

SSB publiserte nettopp eit oversyn over utgiftane og inntektene til staten i 2011. Det er interessant lesning. Statsrekneskapen går med overskott utan ei einaste oljekrone.

Inntekter og utgifter i offentlig forvaltning. Milliarder kroner
2009 2010 2011 Endring i prosent
    2009-2010     2010-2011
Inntekter fra petroleumssektoren       260       294       364     13,0     23,7
Skatter og avgifter  149  179  225
Utbytte  111  116  139
Inntekter utenom petroleumssektoren 1 085 1 130 1 205 4,2 6,6
Skatter og avgifter  616  662  683
Trygde- og pensjonspremier  235  244  261
Andre inntekter  234  224  261
Totale utgifter 1 095 1 142 1 201 4,4 5,1
Overskudd  251  283  368

Det vi kan lese ut av denne tabellen er at i 2011 gjekk Noreg med eit overskott på fire milliardar utan at det vart brukt ei einaste oljekrone. Også for 2009 og 2010 ser vi at rekneskapen er nesten i null utan olja. Så er det sjølvsagt litt feil at det ikkje er olje i den vanlege skatten. Industri og anna næringsverksemd leverer sjølvsagt til oljenæringa og er på mange måtar avhengig av denne. Likevel fortel denne tabellen oss at det er fult mogleg å sjå for seg eit rikt Noreg utan oljeutvinning.

Vi treng med andre ord ikkje starte med oljeutvinning utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. Vi har råd til å la miljøet og klimaet få førsteprioritet.

[poll id=»19″]

Standard
Gjelda aukar
Politikk, Troms og Tromsø

Fun fact om kommunebudsjettet

Det er ganske underleg. Høgresida brukte heile valkampen sist til å klage på at kommunen hadde for mykje gjeld. Dei sa at gjeldsutviklinga øydela for kommunen.

Dette sitatet frå byrådsleiar Øyvind Hilmarsen kan vere eit godt døme, sjølv om andre på høgresida gjekk mykje lenger i sine karakeristikkar av det raud-grøne styret i byen:

For Tromsø kommune øker gjelden mer en evnene til å betjene den. Det betyr at for ressursene til å drive undervisning i skolene og gi en god eldreomsorg blir forholdsmessig redusert for hvert år. Kommunen må bruke en forholdsmessig større del av budsjettet til å betale rente og avdrag. Da blir det mindre til å drive og vedlikeholde skoler og sykehjem. Det er en svært uheldig utvikling for Tromsø kommune, som på sikt ikke er bærekraftig.

Då skulle ein vel tru at når Høgre saman med Frp og Venstre har fått styre byen ville dei verkeleg sette inn støtet for å redusere gjelda. Ironisk nok gjer dei det motsatte. Økonomiplanen dei har lagt fram viser dette:

gjeld per innbyggar

Med framlegget til økonomiplan frå høgresida vil gjelda auke kraftig per innbyggar

Gjelda i kommunen går opp frå 4,8 mrd til 6,4 mrd på nokre få år

Gjelda aukar

Høgresida sitt framlegg til økonomiplan vil auke gjelda kraftig i kommunen.

 

Desse investeringane er for det meste fornuftig, men litt rart at dette skjer når heile valkampen handla om kor farleg gjeld var. Så, Øyvind Hilmarsen, korleis kjennest det å møte seg sjølv i døra?

Standard