EU, Økonomi

Låne pengar til Hellas

Are Slettan spør på bloggen sin om eg er villig til å låne ut pengar til Hellas og Spania for at dei skal få fart på økonomien.

Han skriv:

For å være konkret: Ville Krugman eller Skogholt lånt ut sparepengene sine hvis finansministeren i Hellas banket på døren og sa at nå slutter han med sparing og bruker i stedet milliarder han ikke har for å stimulere økonomien? Og hvilken rente ville de i så fall krevd for å satse pengene sine? Ville det vært en rente Hellas kunne leve med?

Her meiner eg Slettan gjer ein klassisk feil. Han set likskapspunkt mellom ein privatøkonomi og eit statsøkonomi. Ein stat, eller i dette tilfellet eurosona, avgjer sjølv kor mykje pengar dei skal ha. Staten kan trykke pengar. Det kan verken eg eller du gjere. Gjennom å auke pengemengda, i realiteten gjennom at sentralbanken kjøper statsobligasjonar, får staten større ressursar til rådvelde. Aukar pengemengda for mykje kan det føre til inflasjon og lågare pengeverdi. Zimbabwe er eit nyleg døme på kor galt det kan gå. Men, problemet i dag er ikkje at inflasjonen er for høg. Problemet i dag er at folk ikkje er i arbeid, at det ikkje er produksjon i samfunnet. Det fører til lågare kjøpekraft, noko som fører til mindre produksjon.

Hellas Mann

Det kan ikkje vere rett at folk skal lide for at bankane skal bergast. Foto: SpaceShoe/Flickr

Hellas, Spania og dermed eurosona burde heller sikta mot ein høgare inflasjon. Dersom inflasjonen reduserer verdien av pengane vil det i større grad lønne seg å investere pengane i staden for å salte dei ned på kistebotn. Ei slik nedsalting ser vi skjer i stor grad i bedriftane no. Her i følgje Wall Street Journal:

One part of the economy, however, is an important exception to the rule: companies, particularly large ones. Across Europe, corporations are sitting on a mountain of cash.  he trouble is, they aren’t spending much of it. This means one possible way out of  Europe’s economic crisis—a big boost in business investment—is closed off.

Større investeringar anten i fabrikkar, vegar eller skolar vil medføre at fleire får inntekt, produksjonen blir meir effektiv og vi kan bevege oss ut av krisa i staden for djupare inn i ho

Derfor blir det følgjande argumentet frå Slettan feil:

Så selv om man normalt ville argumentert for at staten burde låne penger og bruke budsjettet for å gi gass når arbeidsledigheten er så høy som i mange europeiske land, er det for meg vanskelig å forstå hvordan det skulle kunne fungere i virkeligheten.

Slettan har eit poeng i at innføringa av euroen har vanskeleggjort dette. Pengepolitikken skal passe til både Tyskland og Hellas. Det er vanskeleg å få til. Samstundes er det slik at ein stor del av den tyske økonomien er basert på eksport til andre land i eurosona. Når etterspurnaden i desse marknadene forsvinn vil det og ramme den tyske økonomien.

Euroen har vore fantastisk for Tyskland, den har ført til lågare pengeverdi og dermed billigare tyske produkt enn det vi ville hatt om d-marken framleis eksisterte. Den tyske økonomien har surfa på euroen medan den same euroen har vore for sterk for Italia, Hellas, Portugal og Spania.

Som New York Times skriv:

The competitiveness measure is based on currency movements and changes in unit labor costs in major industrialized countries. German competitiveness against the rest of the world was probably helped by the fact that the relatively poor performance of other members of the euro zone held down the appreciation of the euro against other currencies

Slettan argumenterer vidare:

For det andre mener jeg tilhengerne av gjeldsfinansiert stimulans tar lett på utgangspunktet mange euroland land var i da de skulle velge å gi gass eller bremse. De fleste av dem hadde allerede på forhånd statsgjeld som i historisk sammenheng var faretruende høy. Det hadde gått bra i en lang periode. Innføringen av euro ga lave renter, og det hadde dannet seg et inntrykk av at landene alltid ville klare å gjøre opp for seg.

Dersom vi tar Spania som eksempel så var statsgjelda i Spania lågare enn i Tyskland før krisa. Grunnen til at statsgjelda har blitt så enorm er at skattebetalarane har tatt over gjeld frå bankane. I Spania hadde bankane lånt ut store summar til byggeprosjekt, der dei i stor grad skulle selje til tyske og andre nordeuropeiske kundar. Pengane dei hadde lånt ut hadde dei i stor grad fått frå tyske og franske bankar. Det store handelsoverskottet i Tyskland hadde ført til at store pengemengdar måtte eksporterast ut igjen. Desse pengane flaut i stor grad sørover.

The New Republican skriv:

In a nutshell, the adoption of the euro as a common currency was designed to cause large capital flows from the eurozone core to the periphery—and it is those very capital flows that set the stage for the crisis

Når då statane tok over bankane sine dårlege lån, overførte dei ansvaret for desse låna frå private aktørar i form av bankar til felleskapet i form av skattebetalarane. Realiteten er at den spanske statsgjelda har auka fordi dei har gått inn og overtatt risikoen for lån gjevne av vitlause tyske bankar. I staden for å la bankane gå konkurs har politikken i eurosona overført enorme pengesummar frå skattebetalarane i Sør-Europa til bankane i Nord-Europa.

Når då den tyske kanslaren insisterer på sparetiltak er det for å berge bankane. Eg ser på dette som eit enormt røveri. Det høyrer ingen plass heime at vi skal la vanleg folk i Sør-Europa gå til grunne i arbeidsløyse av denne grunnen. Derfor må økonomien settast i gang igjen gjennom bruk av pengar.

Eg trur det vil vere naudsynt å avskaffe euroen for å få det til, men det kan ikkje vere nokon tvil om at dersom det ikkje skjer må den europeiske sentralbanken trykke pengar i stort mon for å få fart på økonomiane.

Når alt dette er sagt er det heller ingen tvil om at det er store utfordringar som må løysast i mange av desse landa. Mange slit med dårleg skattemoral og dermed dårleg grunnlag for statsfinansane. Det gjer ikkje at vi skal straffe folk gjennom å unødig presse dei ut i arbeidsløyse.

Jeg har forresten presentert bloggen min på Bloggurat.

Standard
Troms og Tromsø

Vegstøv og slipte tenner

Eg har alltid smilt litt av alle desse japanarane som vi ser med maske over munnen. Kva skulle poenget vere med det, lissom? Men, no tar eg til å endre meining, det har gått så langt at eg seriøst vurderer å skaffe meg ei slik maske eller to sjølv.

Korfor det spør du kanskje. Det ser jo ganske tåpeleg ut, og du bur jo i ein ganske liten by midt i ein rein arktisk natur. Det er ikkje akkurat Tokyo, sjølv om dokker driv å kalla det Nordens Paris?

maske

Blir slike masker det nye store i Tromsø? Foto: Robert Douglass/flickr

Vel no skal du høyre. I desse dagar er Tromsø den mest forureina byane i Noreg.

luftkvalitet

Tromsø er byen med dei raude faremerka. Illustrasjon: luftkvalitet.info

Vegstøvet gufsar rundt oss som ein sandstorm i Sahara. Det å sykle langs vegane no er i alle fall ein god måte å få slipt tennene sine på, om no det skulle vere eit mål. Det minner meg forøvrig om ei historie eg har latt meg fortelle om oldefaren min. Då han gjekk til tannlege for første gong som 60-åring var tennene heilt nedslipte. Det skal ha vore fordi han hadde brukt dei til å trekke spiker gjennom eit langt liv. Eg har forøvrig ein tanke om at vegstøvet ikkje er heilt bra for pustesystemet vårt heller.

tenner

Konsekvensen av eit langt liv som syklist i Tromsø? Foto: T. (Tassilo) Adam/Tropenmuseum/Wikimedia

Dei som vaskar og reingjer vegane våre står på som heltar, maskinane går nesten døgnet rundt. Og, det rett etter at dei same folka har brøyta snø nesten døgnet rundt rett før.

Men, kanskje kunne det vere på sin plass å spørre alle andre folk. – Kan du vere så inderleg snill å få piggdekka av bilen? NO!

Eg skjønner at folk kjenner seg tryggare med piggar vinterstid. Eg har piggar på sykkelen, om ikkje på bilen. Men, det har ein kostnad å køyre med pigg. Og, den kostnaden er ikkje piggdekkavgift. Kostnaden betaler alle som ferdes langs vegane våre no for tida. Kanskje det hadde vore betre å hatt ei piggdekkavgift, ei avgift som aukar om du ikkje legg om når snøen forsvinn, ei avgift som var øyremerka til vintervedlikehald av vegane for å redusere behovet for pigg.

Så slepp vi kanskje dei ukledelege maskene.

Standard
Økonomi

Le eller gråte?

Carmen_M._Reinhart

Carmen Reinhart og Keneth Rogoff har i alle fall delvis innrømt feilen, men konsekvensane har vore store. Foto: Wikipedia

Den intellektuelle unnskyldninga for den økonomiske politikken som har vore ført i USA og EU dei siste åra er ei bok frå økonomane Carmen Reinhardt og Ken Rogoff. I denne boka slår dei fast at når eit land har større statsgjeld enn 90% av BNP så går veksten i økonomien kraftig ned.

Dette har vore ein viktig del av grunnlaget for at Hellas, Spania, Irland, Portugal og mange fleira har kutta i viktige velferstiltak, kutta i lønningar og kutta i trygder. Samstundes har dei same landa, og i siste instans, europeiske skattebetalarar overtatt store mengdar privat gjeld, utan å få noko att for det. Dette er kanskje det største ranet av fellesskapet sine pengar nokonsinne.

Det er til å gråte av.

Det som verkeleg er til å le av er at Reinhardt og Rogoff hadde gjort ein bitteliten feil i reknearket sitt. Denne vesle feilen gjorde at resultatet av forskinga vart heilt feil. Det finst med andre ord ikkje noko intellektuelt forsvar for dei kutta og det ranet innbyggarane i EU er utsett for.

For å stele litt frå Bloomberg:

The paper, “Growth in a Time of Debt,” concluded that countries with public debt in excess of 90 percent of gross domestic product suffered measurably slower economic growth. It has been cited by U.S. House Budget Committee Chairman Paul Ryan and European Union Economic and Monetary Affairs Commissioner Olli Rehn in defense of efforts to drive down budget deficits.

Alt i alt er tårar på sin plass. For bankkapitalen har fått sitt. Og derfor har Paul Krugman rett her:

If true, this is embarrassing and worse for R-R. But the really guilty parties here are all the people who seized on a disputed research result, knowing nothing about the research, because it said what theywanted to hear.

Lærepenge: Tru aldri på dei som seier at vi må ta pengar frå folk flest og gje dei til dei som allereie har mest for å berge økonomien

Standard
Troms og Tromsø

Holmbuktura

I Troms er det 40 punktar langs vegane våre med stor skredfare. Holmbuktura er ein av dei verste av desse 40 punkta. I går var eg på eit folkemøte i Lakselvbukta om sikring av Ura. Det gjorde inntrykk å høyre om korleis ungane har det når dei delar av året heile tida går og er redde for å ikkje komme seg heim frå skolen fordi vegen kan vere stengt.  Eg meiner og at det er viktig at vi får på plass ein beredskap i form av båttransport slik at vi kan vere heilt sikre på at ungane kjem seg heim frå skolen og at dei som er sjuke får medisinene sin.

Også må sjølvsagt Ura sikrast, det blir ikkje lettare av at byrådsleiaren gjer seg til uvens med resten av fylket ved å foreslå å kutte i vegbygginga i distrikta, sånn som Bjarkøysambandet

Holmbuktura

Standard
Miljø, SV, Troms og Tromsø

6000 trailarar eller tog og båt

MS Tege er skipet som kanskje skal leggast til kai for godt. Det kan føre til at det blir 6000 fleire trailarar på nordnorske vegar. Foto: John Nuttall/flickr:skagman

MS Tege er skipet som kanskje skal leggast til kai for godt. Det kan føre til at det blir 6000 fleire trailarar på nordnorske vegar. Foto: John Nuttall/flickr:skagman

For eit par dagar sidan kunne vi lese i Nordlys at Tollpost Globe vurderer å legge ned godslinja si frå Bodø til Tromsø. Båten tar til å bli gammel og selskapet vil ikkje ta kostnaden med å bytte han ut. Den vurderinga er det mogleg å forstå, den skjer – reknar eg med- på eit strengt bedriftsøkonomisk grunnlag. Vi forventar derimot av andre at dei skal tenkje samfunnsøkonomi.

Derfor er eg veldig glad for at toppkandidatane til SV i Nordland, Troms og Finnmark har tatt affære og sendt brev til fiskeriministeren og samferdselsministeren for å få dei til å rydde opp.

Men først og fremst vitnar dette om at vi treng jernbane i heile landet. Dersom båtruta forsvinn vil det dukke opp 6000 trailarar på nordnorske vegar. Det kan vi ikkje tillate. Vegane er ikkje bygd (eller vedlikehaldt) for det og det vil skape mange trafikkfarlege situasjonar. Vi kan og lese at IKEA reknar med å frakte varene sine med tog til Narvik og med bil derifrå til Tromsø.

Det gjenstår berre ein ting, å få bygd jernbane til Tromsø, slik SV har vedtatt i arbeidsprogrammet:

Norge bør være offensive i nord. Å etablere infrastruktur som knytter landene i regionen tettere sammen vil være strategisk viktig. Jernbaneforbindelser mellom Norge og Russland kan gi rom for spennende muligheter innen både handel, transport, næring og kultur. Å øke kapasiteten, og forlenge Ofotbanen videre til Tromsø kan åpne for miljøvennlige og effektive transportlinjer både østover og sørover i en tid hvor fisk, malm og transport er i sterk vekst i regionen

 

Standard