Troms og Tromsø

Skadefryd

Jonas Stein . Foto: Ole Morten Melgård/Wikipedia

Det blir spennande å sjå korleis Jonas Stein og Venstre reagerer dersom byrådsleiaren lar Frp få vilja si.  Foto: Ole Morten Melgård/Wikipedia

Ok, eg får vel berre innrømme det like godt først som sist. Eg godtar meg over krigen mellom byrådspartia i Tromsø. Eg kosa meg med å lese om truslar, mistillitsframlegg og at folk vil trekke seg. Det er rett og slett godt å opne avisa.

Det som ikkje er like godt er grunnlaget for usemja på borgarleg side. Ordføraren har forsøkt å rette opp feilane frå valkampen gjennom å framforhandle ein avtale mellom Sametinget og Tromsø kommune. Dette er blitt ein god avtale. Denne avtalen får Frp til å sjå raudt:

– Nå vil vi fortløpende vurdere det videre samarbeidet. Hvis man skal svikte sine velgere på denne måten, så blir politikk bare idioti, sier Blomseth.( http://www.itromso.no/nyheter/article7239127.ece)

Og i dag:

Til avisa Nordlys sier Blomseth at partiet ikke vil ha noe annet valg enn å trekke seg fra samarbeidet med Høyre og Venstre dersom avtalen blir vedtatt.(http://www.itromso.no/nyheter/article7367971.ece)

Enno trur eg ikkje heilt på brot i samarbeidet mellom Høgre og Framstegspartiet. Men, spørsmålet er kven som kjem til å gje seg. Det skulle ikkje forundre meg om det blir Høgre. Vi veit frå oppslag i media at halve Høgre er samde med Frp. I media ser det ut som om denne avtalen er ordføraren sitt prosjekt og ikkje byrådsleiaren sitt.

Byrådsleiar Hilmarsen må velje. Vil han gje seg på avtalen og halde fram med å ha fleirtal i kommunestyret, eller vil han sette hardt mot hardt. Konsekvensen av det kan vere at Høgre må styre i mindretal og finne seg i å vere avhengig av anten Frp eller Ap frå sak til sak i kommunestyresalen. Det kan bli interessant. Dette får meg til å tru at det er sannsynlegheitsovervekt for at Høgre kjem til å gje seg, og at ordføraren blir forlatt av sitt eiga parti.

Dessverre vil det bety at Tromsø nok ein gong sviktar rolla si som hovudstaden i Nord-Noreg. Det betyr at vi i staden for å vere ein del av og styre utviklinga og vere ein del av framtida så sit vi fast. Men slik er det å styre på Frp si nåde.

Nils Arne Johnsen bloggar om saka her.

Standard