Skole,Troms og Tromsø

Høgrepolitikk er utryggheit

john bauer

Når kapitalen styrer skolane blir det utrygt for elevar og lærarar. Foto: David Castor/Wikimedia

I Noreg hadde den førre regjeringa godkjent 1200 privatskoleplassar i vidaregåande skole i Tromsø. Heldigvis stoppa SV og den raud-grøne regjeringa denne etableringa då dei tok over i 2005.

I Sverige ser vi no konsekvensane at eit tilsvarande frislepp. Elevane si tryggheit for skole og utdanning er avhengig av at store konsern synst dei tener nok pengar på å drive skolen. No har JB Education (tidlegare Johan Bauer, som og ville etablere seg i Tromsø) meldt frå at dei vil slutte å drive skolar i Sverige. Over 10 000 elevar veit ikkje om dei har ein skole å gå til når ferien er over til hausten. Lärarnas Nyheter skriv

En av landets största friskolekoncerner, JB Education, avvecklar alla sina grund- och gymnasieskolor. De flesta skolor får nya ägare, men än är det inte säkert att de får bedriva verksamheten vidare. Nu väntar en orolig sommar för över 10.000 elever och närmare 1000 lärare.

JB Education seier at det er endringar i marknadstilhøva som gjer at dei no trekk seg ut. Det kan sjølvsagt vere at dei ikkje dreiv effektivt nok. Det største skolekonsernet i Sverige hadde eit overskott per elev på 6300 svenske kroner. (ref) For JB dreiv ikkje gode skolar i følgje SVT:

Friskolekoncernen John Bauer får hård kritik i den största koncerngranskningen som Skolinspektionen gjort hittills. Samtliga 18 granskade skolor har så allvarliga brister att skoltillstånden är i fara i fall de inte åtgärdas.

Det finst få grunnar til å sleppe kapitalen laus på barna våre. Høyr berre på Sten Svensson:

– Risikoen for ei skoleboble som kan sprekke, viser hvilken ulempe det kan være med en markedstyrt skole. Markedsstyring i skolesektoren er ikke gjennomtenkt og fungerer ikke når skoler kan bli slått konkurs.

Eg er inderleg glad for at det ikkje er slik i Noreg, og håper vi ikkje får regjeringsskifte i Noreg til hausten. For då får vi fort svenske tilstander.

 

Standard

Tankar om “Høgrepolitikk er utryggheit

  1. Håkon says:

    Mener du med dette å si at barneskoler ikke legges ned i Norge – selv med SV i Utdannonsminister posten?
    Du klager jo på Høyre for noe dere gjør selv…..

    • Hei Håkon, hyggelegnat duner tilbake. Nei, skoler blir stadig lagt ned. Utryggheita ligg i å vite ei god stund i forvegen om skolen blir borte eller ikkje og ikkje minst kvar du kan gå på skole. Så finst det heilt sikkert døme på at det offentlege Noreg ikkje gjer dettte godt nok, men ikkje i dette formatet.

      • Haakon says:

        Hei Pål.
        Jeg er enig i det du skriver og jeg har tenkt litt på det. Jeg tror ikke løsningen er forbud. Men, jeg tror kanskje en forsikringsordning som sørger for drift i en vedtatt periode kan være løsningen.

        • Ei forsikringsordning kan kanskje vere eit steg i rett retning, samstundes vil det kanskje vere med på å flytte risikoen slik at det blir mindre viktig å planlegge drifta på ein forsvarleg måte. Nokon tar alltid rekninga? Det er og eit spørsmål ved kostnaden ved ei slik forsikringsordning.

          • Haakon says:

            Det må jo være en del av vurdering de som skal starte opp tar stilling til om de skal ta utgiften på, eller ikke starte i det hele tatt.

            Det er sentrale systemer i Norge i dag som er helt avgjørende for landet som ikke er statlige. Bankene for eksempel.
            Man kan ikke forby banker fordi de kan komme til å legge ned. Gå konkurs eller forandre vilkår. Ikke sant?

            Det man kan stille krav til er økonomisk styrke. Og innskuddene er dekket av en forsikring (opp til 1 mill i alle fall).

            Skoler er en veldig viktig del av samfunnet og jeg er sikker på at det går fint an å stille krav om noen vil starte. Og så er det opp til de private skolene om kravene kan møtes eller planene legges på is.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.