Tar skolen livet av oppfinnsomheit og kreativitet?

image
Ken Robinson seier skolane drep kreativiteten. Foto: Sebastian ter Burg


Litt lenger nede i dette innlegget finn du ein video med eit foredrag av Ken Robinson der han hevdar dette. Han seier at vi utdanner folk på ein måte der kroppen berre blir eit transportmiddel for å frakte hovudet vårt mellom møte.

Eg trur han har eit viktig poeng. Ja, matte og norsk er viktig. Men det er minst like viktig at vi kan sette saman denne kunnskapen på nye måtar. Måtar som gjer oss i stand til å møte framtida, ikkje berre reprodusere framtida. For å kunne gjere det må vi tørre gjere feil. Utan feil blir det ikkje nyskaping.

Derfor kan det vere svært farleg å styre skolen etter Pisa-undersøkjingar. Derfor er det valdsame testregimet i osloskolen farleg. For når det er ein test er jo det aller viktkgaste å unngå å gjere feil. Ikkje sant? Derfor er det og skummelt at Høgre kan kome til å ta over styringa av alle dei norske skolane. Eit testregime gjer verken skolar eller elevar klåre for ei framtid vi ikkje kan forutsjå.

3 Replies to “Tar skolen livet av oppfinnsomheit og kreativitet?”

  1. Haakon sa:

    Uten de undersøkelsene hadde vi fremdeles gått rundt her på beget og vært overbevist om at vi hadde skole i verdensklasse….

    PISA har reddet oss fra den forledende løgnen. Og nå gjør vi det bedre i matte og andre fag.
    Og det er unektelig positivt.

    Så er det viktig å sette fag sammen og se sammenhenger. Som f.eks. Religion og historie henger mye sammen. Økonomi, nyheter og politikk henger sammen.

    Det kan man satse på skolen. Men, man må fokusere enda hardere på matte og fysikk. For vi trenger mange flere ingeniører i fremtiden.

    Jeg ville kanskje angrepet nynorsk før matte. Siden det er mange fler som trenger matte enn NN.

    1. Det var slett ikkje meininga å angripe matematikken, den er viktig. Men, matte og fysikk utan kreativitet løyser ikkke framtidas problem. Utfordringa er å gjere matten til ein reiskap for å skape noko nytt og ikkje formelpugging. I alle fall ikkje berre formelpugging. Like lite som nynorsken kan reduserast til gramatiske reglar. Det er korleis du utnyttar dei gramariske reglane til å skape gode tekstar som er utfordringa.

  2. Haakon sa:

    Helt enig.
    Det er når man ser eksisterende kunnskap og produkter i nye sammenhenger at man får lyst til å bli grunder 🙂

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.