Ikkje politikk,Video

Ny fartsrekord!

Eg klarer ikkje la vere å dele denne videoen, sjølv om det er eit stykkje unna det denne bloggen vanlegvis handlar om. Det er berre så ufatteleg kult at dei får til å segle i 120 kilometer i timen. Båten ser jo berre fantastisk ut og då.

Subscribe to Blog via Email

Enter your email address to subscribe to this blog and receive notifications of new posts by email.

Standard
Økonomi,Politikk,SV

Betre næringspolitikk med SV

Næringsfiendlig regjering - innlegg i Nordlys

Jane Sivertsen tar feil i sitt åtek på SV. Vi står for ein god næringspolitikk som og er god for miljøet. Illustrasjon: Faksimile frå Nordlys 07.06.13

I Nordlys den 7. juni angriper Jane Sivertsen SV. I Tromsø SV er vi svært glad for at Statoil vil utsette utbygginga av Castberg-feltet i Barentshavet. Vi veit at vi må la store dela av oljen og gassen i verda ligge om vi skal unngå katastrofale klimaendringar. Dersom endringa i oljeskatten bidrar til at felt ikkje blir bygd ut er det bra for klima og miljø. Det er fint at oljeselskapa no må bære meir av leite- og utbyggingskostnaden sjølv.

I tillegg er dette god næringspolitikk. Oljesektoren i Noreg sug til seg enorme mengdar investeringspengar og kompetente folk. Vi treng å frigjere både pengar og folk frå oljesektoren for å kunne bygge anna industri og næringsliv. Det er farleg for landet dersom vi blir totalt avhengig av ei næring, spesielt når det er ei næring som øydelegg klima og miljø.

Subscribe to Blog via Email

Enter your email address to subscribe to this blog and receive notifications of new posts by email.

Standard
Politikk,Utdanning

Er Noreg med på endringane innafor utdanning?

MOOC

Ny teknologi løyser ikkje alle utfordringane innafor utdanningssektoren, men det er ein del av løysninga for å sikre lik rett til utdanning. Illustrasjon: sparklefish/flickr

Måten vi tenkjer utdanning på er i endring. Den endringa er driven av tre hovudfaktorar; kostnad, tilgjengelegheit og teknologiske moglegheiter. Dessverre står Noreg på bakføtene og er ikkje med på den store endringa som vi er vitne til. Dei største universiteta er og dei største syndarane.

I storparten av verda eksploderer kostnaden ved å ta høgare utdanning. I USA stig skolepengane raskare enn nesten alt anna. England har innført skolepengar, til og med Sverige har innført skolepengar for dei som ikkje er svenske. I Noreg ser vi at kostnaden ved å studere stig valdsamt om du må ut på den private marknaden for å skaffe deg ein hybel. Tida då vi har studentar frå alle lag av folket som har tid til å studere på heiltid, og tid til å reflektere på det dei studerer forsvinn bak oss. Dette åleine burde vere nok til at vi tar til å tenke nytt om utdanning.

Skal vi ha reell lik rett til utdanning må kostnaden ved å ta utdanning vere låg. Det er den ikkje i dag. Dersom du ikkje bur i ein by eller ein tettstad med eit universitet eller ein høgskole som tilbyr det faget du er interessert i så stig kostnaden for deg mykje meir enn om du bur (hos foreldra) i ein by med eit slikt tilbod. Retten til utdanning er ikkje lik, for kostnaden med å ta ei utdanning er høgare om du kjem frå Karlsøy enn om du kjem frå Tromsø. Det er ikkje lik rett til utdanning når du ikkje kan ta utdanninga ved sida av anna arbeid, men må vere til stades på Campus.

Desse problema kan berre til ein viss grad ordnast ved å betre studiefinansieringa. I takt med at stadig fleire tar utdanning og treng utdanning blir kostnaden ved at studiefinansieringa skal halde tritt med skolepengar og bukostnader svært høg. I Noreg har vi nok råd til dette ei stund til, men kanskje ikkje veldig lenge.

Dersom eg kan tillate meg å vere litt spissformulert, så vil eg hevde at måten vi underviser på innafor høgskolesektoren har endra seg lite sidan Europas første universitet vart opprette i Bologna i 1088. forelesingar og seminar er framleis hovudmåten. Ny teknologi gjer at dette kan endre seg fundamentalt. På mange måtar er USA først ute. Det heng nok litt saman med kostnadsbiletet der, men vi skal vel heller ikkje underslå innovasjonsevna. Georgia Tech er eit av dei beste universiteta i USA, og tilbyr no mastergradar i teknologi gjennom MOOC konseptet. Dei har fått den amerikanske utdanningsministeren Arne Duncan til å seie:

Massive open online courses (MOOCs) have quickly become one of the most significant catalysts of innovation in higher education. As parents know all too well, America urgently needs new ideas about how to make higher education accessible and affordable. This new collaboration between Georgia Tech, AT&T and Udacity, and the application of the MOOC concept to advanced-degree programs, will further the national debate—pushing from conversations about technology to new models of instruction and new linkages between higher education and employers.” (ref http://www.gatech.edu/newsroom/release.html?nid=212951)

Det skal ikkje mykje fantasi til for å sjå for seg at dette kan bli ei stor utfordring for norske og nordiske universitet og høgskolar. Når kostnaden er såpass låg som her (ca 50 000) kroner så skal du ikkje spare mykje på hybelutgiftane for at dette lønner seg samanlikna med å studere i Noreg. Du skal heller ikkje sjå bort frå at eit vitnemål frå eit leiande amerikansk universitet i ein del tilfelle kan vere meir verdfullt enn eit norsk vitnemål.

I Norge står vi overfor store kapasitetsutfordringar innafor høgare utdanning. Vi må bruke fleire milliardar kvart år på nye bygg for å få plass til alle studentane. Kan det ikkje tenkjast at det ville vore meir fornuftig å satse eit par hundre millionar på å faktisk kunne tilby den same utdanninga utan å måtte bygge nytt. Kanskje vi verkeleg skulle gjeve alle i Noreg og kanskje Norden reell lik rett til utdanning ved å tenke nytt. Kanskje skal vi gje folk eit reelt val, vil eg flytte til den byen der dei har det tilbodet eg er interessert i, eller skal eg studere frå den plassen der eg helst vil vere? Det som blir gjort i dag i Noreg på området er for lite og for smått.

Så veit vi alle at det kan vere utfordringar med å få ei slik utdanning til å fungere godt. Det vil ikkje passe for alle og alle vil ikkje makte å fullføre, men sanneleg slik er det i dagens modell og.

Eg er så heldig at eg er involvert i eit prosjekt kalla uNordic som nettopp jobbar med løysningar på desse utfordringane og forsøker skape ein open nordisk utdanningsplattform.

Standard
Økonomi,Politikk

Skattane er for låge …

skatt

Det er effektivt og moralsk rett å auke skatten for dei rikaste. Foto: Gerd Altman/pixabay

for dei rikaste blant oss. Det er to grunnar til at vi skal betale skatt. Vi skal finansiere velferdsstaten og vil skal bidra til mindre skilnader mellom folk. Då må vi gjere det på ein måte som påfører minst mogleg kostnader på samfunnet og der vi samstundes sikrar dei to formåla.

I dag er den høgaste skatteprosenten i Noreg på 54,3% dersom du inkluderer arbeidsgjevaravgifta, 47,8% dersom du ikkje tar med arbeidsgjevaravgifta. (ref) Dette er for lite for å oppnå begge formåla med skattesystemet.

Denne artikkelen viser at maksimum marginalskatt bør vere 68,7% (i det amerikanske systemet) eg vil tru at noko av det same er gjeldande i Noreg.  Forskinga viser at ei endring i skattesatsane for dei rike ikkje har ei signifikant betydning for samfunnsøkonomien. I USA har dei redusert toppsatsen frå 71% på slutten av førtitalet til 39% i dag. Dette har ikkje ført til auka økonomisk vekst slik argumentasjonen har vore.

More broadly, Gravelle and Marples (2011) found that changes in marginal tax rates have had no discernible effect on the primary factors driving economic growth, notably savings, investment, and labor force participation.19 Similarly, Hungerford (2012) found that labor productivity growth historically demonstrates a slight positive correlation with increases in the top ordinary income tax rate and a slight negative correlation with increases in the top capital gains tax rate, but neither relationship is statistically significant.

Altså, vi reduserer ikkje den økonomiske aktiviteten ved å skattlegge dei rikaste hardare.

Men, er det ikkje urettferdig å beslaglegge så mykje pengar frå dei som har jobba hardt for pengane sine? Kanskje, men les kva sjefen for den amerikanske sentralbanken seier (sitert av Paul Krugmann):

We have been taught that meritocratic institutions and societies are fair. Putting aside the reality that no system, including our own, is really entirely meritocratic, meritocracies may be fairer and more efficient than some alternatives. But fair in an absolute sense? Think about it. A meritocracy is a system in which the people who are the luckiest in their health and genetic endowment; luckiest in terms of family support, encouragement, and, probably, income; luckiest in their educational and career opportunities; and luckiest in so many other ways difficult to enumerate–these are the folks who reap the largest rewards. The only way for even a putative meritocracy to hope to pass ethical muster, to be considered fair, is if those who are the luckiest in all of those respects also have the greatest responsibility to work hard, to contribute to the betterment of the world, and to share their luck with others.

Altså, er du så heldig og dyktig at du blir rik og når toppen så er det ikkje berre di eiga skuld. Du har ei etisk plikt til å bidra.

Så, eg meiner at det er lita tvil om at vi bør få eit nytt tredje trinn på inntektskatten. Eit trinn for dei med inntekt over for eksempel tre millionar som gjer at dei kjem opp på ein skatt på rundt 70%

 

Standard
Skole,Troms og Tromsø

Høgrepolitikk er utryggheit

john bauer

Når kapitalen styrer skolane blir det utrygt for elevar og lærarar. Foto: David Castor/Wikimedia

I Noreg hadde den førre regjeringa godkjent 1200 privatskoleplassar i vidaregåande skole i Tromsø. Heldigvis stoppa SV og den raud-grøne regjeringa denne etableringa då dei tok over i 2005.

I Sverige ser vi no konsekvensane at eit tilsvarande frislepp. Elevane si tryggheit for skole og utdanning er avhengig av at store konsern synst dei tener nok pengar på å drive skolen. No har JB Education (tidlegare Johan Bauer, som og ville etablere seg i Tromsø) meldt frå at dei vil slutte å drive skolar i Sverige. Over 10 000 elevar veit ikkje om dei har ein skole å gå til når ferien er over til hausten. Lärarnas Nyheter skriv

En av landets största friskolekoncerner, JB Education, avvecklar alla sina grund- och gymnasieskolor. De flesta skolor får nya ägare, men än är det inte säkert att de får bedriva verksamheten vidare. Nu väntar en orolig sommar för över 10.000 elever och närmare 1000 lärare.

JB Education seier at det er endringar i marknadstilhøva som gjer at dei no trekk seg ut. Det kan sjølvsagt vere at dei ikkje dreiv effektivt nok. Det største skolekonsernet i Sverige hadde eit overskott per elev på 6300 svenske kroner. (ref) For JB dreiv ikkje gode skolar i følgje SVT:

Friskolekoncernen John Bauer får hård kritik i den största koncerngranskningen som Skolinspektionen gjort hittills. Samtliga 18 granskade skolor har så allvarliga brister att skoltillstånden är i fara i fall de inte åtgärdas.

Det finst få grunnar til å sleppe kapitalen laus på barna våre. Høyr berre på Sten Svensson:

– Risikoen for ei skoleboble som kan sprekke, viser hvilken ulempe det kan være med en markedstyrt skole. Markedsstyring i skolesektoren er ikke gjennomtenkt og fungerer ikke når skoler kan bli slått konkurs.

Eg er inderleg glad for at det ikkje er slik i Noreg, og håper vi ikkje får regjeringsskifte i Noreg til hausten. For då får vi fort svenske tilstander.

 

Standard