Ikkje politikk

Ein liten augneblink

Ein gjeng trøtte tryner på flytoget i morges. Alle er opptatt med sine eigne tankar og sine eigne dingsar. Vi ser ikkje på kvarandre. Sit aleina i mengda.

Han som sit til venstre for meg, to rader lenger fram tar proppen ut av øyret det det kjem ei melding over høgtalaren. Set proppa inn igjen då det blir klårt at det er melding om at det er avstiging på venstre side.

Så rett etter blir det lyd i høgtalaren igjen:
— Eh, dersom jeg kom i skade for å si at det er avstiging på venstre side, det blir avstiging på høgre side.

Meir skal det ikkje til. I kupeen ser vi på kvarandre, smiler litt og vekslar eit par ord om denne meldinga i det vi går av toget.

Meir skal ikkje til, ein liten augneblink som gjer dagen betre

Standard
Politikk

Eit OL i Oslo

train

Eg vil heller ha tog til Tromsø enn OL til Oslo. Dette toget gjekk til Olympic Park i London i 2012. Foto: Ed Webster/Wikimedia

Så kom prislappen på eit OL i Oslo. Herlegheita skal koste meir enn 30 milliardar, det meste skal vere offentlege pengar.

Eg meiner det kan vere ein god ide å arrangere OL i Noreg ein gong i blant. Vi kan ikkje alltid reise på besøk og aldri invitere tilbake. Men eg synst det er heilt vanvittig å skulle bruke 30 mrd i det største pressområdet i Noreg. I Oslo klagar det på trengsel over alt. Då kan vi bruke pengane andre stader og på andre ting.

Eg vil heller bygge jernbane til Tromsø. I 1992 rekna NSB ut at det vil koste 7,3 milliardar å bygge jernbane frå Narvik til Tromsø. Dersom vi tredoblar summen for å komme til dagens kostnadsnivå så er det framleis billigare enn eit OL i Oslo.

Dersom Noreg skal arrangere eit OL så bør vi ikkje gjere det på det sentrale Austlandsområdet. Det vil berre skape større problem. Eg skulle gjerne hatt eit OL i Nord-Noreg, men aller helst skulle eg hatt tog.

Standard