Håkon, SAS har ikkje hatt sosialistiske eigarar utover dei 14% prosentane som Noreg eig. Danmark og Sverige har vore styrt av høgreparti det meste av tida. Det har heldigvis endra seg i Danmark, men den argumentasjonen blir for enkel.

Det er ingen tvil om at ein av grunnane til at SAS har fått problem er dårleg samarbeid mellom leiinga og fagforeiningane. Ein av grunnane er dei mange foreiningane, men og leiinga har eit ansvar for dette.

Eg meiner på ingen måte at det som skjer no er optimalt, men at å gje dette lånet no, på marknadsvilkår, var det minst dårlege alternativet.