Oljeindustrien pyntar brura

Oppslag i Nordlys 28.02.13
Oppslaget i dagens Nordlys

I Nordlys i dag er det eit oppslag om at «Petro større enn fiskeri og landbruk» Det er ei sanning med store modifikasjonar. Oppslaget er basert på ein rapport frå «Norsk olje og gass». Rapporten er ikkje tilgjengeleg på nettsidene deira.

Tala som blir referert i Nordlys seier at det til saman jobbar 8700 personar i bransjar relatert til olje i Nord-Noreg, medan det til saman jobbar 8381 personar med fisk og landbruk. Og, ja så jobbar det i tillegg 3544 i fiskeindustrien. Så dermed er ikkje olje større enn fisk og landbruk, tvert i mot. Fisk og landbruk er større. Til saman 11925

Vel så interessant er det å sjå korleis dei kom fram til 8700 petroarbeidsplassar. Dei har tatt med alt som kan minne om olje i dei tala. Det kan nesten sjå ut som om det inkluderer dei som sel tacobollar på bensinstasjonane. Det betyr at samanlikninga mellom olje og fisk er som å samanlikne epler og pærer. Dei har ikkje tatt med firskeriforskarane i tala, men dei har tatt med oljeforskarane. Dei har ikkje tatt med dei som lager eller raparerer fiskeutstyr, men dei har tatt med dei som lager og reparerer oljeutstyr. Dei har ikkje tatt med dei som vedlikeheld båtane, dei har tatt med dei som vedlikeheld olje basane. Slik kan ein fortsette i det uendelege.

Eg skal ikkje påstå at tala til oljeindustrien er feil. Då må eg lese rapporten først i alle fall. Men det er ingen tvil om at samanlikninga deira lyg så det står etter.

 

 

One Reply to “Oljeindustrien pyntar brura”

  1. Liv Marie Austrem sa:

    interessante observasjonar!

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.