Politikk, SV, Troms og Tromsø, Val

Dagens meiningsmåling – litt rar

torgeir Knag Fylkesnes kan bli den einaste representanten frå Troms som seier nei til oljeboring utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. Om alle gode kreftar samlar seg.

Torgeir Knag Fylkesnes kan bli den einaste representanten frå Troms som seier nei til oljeboring utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. Om alle gode kreftar samlar seg.

Kanskje er det berre vi politiske nerdar som er sjukleg opptatt av meiningsmålingar som bryr oss, men dagens måling i Nordlys var interessant.

Målinga for Troms er omtrent der eg ville forventa ut frå det vi elles veit. Det mest interessante er likevel to ting. Ap er igjen det største partiet i fylket og SV er nærmast å ta mandat. Det mandatet vil SV eventuelt ta frå Høgre. Dersom situasjonen mellom dei tre største partia blir omtrent som denne målinga indikerer (Ap 28,5, H 24,1 og Frp 18,1) betyr det at grensa for å stele Høgre sitt andremandat ligg på ca 12 prosent. Det vil seie at summen av SV 7%, Raudt 2,8% og MDG 2,3% er nok til å vinne eit distriktsmandat i Troms – med 719 stemmers margin.

Alternativet til at SV vinn eit mandat i Troms er at fylket berre blir representert av stortingsfolk som er for oljeutvinning utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. Det er kanskje til ettertanke for dei som har tenkt å stemme på Raudt og MDG?

No har SV i Troms gode sjansar på utjamningsmandat, men det er no alltid litt lotto.

Målinga for Finnmark er rett og slett litt rar, spør du meg. Og, det gjer du kanskje i og med at du sit og les bloggen min? Eg har vanskeleg for å tru at Ap har 50% oppslutning i fylket. Spesielt etter at fiskeriministeren frå Ap ikkje ville stille krav til levering av fisk frå Røkke sine trålarar. I tillegg blir det spennande å sjå kva som skjer med sjukehuslista ved valet. I denne målinga får dei 10,4% (Andre, eg reknar med at det er sjukehuslista) og manglar 1250 stemmer på å stele Høgre sitt mandat i Finnmark. Men eg må innrømme at eg har vanskar med å sjå for meg eit valresultat der Ap får tre og sjukehuslista eitt mandat i Finnmark.

Dersom ein skal tru tabellane har og Raudt 31% oppslutning hos dei over 65 år i fylket, og 10% totalt. Tillat meg å tvile på det. Alt i alt, så har eg lyst til å avskrive denne målinga for Finnmark som ein ekstrem ‘outlier’ med lite informasjonsinnhald.

Nordland er meir i tråd med andre målingar og litt mindre spennande enn spesielt Finnmark. Men det er likevel store sprik hos nokre av partia mellom målingane. For SV sin del i Nordland har dei tre siste målingane vist 2,7; 8,4; og 4,2 Målinga på 8,4 kom då debatten om Lofoten, Vesterålen og Senja var på sitt heitaste. Spriket er likevel litt for stort til å tru på, kanskje ligg sanninga sånn midt i mellom. Skal eg tippe seks prosent?

Til slutt, her er mitt tips for valreusultatet i dei nordnorske fylka til hausten:

Finnmark: Ap 2, H 1 og Sjukehuslista 1 (utjamning til SV)
Troms Ap 2, H 1, Frp 1 og SV 1 (utjamning til Sp eller V)
Nordland: Ap 3, H 3, Frp 1 og SV 1 (utjamning til Krf)

Korleis trur du det blir? Skriv i kommentarane

Oppdatert: Nordlys og inFact laga ei ny måling for Finnmark. Den vart litt meir truverdig.

Standard

One thought on “Dagens meiningsmåling – litt rar

  1. sverreboe says:

    Kanske hvis du bytter på ap og h slik, Ap 4 H 2 Frp 1 og utjammning blir en thriller mellom Sv og Sp i Nordland

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.