Asylpolitikkens Lofoten

Oddny-Miljeteig_large
Røystar du SV, lovar eg at du gjev di røyst til eit parti som aldri vil gje opp kampen for ein human asylpolitikk og som vil kjempa den kampen «hver eneste dag», kvar einaste dag! Og fremst for den kampen står asylborna og dei einslege mindreårige.Basta. skriv Oddny Miljeteig i dette blogginnlegget. Foto: Stig Marlon Weston

«Vi trenger et parti som tar miljøkampen hver eneste dag – selv om de ikke alltid vinner. Derfor stemmer vi SV den 9. september.» Slik skreiv tre miljøforkjemparar med bakgrunn frå Natur og Ungdom i Dagsavisen heilt nyleg.

Gjesteblogg av Oddny Miljeteig, Bergen

Asylpolitikken er ei av mine fremste politiske hjartesaker. Og for meg er spørsmålet om asylborna asylpolitikkens Lofoten, Vesterålen og Senja – og Mørebankane. Det handlar om kjernen, om det aller, aller viktigaste. Å kjempa for ein human asylpolitikk er eit sisyfosarbeid. Ein siger vert aldri vunnen for alltid, og ein må vera budd på nordavind frå alle kantar og dei mest nedrige og finurlege åtak. Human asylpolitikk-partia på Stortinget er SV, Krf og Venstre. Det gjev ikkje fleirtal, for å seia det forsiktig. Og alle tre partia har opplevd den nådelause kjøtvekta i regjering. Somme av oss hugsar framleis Jarn-Ernas asylpolitikk i Bondevik II. Vi hugsar også at vi fekk kjempa gjennom det fyrste «amnestiet» for asylborna under Bondevik II, initiert og kjempa fram med Bergen som arnestad. Vi hugsar at dei raud-grøne gjekk til val på ein meir human asylpolitikk i 2005, vi hugsar det andre «amnestiet» for asylborna i 2007 – og vi hugsar SVs dissens i 2008 då Ap med fylgje av SP strama inn asylpolitikken – med eit overveldande fleirtal i Stortinget bak seg. Asylpolitikkens jarntriangel i Stortinget – Ap, H og Frp – har komfortabelt fleirtal, for å seia det mildt. Då SV gjekk tilbake ved forrige stortingsval, var det ikkje minst den humane asylpolitikken som tapte kjøtvekt, og det viste tydeleg att i Soria Moria II.

I sivilsamfunnet står kravet om ein human asylpolitikk sterkt. Kyrkja er krystallklår, både når det gjeld dei papirlause og asylborna. Det humanitære Noreg, som Røde Kors, Redd Barna, Amnesty, Norsk Folkehjelp, FN-Sambandet – oppramsinga kan gjerast mykje lengre. Men dei får ikkje gjennomslag. Ikkje til kvardags. «Streng og rettferdig», har vorte mantraet – og «rettferdig» har fått den merkelege tydinga at ein meir human asylpolitikk vil vera urettvis overfor dei som til no har fått avslag. Ein slik argumentasjon gjer sosiale framsteg og reformer umoglege og definerer eigentleg norsk trygde- og sosiallovgjeving som svermeriske, historiske feilsteg.

Dei siste fire åra har vore harde for den humane asylpolitikken. Det veit SV betre enn nokon andre, for det er vi som har stått i den daglege kampen i det raud-grøne regjeringsfleirtalet. Dvs. vi veit det ikkje betre enn alle andre, for asylpolitikken handlar om einskildmenneske. Den «strenge og rettferdige» asylpolitikken har gong etter gong vist seg å «tryna» når han treffer einskildmenneske. Og mange av dei som i utgangspunktet stør ein «streng og rettferdig» asylpolitikk, dei tverrvender i møtet med einskildmenneske og familiar som dei kjenner. Difor har det oppstått støttegrupper for Nathan, Neda og Yalda – og for mange fleire. Desse har måtta kjempa også mot ei asylforvaltning, UDI og UNE, som har lagt dei strengaste fortolkingar av lov, føresegner og politiske signal til grunn – og ikkje har teke inn over seg internasjonale konvensjonar som Noreg har ratifisert og er bundne av. Barnekonvensjon, Torturkonvensjon, Flyktningekonvensjon…… dei finst, og dei gjeld, for og i Noreg.

Eg stålset meg til 10. september. Dei som seier at asyl- og flyktningepolitikken ikkje vil kunna bli verre med ei blå-blå regjering, dei kjem i bokstaveleg forstand til å oppleva ein mørke-blåmåndag. Berekraftutvalet til FRP, som behendig lekka utgreiinga si då valkampen butta imot for partiet, har ikkje arbeidd for moro skuld. Erna Solberg visste kva ho gjorde som asylminister i Bondevik II – og ho hugsar det garantert i 2013.
I dei siste fem åra har eg jamt fått høyra, når det har vore tale om asylpolitikk: «Jammen det er då din regjering!». Men eg har forvalta SV sin asylpolitikk. Som landsstyremedlem og som lokalpolitikar. Og i lag med SV på fylkesplan og sentralt har vi pressa på i stort og smått for å flytta fjell og sprengja rom for humanisme. Ridaya frå Bergen høyrer under Maria Amelie-regelen. Dei einslege mindreårige under 18 år skal koma under barnevernet – uansett kor lenge vi må kjempa. Vi gjev oss aldri. Og vi gjev oss aldri i kampen for asylborna. Ikkje nasjonalt, ikkje lokalt. Ikkje på bakromma, ikkje i det offentlege rom.

SV har fått kritikk for å vera usynlege, for ikkje å kjempa nok, for ikkje å vinna fram i asylpolitikken. Eg meir enn forstår frustrasjonen når eg veit kor desperate situasjonar støttegrupper og støttespelarar for heilt ekte menneske står overfor. Men eg er heilt viss på dette: hadde vi sett ein utveg til å få meir gjennomslag for vår asylpolitikk, ja, så hadde vi teke den vegen. Og eg har fylgt nøye med. Meir enn dei fleste. Difor er det eg går i rette med dei som meiner at asylpolitikken «ikkje kan bli verre». Det er livsfårleg å byggja kampen for ein human asylpolitikk på illusjonar. Skulle det verta forhandlingar om ei Soria Moria III, veit eg at SV vil kjempa for ein human asylpolitikk med tyngda av kvar einaste røyst vi måtte få. Vert det (mørke)blå regjering etter valet, kjem vi framleis til å kjempa for ein human asylpolitikk med all styrke vi på nokon måte kan mobilisera. Kampen for ein human asylpolitikk er ei samvitssak, ei sak om menneskeverdet, som SV korkje kan eller vil prioritera vekk – om vi vinn eller taper 9. september.

I desse dagar ser eg både godt nytt og ikkje-godt nytt i sosiale media som gjeld asylborn. BT har nett skrive at UDI vurderer Ridaya sin søknad om arbeidsløyve. Og så er det val måndag. Det er uansett også eit val om norsk asylpolitikk. Det finst ingen eigen røystesetel for asylpolitikken. Røystar du SV, lovar eg at du gjev di røyst til eit parti som aldri vil gje opp kampen for ein human asylpolitikk og som vil kjempa den kampen «hver eneste dag», kvar einaste dag! Og fremst for den kampen står asylborna og dei einslege mindreårige.

Basta.

 

 

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.