Ikkje politikk

Snøfresar

Så er eg komen til det stadiet i livet, ein plass eg ikkje trudde eg skulle komme til. Eg sit her og tenkjer på snøfresarar. Eg tenkjer på kva kriteria ein vel snøfresarar etter. Er det hestekrefter? Er det kor høgt dei kastar snøen? Eller er det valet mellom belte og hjul som er det  avgjerande?

Sanneleg om eg veit, men eg merkar at interessen aukar i takt med at snøen lavar ned. Er det forresten stor kvalitetsskilnad på snøfresarar? Og, lagar Massey Fergusson snøfresarar?

Eller kanskje dette er artigare:

Standard
Troms og Tromsø

Nedstemt

Forslagsstillaren smiler tappert. Foto: Gunhild Johansen

Forslagsstillaren smiler tappert. Foto: Gunhild Johansen

I dag la eg fram to forslag i kommunestyret. Det eine framlegget handla om bustadbygging i Tromsø. Du kan lese meir om forslaget her. Det andre forslaget ba om ei utgreiing av bybane i Tromsø.

Eg skal ikkje klage på at forslaga vart nedstemt, det er naturleg i eit demokrati. Folk i Tromsø har ønska seg eit felirtal i kommunestyret utan visjonar og utan ønske om å ta tak i ein tydeleg marknadssvikt. Ein marknadssvikt som fører til at hus blir alt for dyre i Tromsø.

Derimot vil eg klage på at høgresida brukte makta si til å hindre at forslaga vart tatt opp til avstemming. Dei hadde altså ikkje mage til å stemme ned forslaga.

Jaja, sånn kan det gå.

Standard
Politikk

Sykkelhjelmsamfunnet

sykkelbarn

Sykkelhjelmen har vore med på å gjere kvardagen tryggare enn nokon sinne for norske barn. Foto: Harald Groven

Kvar går grensa mellom trygt og polstra? Eg er sanneleg ikkje sikker. Då eg var ung og klår til å erobre verda var eg opptatt av dette spørsmålet. Eg hadde, saman med nokre kameratar tatt i bruk ordet sykkelhjelmsamfunnet. Den gongen var det om ikkje uvanleg å bruke sykkelhjelm, så noko dei fleste ikkje gjorde. Sykkelhjelm var den gongen symbolet på eit samfunn der alle farar og med det utfordringar var tatt bort. Vi meinte at ungar og andre vart så påpassa at dei ikkje ville lære seg å meistre livet.

I dag kunne det ikkje falle meg inn å la ungane sykle utan hjelm. Delvis fordi det er sånn det er blitt, men mest fordi eg sjølvsagt ikkje vil dei skal skade seg.

Desse tankane dukka opp hos meg då eg las i VG om dei store barnehageavsløringane. (Torbjørn Røe Isaksen er inne på noko av det same her)

Sykkelhjelmen er saman med barnehagane to av grunnane til at det aldri har vore tryggare å vere barn. I 1969, den gongen ungane fekk leike med dynamitt omkom 247 barn i ulykker. I 1980, då ungane framleis sat usikra i bilen omkom 157 barn. I 2011, når ingen ungar får vere nær dynamitt, sitte ein augnebling utan sikring i bilen og alle nyttar sykkelhjelm omkom 11 barn i ulykker av ulikt slag (tal frå SSB, og inspirert av Iskew).

I løpet av desse 40 åra har samfunnet endra seg. Vi tar mindre risiko, kanskje fordi vi har råd til og kunnskap til å fjerne risikoen. Det er bra, mødrene og fedrene på 60 og 80-talet ville gjort det same om dei hadde hatt kunnskapen og ressursane. Men kva, om noko har vi mista på vegen?

Svært lite meiner eg. Ungane slår seg framleis når dei veltar på sykkelen, men kanskje unngår dei varig hjerneskade.

Det er ikkje hjelmen eller bilbeltet som er problemet. Men kanskje er det eit problem at redselen for å utsette seg for farer gjer at vi unngår farlege situasjonar? Og, då tenkjer eg ikkje fysiske situasjonar. Gjer det at risiko er blitt så farleg at vi og unngår emosjonell risiko?

For vi kan polstre den fysiske kvardagen til ungane med EU-sand og leikeapparat. Det hjelp ikkje når det er i samkvem med andre menneske dei som vi, vil få dei største smertene og dei største gledene. Vi kan prøve å brøyte veg for ungane våre, men den hjelmen som gjer at dei ikkje opplever å bli svikta og forsmådd, den finst ikkje.

Så lenge dette ikkje er kronisk, trur eg ikkje det er farleg, sjølv om einskildhendingar kan sette like store spor som av broten fot. Det gjer vondt, men det går over.

Når vi no har hatt ein diskusjon om det er trygt i norske barnehagar, så trur eg ikkje det er gardinsnorer og sølepyttar som er det største problemet. I den grad vi har eit problem så er det kanskje heller at vi er blitt emosjonelt feige?

Og, kva meiner eg med alt dette? Sanneleg om eg veit, la oss kalle det ei samling tankar. Tankar eg ikkje har investert kjensler i, men som eg har ein sunn ironisk distanse til. Slik vi unngår vi risiko.

Standard
Politikk, Uncategorized

Kaptein Sabeltann og 8. mars

Kaptein Sabeltann er underhaldande, men korleis er kjønnsrollane? Foto: Kjell Kvinge/Wikimedia

Kaptein Sabeltann er underhaldande, men korleis er kjønnsrollane? Foto: Kjell Kvinge/Wikimedia

Berre ein liten observasjon – meiningsbærande eller ikkje. I dag, den niande mars, dagen etter kvinnedagen gjekk Kaptein Sabeltann på NRK Super. I dagens episode reiser Langemann og Pinky på eit spennande sjørøvartokt. Det som slo meg var at dei to kvinnelege hovudpersonane; Ravn og Rosa stod igjen på land og vinka til mennene og lurte på korleis det gjekk med dei.

Er ikkje dette eit døme på ekstremt tradisjonelle kjønnsroller. Aktive menn som er ute og leitar etter gull, medan kvinnene er heime og er redde for dei?

Og, synst vi dette er greitt? Er det rimeleg å framstille det slik, som det nok var i den tidsperioden serien er frå? Eller burde vi forvente ei anna framstilling av kjønnsroller på barne TV i dag?

Standard