Evigvarande kvoter og fisken på børs

2013-08-07 20.09.10
Fiskeribladet Fiskaren onsdag 7. august

Det var vel eigentleg ikkje nokon grunn til å sette kaffen i halsen, men eg gjorde det likevel då eg såg førstesida på Fiskeribladet Fiskaren i går. Med krigstyper skreiv dei: “Høyre lover evige kvoter”

Dette bryt med eit av dei mest sentrale premissa i norsk fiskeripolitikk. I Noreg er det slik at det er folket som eig fisken, og vi har ønska at verdien av fisken skal vere med å bygge fiskerisamfunna. Dette byggverket vil Høgre rive ned.

Dersom vi tar eit lite sidesprang til Island. Der innførte dei evigvarande kvoter på nittitalet. Fisken skulle ikkje lenger tilhøyre samfunnet, men den einskilde kvotebaron. I løpet av kort tid var fisken samla på få hender, og fisken gjekk frå å vere ein vare og ein ressurs til å bli eit verdipapir som det vart spekulert på børsen med. Det var denne endringa som la grunnlaget for den islandske bankkollapsen. Spekulasjonen i fiskeripapir skapte ei islandsk bankboble og finansekspansjon som til slutt kollapsa og knuste den islandske økononomien. Høgre synst vist dette var eit så vellukka eksperiment at dei vil gjenta det i Noreg. Kanskje ikkje så rart at eg sette kaffen i halsen likevel?

Dessverre har vi allereie gått for langt i denne retninga i Noreg allereie, med strukturering av kvotane i den større kystflåten. SV har heldigvis klart å stoppa Ap sin iver etter store einingar og såkalla rasjonalitet for flåten under 11 meter. Ein rasjonalitet som konsentrerer fiskekvotane på få hender og utarmar mange fiskerissamfunn. No seier Høgre tydeleg frå at dei vil ha strukturering på alle nivå, også i kystflåten. Også den minste flåten skal kunne spisast av dei store. Dette vil føre til ei ytterlegare utarming av mange kystsamfunn.

SV har ein positiv politikk for kystflåten med satsing på kvalitet, fiskareigde farty og at verdien av fisken skal hamne i fiskeværa, hos fiskaren og ikkje på børsen. Men slikt skaper ikkje papirformuar hos dei som gjev Høgre millionstøtte i valkampen.

Men, dette er kanskje ikkje så rart når Erna Solberg ser på levande vesen, på biologisk produksjon på same måte som møbelproduksjon. I Høgre sitt sjømatprogram seier ho:

«Jeg kaller laksen Norges Ikea.»

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.