Ikkje politikk, Skole, Troms og Tromsø

Skoleruta i Tromsø – til din kalender

Så vidt eg har klart å finne så har ikkje Tromsø kommune gjort skoleruta tilgjengeleg i eit format som gjer det lett å ta ho i bruk på diverse elektroniske duppedittar. Eg har derfor skrive ho inn i Google sin kalender og lagt den open for deling slik at alle kan ta den i bruk. Alle atterhald om eg kan ha skrive noko feil, men er ganske sikker på at alt er rett. Skulle ønske kommunen kunne gjort ruta lett tilgjengeleg i eit format som vi kan integrere med mobiltelefonar etc. Har du ein android telefon er det lett å legge til denne kalenderen på din telefon.

Du finn html versjonen her, ical versjonen her og xml versjonen her

Dersom du vil legge til kalenderen i din eigen google kalender er det enklaste å trykke der det står +Google Kalender nederst på høgresida i kalenderen eller så kopierer du adressa til ical versjonen. Trykker på den vesle pila ved sidan av der det står «Andre Kalendre» når du er i Google Kalenderen din og vel legg til med nettadresse. Lim inn adressa i den boksen som kjem opp. Voila! Du kan og laste ned fila og importere ho til outlook eller andre kalenderprogram.

Standard
Politikk, Troms og Tromsø

Landets enklaste bustadmarknad

enklaste_bustadmarknad

Enklast for kven, kunne ein kanskje spurt? Foto: faksimile frå iTromso.no 25.09.13

iTromsø skriv i dag at Tromsø har den enklaste bustadmarknaden i landet. Underleg nok har dei sett gåseauge rundte «enklaste» slik dei burde ha gjort.

Det avisa skildrar som den enklaste bustdamarknaden er altå ein marknad der det er lett å selje. Kva betyr dette? Jau, det betyr høge prisar og stor etterspurnad, som igjen gjer at det blir dyrt og vanskeleg for folk å skaffe seg sin eigen bustad i Tromsø. Eg er ganske sikker på at dersom Tromsø skal halde fram med å vekse og trekke til seg folk må vi skaffe oss ein «vanskelegare» bustadmarknad. I dag er det blitt slik at eit par med to vanlege lønningar vil ha problemer med å skaffe seg ein bustad, i alle fall om dei har eit par barn som skal ha eigne rom. Slik kan vi ikkje ha det.

I denne situasjonen oppfører iTromsø seg som mikrofonstativ for meklarane i Tromsø. Dei tener sjølvsagt på høge prisar, då går kommisjonen opp.

Samstundes er det ingen tvil om at problemet er at det blir bygd for lite og for dyrt i Tromsø.

Der er hovudproblemet.

Då synst eg det er ekstra ille at byrådet i dag kjem til å få vedtatt at ein del av Tromsø kommune sine bustadtomter skal overførast til Arnestedet as. Eit selskap som skal forvalte eigedomane etter eit mål om avkastning og etter eit marknadsstyrt EØS-reglement. Ein kunne tenkt seg at kommunen la til rette for bygging av bustader til ein overkommeleg pris for familiar og studentar.

Men det er visst ikkje målet…

 

Standard
Hangouts, Politikk, SV, Troms og Tromsø

Stortinget til folket – møter med Torgeir Knag Fylkesnes

I eit forsøk på å gjere stortingsrepresentanten vår meir tilgjengeleg har vi bestemt oss for å prøve nokre nye ting. Ein av dei tinga vi vil prøve er Hangouts on Air. Det kan vere ein fin måte for lokallag og folk som er interessert å få Torgeir Knag Fylkesnes, SV i Troms i tale. Eg trur det er kjempeviktig at vi unngår at stortingsrepresentantane våre ikkje grev seg ned i papirbunkane, men er tilgjengelege for folk. Det viktigaste er sjølvsagt å reie og delta på alle typer arrangement, å besøke bedriftar og institusjonar. Eg trur likevel vi kan ha mykje å tene på å bruke meir teknologiske variantar og.

Under er eit eksempel som vart laga i dag, men med berre to deltakarar. Vi kjem til å gjere forsøk med fleire deltakarar, og gjere kjent på førehand når desse hangoutane er så folk kan delta og sende inn spørsmål. Vi er framleis på forsøksstadiet for å finne ut om dette er eit eigna verkty. Fortel gjerne kva du synst om ideen i kommentarfeltet under her.

 

Standard
Ikkje politikk, Troms og Tromsø

Fantastisk smak og lukt

Tromsø har fått ein fantastisk ny festival. I dag kunne vi smake og lukte oss gjennom Storgata. Det var pølser, kaffe, supper. Alt kva ganen kunne begjære. Det er stort å sjå så mykje lokal mat samla på ein plass.

image

Ungane kosa seg på Sjømatrådet sitt arrangement

Sjømatrådet hadde eit godt opplegg for ungane. Dei kunne ta å sjå på fisk, før dei fekk lage seg mat med fisk og grønnsaker. I mellomtida kunne far snike til seg diverse smaksprøvar av tørrfisk. Og vart du lei av fisk tilbydde 4H klappkaker og Mydland kurs i partering av lam.

Denne matfestivalen er eit godt tilskott til Tromsø. All honør til arrangørane. Dette håper eg blir eit årvisst arrangement. Og festivalen var mykje meir enn det eg fekk med meg.

image

Mykje folk i Storgata under matfestivalen.

Standard
Politikk, Troms og Tromsø

Prisane skal ned

Faksimile frå Nordlys 20.09.13

Rema 1000 er klar til å kutte prisane fortel Nordlys oss med krigstypar i dag. Så er det då og priskrig det er snakk om. Over heile framsida og over nesten to sider inni avisa får Ole Robert Reitan fortelle at prisane skal ned.

Dette får han gjere utan eit einaste kritisk spørsmål frå journalisten. Journalisten spør ikkje:

  • Korfor er prisane så høge no?
  • Kor lange vakter må folk jobbe?
  • Blir det fleire eller færre deltidsstillingar av dette?
  • Kven skal få mindre betalt for det dei produserer?
  • Kva blir kvaliteten på varane dersom prisane går ned?
  • Blir det meir transport og CO2-utslepp?

For alt eg veit er svara at Rema 1000 skal effektivisere. Dette får ingen andre konsekvensar. Kanskje. Men vi veit ikkje. Avisa spør ikkje for oss. I staden får vi servert tre sider med reklame. Eg må innrømme at eg er litt skuffa.

Standard