Internasjonalt

Millitærkuppet i Egypt

tahrir_egypt

Frå demonstrasjonane i 2011 då diktatoren vart kasta. Foto: Maged Helal

Mursi var ein dårleg president for Egypt. Han skapte splid og ikkje samhald i eit land som trengte å stå saman. Han forsøkte å gje majoritetsreligionen fordelar og innføre reglar som mange folk og minoritetsreligionane ikkje ville ha. Han var ikkje i stand til å skape økonomisk framgang for folk. Han prøvde å innføre ein ny grunnlov utan tilstrekkeleg vern for minoritetar. Det er med andre ord eit uttal grunnar til at han burde blitt kasta av folket i neste val.

Men, for meg er “i neste val” det avgjerande punktet her. Det er dessverre litt for mange som jublar for kuppet berre fordi vi misliker mannen kuppet er retta mot. Dersom vi først er for demokratiet må vi og vere for det om dei som blir valt gjer ein dårleg jobb og står langt frå oss politisk.

Derfor meiner eg Henrik Thune prøver seg med ei forfina omskriving når han seier til Aftenposten:

Thune kaller fjerningen av Mursi «et demokratisk kupp», der hæren har bistått.

– Det er en konsekvens av at den demokratiske prosessen har gått av sporet det siste året, noe som er begge parters ansvar, sier Thune til NTB.

Så kan eg godt vere samd med Thune i at den demokratiske prosessen har gått av sporet. Mursi og det demokratiske brorskapet har ikkje vore interessert i ein dialog med opposisjonen. Men, sanneleg opposisjonen har heller ikkje lagt til rette for ein god prosess.

Eg er glad for at den norske regjeringa har tatt ei litt meir prinsippiell tilnærming til det som har skjedd.

Når no det kjem meldingar om fengslingar av journalistar og politiske motstandarar så teiknar det ikkej bra for det styret Mansour skal stå for, på det millitære sine vilkår og med deira “legitimitet” i ryggen

 

Standard

3 thoughts on “Millitærkuppet i Egypt

  1. Tja. For å være ærlig vet jeg ikke. Prinsippielt er jo det å støtte militærkupp hårreisende. Men finnes det unntak? Når demokratiet blir et flertallsdiktatur? Kanskje. Men hvor diktatorisk må det bli for å rettferdiggjøre noe slikt? I hvilken grad brukte Mursi sin makt til å krenke menneskerettigheter? I hvilken grad brukte han makten til å berike seg og vennene sine? Kan du nok om det til å være sikker i din sak? Jeg er ikke sikker i min sak. Men i dette tilfellet ville jeg vært sikker i min sak: http://bit.ly/14SzrxG. Vile du aldri, under noen omstendigheter, støttet et kupp mot en demokratisk valgt regjering?

    • Eg kan sjølvsagt ikkje vere hundre prosent sikker. Var det ikkje Mao som sa at det var for tidleg å felle ein dom over kva konsekvensar den franske revolusjonen får, og det var nesten 200 år etterpå. Eg er i alle fall heilt sikker på at om politisk islam gong på gong opplever å bli fråtatt makta dei vinn ved val så oppfordrar det ikkje til inkludering i demokratiske prosessar. Når vi no og ser medlemmar i det muslimske brorskapet blir fengsla for politisk aktivitet så er eg ganske sikker på at Egypt ikkje er på rett veg. Sjølv om eg sikkert vil like det nye styresettet betre enn det gamle.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.