Miljø, SV

Verken svindel eller svada

Stig Harby har eit innlegg i Nordlys, onsdag 14. august der han angriper SV for SVs kontrakt med Nord-Noreg. SV har i denne valkampen lansert ein kontrakt med Nord-Norge.

I sju hovudpunkt seier vi noko om korleis vi kan utvikle landsdelen vidare. Kort oppsummert vil vi legge om fiskeripolitikken, frå trål til kyst. Vi vil etablere eit investeringsfond på 10 milliardar i landsdelen, vi vil satse på kommunane og seie nei til privatisering, vi vil utvikle dei nordnorske byane til kraftsenter for kunnskap og kompetanse, vi vil satse stort på fjernundervisning – reell lik rett til utdanning, vi vil utvikle miljøvennlege transportløysningar i Barentsregionen og ikkje minst satse på samisk språk og kultur (du kan lese heile kontrakten på her ).

Underleg nok har denne satsinga falt Stig Harby tungt for brystet. Hovudsakleg verkar det som fordi han ikkje får køyre scooter når han vil og kor han vil og fordi SV vil ta vare på den naturen som mellom anna er grunnlaget for reiselivsnæringa i nord.

Dette blir spesielt underleg når SV har bidratt til betre reglar for scooterkøyring. Der det blant anna blir opna for køyring med turistar og samanbinding av scooterløyper med løypenettet i Sverige og Finland. Samstundes er vi stolte over at vi framleis skal ha god kontroll på snøscooterkøyringa og at vi ikkje skal ha scooterkøyring i verna område eller viktige friluftslivsområde. Både dyr og menneska skal kunne nyte stillheita i nordnorsk natur.

Vi er og glad for at vi får verna meir natur i Noreg. Ein av dei viktigaste grunnane til at artar forsvinn frå norsk natur er endring av naturtypar og at villmarksområde blir oppstykkja slik at vandringsvegar for dyr blir vanskelege. Samstundes legg vi stor vekt på at tradisjonell bruk av område skal kunne halde fram sjølv om eit område blir verna. Denne balansen er av og til vanskeleg, men viktig å få rett.

Område som blir verna blir ikkje fjernstyrt frå andre stader. Nasjonalparkar blir forvalta av lokale styre med representantar frå kommunane, fylkestinga og i nokre tilfelle sametinget. Det er nettopp for at forvaltninga skal ta lokale omsyn.

Det å seie Ja til Nord-Noreg er og å seie ja til nordnorsk natur.

Standard

One thought on “Verken svindel eller svada

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.