Stor risiko for Tromsø – mistar vi viktige verdiar?

Byrådet i Tromsø er i ferd med å gjennomføre to store ran av verdiane til kommunen og dermed av innbyggarane i Tromsø. Begge delar skjer av ideologiske grunnar og ikkje fordi det er lurt. Verdi er her både pengar, men viktigaste verdien vi mistar er moglegheita til å skape politikk for velferd.

Det første av desse rana er overflytting av eigedommar for 115 millionar til Arnestedet as. Der skal eigedomane gje finansiell avkastning heller enn avkastning i form av betre velferd for innbyggarane. Vi kan tydeleggjere dette gjennom å sjå korleis verdiane blir rekna ut. Ein av eigedomane blir overført med ein takst som er basert på at det skal byggast hus der som skal koste 45000 kroner per kvadratmeter. I den augneblinken tomta er overført til Arnestedet as gjeld avkastningskravet på sju prosent. Då kan ein ikkje lenger bygge hus med ein pris folk har råd til å betale på den tomta, fordi det ville bety underskott for aksjeselskapet. Jens Ingvald Olsen skriv bra om denne saka her.

Det andre store ranet er at byrådet no vil at kommunen skal opprette ei eiga pensjonskasse. For å finansiere pensjonskassa skal kommunen overføre eigedomar som Heracleum, Laureng og Slottet til pensjonskassa. Så skal kommunen betale leige på desse bygningane til si eiga pensjonskasse. Det som skremmer meg med dette er risikoen. Kommunen vil bli svært avhengig av korleis forvaltninga av denne pensjonskassa blir. Med tankar om terrakommunr i bakhovudet synst eg dette er skummelt. Eg trur det vil vere betydeleg tryggare å vere medlem av ei større kasse med profesjonell drift, som KLP. Det er og verd å spørre seg om kva som skjer om det kjem nokon som vil leige slottet eller Heracleum og er villig til å betale meir enn kommunen? Vil vi bli kasta ut? Eller vil pensjonskassa ein dag bestemme seg for at den vil tene meir på å selge eigedomane? Står vi då utan hus for viktige kommunale oppgåver?

Eg synst Gunhild Johansen seier det godt her:

Innmelding i KLP vil spare kommunen for anslagsvis 287 mill kroner bare i etableringskostnader. Hva det vil koste å drifte en kasse er det ingen som vet. Det vi vet er at egen kasse må bære all risiko for variasjoner i uføregrad, endring i den demografiske sammensetningen av de ansatte (for eksempel ved utskilling i AS eller privatisering) og uttak av AFP. Ingen ting av dette er utredet.

Høyresida velger å se bort fra realitetene. For innbyggerne i Tromsø bør det være av interesse å vite om kommunens politikere til slutt velger den løsningen som er billigst, tryggest, gir mest forutsigbarhet og har landets beste kompetanse på pensjon – eller om de går for et langt dyrere og mer risikofylt prosjekt ved å etablere egen pensjonskasse.

Mitt råd til Erna

Erna Solberg
Erna Solberg
Eg rår Erna Solberg til å lage seg ei lita regjering. Foto: Høgre (dei har copyright på biletet, og derfor gjeld ikkje den generelle CC-lisensen for bloggen min på dette biletet)

Eg har eigentleg ikkje noko tru på at Erna vil høyre på mine råd, spesielt ikkje om politikk. Eg skal derfor komme med eit råd på eit område som ikkje er partipolitikk, men som har med nye idear og betre løysningar å gjere.

Eg trur eit av dei problema mange norske regjeringar har er at det er vanskeleg å få 20 statsrådar til å trekke i same retning, langt mindre få dei til å gå i takt. Sjansen for dette er enno mindre når det er fleire parti involvert. Ein av grunnane til dette er at 20 personar er for mange. Det er ingen andre som ville finne på å ha eit dagleg operativt styre på 20 personar. Det er rett og slett ikkje effektivt. Ein av konsekvensane av dette er at du får eit underutval i regjeringa. Dette underutvalet blir den reelle leiinga av landet, medan resten av regjeringa strør sand på. Dette er problematisk. Ein ting er at underutvalet ikkje har nokon status i lov og grunnlov. Etter loven er alle statsrådane likestilte. Det andre er at underutvalet blir litt ad hoc, og får problem med å peike ut ei klår retning for regjeringa. Det blir heller ein måte å løyse kriser og konfliktar på.

Eg meiner det ville vore betre å formalisert det underutvalet viser at vi treng – ei mindre regjering. Dersom eg skulle sett saman ei regjering ville den hatt mellom sju og ni statsrådar. Helst sju. Det er lite nok til at du faktisk kan få til ei felles retning og til at du kan ha ei felles leiing av landet.

Ein konsekvens av dette ville vere at du måtte oppgradere statusen til statssekretærane til ein slags juniorministrar med ansvar for eigne saksfelt. Ein kan tenkje seg eit næringsdepartement med ein statssekretær med ansvar for skipsfart, ei for anna næring, ei for landbruk og ei for fiskeri.

Denne modellen ville sjølvsagt skape andre utfordringar. Mellom anna ville det vere eit problem at statssekretærane/juniorministrane ikkje har møterett for Stortinget. Det kan likevel la seg løyse.

Eg trur fordelen med ei tydelegare og kanskje strategisk leiing av landet vil vere større enn ulempane.

Valet i Tromsø på kart

Det er mange interessante ting når ein ser på valresultatet kretsvis i Tromsø. Det er to ting som slår meg svært tydeleg. SV er eit parti hovudsakleg for folk på Tromsøya. Medan Frp har sine beste resultat i distriktstromsø. Bjerkaker på sørspissen av Tromsøya er einaste kretsen der SV er større enn Ap. Det er samstundes MDG sin beste krets.

På dette kartet har eg teikna inn SV si oppslutning i dei ulike kretsane. To atterhald som gjeld generelt. I kartet eg har brukt var ikkje alle kretsane teikna inn. Eg har prøvd å teikne desse grensane for hand. Derfor kan grensane vere litt usikre. Dette er basert på tala slik eg fann dei på Tromsø kommune sine nettsider klokka 2200 den 11.09. Det er før stemmer utanfor krets er fordelt. Det er og verd å merke seg at førehandsstemmene ikkje er fordelt på krets. Det skaper sjølvsagt litt usikkerheit.

valkart2-SV

Eg synst det er slåande å sjå kor konsentrert til sentrum SV sine røyster er 68 % av SVs valtingstemmer kom frå sjølve Tromsøya. Det betyr at omtrent 45% av SV sine stemmer i heile Troms kjem frå denne eine holmen. Men dette betyr og at dersom SV kan løfte seg i Kroken, Tromsdalen, Tomasjord og Reinen til omtrent same nivå som på Tromsøya så har partiet eit stort potensiale. Det hadde vore interessant å lagt dette kartet over eit kart som viser utdanningsnivå, demografi og inntekt. Det får bli ein annan kveld.

Men dei raud-grønne partia generelt lir litt av det same som SV. Dei er sterkast i dei sentrale områda.

valkart2-raud-gronne

Det er berre tre kretsar der Raudt, SV, Ap og Sp kjem opp i 50 prosent samla. Desse tre er Stakkevollan, Hamna og Sommerlyst. Men parti er over 45% i alle kretsane på øya unntatt Bjerkaker der Ap gjorde eit svært dårleg val. Det er og overraskane at Senterpartiet er under seks prosent i mange av distriktskretsane i Tromsø.

Kva konklusjonar kan vi trekke av dette? For det første har vi ein jobb å gjere for å klare å kaste byrådet om to år. Men det er mogleg. Dei raud-grøne pluss Raudt og MDG har i dette valet 48% i Tromsø. Klarer vi å halde fast ved dette mot kommunevalet skal det små endringar til for å klare dette. Vi har ei samla utfordring med å heve oss på fastlandet og i distrikta. Men klarer vi løfte Tomasjord, Tromsdalen, Reinen og Kaldfjorden til 45% raud-grønt så må byrådet gå.

 

Skal kommunen bygge dyre bustader?

Stortingsvalet er straks over, så då er det på tide å konsentrere seg litt om lokalpolitikken igjen. På torsdag var det møte i byrådet. Der var det som alltid mange snasne saker. Ei av dei sakene ei beit meg merke i var ei sak om overføring av eigedomar til Arnestedet as.

Eg synst Marit Rein i Nordlys godt skildrar kva Arnestedet as er:

Arnestedet Eiendom AS er etablert og byrådets plan er at det skal tilføres kommunale eiendommer i hundremillionersklassen. Når eiendommene blir overført til dette selskapet, er de i praksis ute av kommunen. Et AS skal styres etter aksjeloven. Og vi, folket, som opprinnelig eide verdiene, får ikke lenger innsyn i eller kan bestemme over hva som skal skje.

Og det ho advarte mot den gongen er no i ferd med å skje.

I saksframlegget frå byrådet på torsdag ligg det eit hovudpremiss. Kommunen skal få større avkastning ut av Arnestedet as. Ein konsekvens av dette er at bustadbygginga på fleire av eigedomane skal skje med svært dyre bustader. I saksframlegget snakkar dei om ein salspris på 45 000 kroner per kvadratmeter. Dette er eit døme:
«iii) Einerhagen gnr 117 bnr 376:
 
Regulert til boligutnyttelse. Bebyggelsesplan utarbeidet av Barlinghaug AS. Lagt til grunn 50 leiligheter i blokker /terrassehus + 75 garasjer. Salgspris kr 45.000 pr m2. Tatt hensyn til dennes beliggenhet, planlagt utbygging og avstand til sentrum.»
Eg reagerer vi svært sterkt på at byrådet legg opp til at kommunen skal vere prisdrivande i bustadbygging på kommunale tomter. Koommunen si oppgåve er å hjelpe til med at det kan byggast billig og godt for folk flest. Då treng vi ei heil anna innstilling enn det byrådet gjer her.
Eg meiner at kommunen i samarbeid med bustadbyggelaget burde bygd her for eiga rekning. Det er mogleg å få til. Om ein berre vil.
Vi meiner at kommunen må søke saman med bustadbyggelaget for å få til dette. Kommunen sviktar her ansvaret sitt overfor folk med ei vanleg inntekt i kommunen.

Asylpolitikkens Lofoten

Oddny-Miljeteig_large
Røystar du SV, lovar eg at du gjev di røyst til eit parti som aldri vil gje opp kampen for ein human asylpolitikk og som vil kjempa den kampen «hver eneste dag», kvar einaste dag! Og fremst for den kampen står asylborna og dei einslege mindreårige.Basta. skriv Oddny Miljeteig i dette blogginnlegget. Foto: Stig Marlon Weston

«Vi trenger et parti som tar miljøkampen hver eneste dag – selv om de ikke alltid vinner. Derfor stemmer vi SV den 9. september.» Slik skreiv tre miljøforkjemparar med bakgrunn frå Natur og Ungdom i Dagsavisen heilt nyleg.

Gjesteblogg av Oddny Miljeteig, Bergen

Asylpolitikken er ei av mine fremste politiske hjartesaker. Og for meg er spørsmålet om asylborna asylpolitikkens Lofoten, Vesterålen og Senja – og Mørebankane. Det handlar om kjernen, om det aller, aller viktigaste. Å kjempa for ein human asylpolitikk er eit sisyfosarbeid. Ein siger vert aldri vunnen for alltid, og ein må vera budd på nordavind frå alle kantar og dei mest nedrige og finurlege åtak. Human asylpolitikk-partia på Stortinget er SV, Krf og Venstre. Det gjev ikkje fleirtal, for å seia det forsiktig. Og alle tre partia har opplevd den nådelause kjøtvekta i regjering. Somme av oss hugsar framleis Jarn-Ernas asylpolitikk i Bondevik II. Vi hugsar også at vi fekk kjempa gjennom det fyrste «amnestiet» for asylborna under Bondevik II, initiert og kjempa fram med Bergen som arnestad. Vi hugsar at dei raud-grøne gjekk til val på ein meir human asylpolitikk i 2005, vi hugsar det andre «amnestiet» for asylborna i 2007 – og vi hugsar SVs dissens i 2008 då Ap med fylgje av SP strama inn asylpolitikken – med eit overveldande fleirtal i Stortinget bak seg. Asylpolitikkens jarntriangel i Stortinget – Ap, H og Frp – har komfortabelt fleirtal, for å seia det mildt. Då SV gjekk tilbake ved forrige stortingsval, var det ikkje minst den humane asylpolitikken som tapte kjøtvekt, og det viste tydeleg att i Soria Moria II.

I sivilsamfunnet står kravet om ein human asylpolitikk sterkt. Kyrkja er krystallklår, både når det gjeld dei papirlause og asylborna. Det humanitære Noreg, som Røde Kors, Redd Barna, Amnesty, Norsk Folkehjelp, FN-Sambandet – oppramsinga kan gjerast mykje lengre. Men dei får ikkje gjennomslag. Ikkje til kvardags. «Streng og rettferdig», har vorte mantraet – og «rettferdig» har fått den merkelege tydinga at ein meir human asylpolitikk vil vera urettvis overfor dei som til no har fått avslag. Ein slik argumentasjon gjer sosiale framsteg og reformer umoglege og definerer eigentleg norsk trygde- og sosiallovgjeving som svermeriske, historiske feilsteg.

Dei siste fire åra har vore harde for den humane asylpolitikken. Det veit SV betre enn nokon andre, for det er vi som har stått i den daglege kampen i det raud-grøne regjeringsfleirtalet. Dvs. vi veit det ikkje betre enn alle andre, for asylpolitikken handlar om einskildmenneske. Den «strenge og rettferdige» asylpolitikken har gong etter gong vist seg å «tryna» når han treffer einskildmenneske. Og mange av dei som i utgangspunktet stør ein «streng og rettferdig» asylpolitikk, dei tverrvender i møtet med einskildmenneske og familiar som dei kjenner. Difor har det oppstått støttegrupper for Nathan, Neda og Yalda – og for mange fleire. Desse har måtta kjempa også mot ei asylforvaltning, UDI og UNE, som har lagt dei strengaste fortolkingar av lov, føresegner og politiske signal til grunn – og ikkje har teke inn over seg internasjonale konvensjonar som Noreg har ratifisert og er bundne av. Barnekonvensjon, Torturkonvensjon, Flyktningekonvensjon…… dei finst, og dei gjeld, for og i Noreg.

Eg stålset meg til 10. september. Dei som seier at asyl- og flyktningepolitikken ikkje vil kunna bli verre med ei blå-blå regjering, dei kjem i bokstaveleg forstand til å oppleva ein mørke-blåmåndag. Berekraftutvalet til FRP, som behendig lekka utgreiinga si då valkampen butta imot for partiet, har ikkje arbeidd for moro skuld. Erna Solberg visste kva ho gjorde som asylminister i Bondevik II – og ho hugsar det garantert i 2013.
I dei siste fem åra har eg jamt fått høyra, når det har vore tale om asylpolitikk: «Jammen det er då din regjering!». Men eg har forvalta SV sin asylpolitikk. Som landsstyremedlem og som lokalpolitikar. Og i lag med SV på fylkesplan og sentralt har vi pressa på i stort og smått for å flytta fjell og sprengja rom for humanisme. Ridaya frå Bergen høyrer under Maria Amelie-regelen. Dei einslege mindreårige under 18 år skal koma under barnevernet – uansett kor lenge vi må kjempa. Vi gjev oss aldri. Og vi gjev oss aldri i kampen for asylborna. Ikkje nasjonalt, ikkje lokalt. Ikkje på bakromma, ikkje i det offentlege rom.

SV har fått kritikk for å vera usynlege, for ikkje å kjempa nok, for ikkje å vinna fram i asylpolitikken. Eg meir enn forstår frustrasjonen når eg veit kor desperate situasjonar støttegrupper og støttespelarar for heilt ekte menneske står overfor. Men eg er heilt viss på dette: hadde vi sett ein utveg til å få meir gjennomslag for vår asylpolitikk, ja, så hadde vi teke den vegen. Og eg har fylgt nøye med. Meir enn dei fleste. Difor er det eg går i rette med dei som meiner at asylpolitikken «ikkje kan bli verre». Det er livsfårleg å byggja kampen for ein human asylpolitikk på illusjonar. Skulle det verta forhandlingar om ei Soria Moria III, veit eg at SV vil kjempa for ein human asylpolitikk med tyngda av kvar einaste røyst vi måtte få. Vert det (mørke)blå regjering etter valet, kjem vi framleis til å kjempa for ein human asylpolitikk med all styrke vi på nokon måte kan mobilisera. Kampen for ein human asylpolitikk er ei samvitssak, ei sak om menneskeverdet, som SV korkje kan eller vil prioritera vekk – om vi vinn eller taper 9. september.

I desse dagar ser eg både godt nytt og ikkje-godt nytt i sosiale media som gjeld asylborn. BT har nett skrive at UDI vurderer Ridaya sin søknad om arbeidsløyve. Og så er det val måndag. Det er uansett også eit val om norsk asylpolitikk. Det finst ingen eigen røystesetel for asylpolitikken. Røystar du SV, lovar eg at du gjev di røyst til eit parti som aldri vil gje opp kampen for ein human asylpolitikk og som vil kjempa den kampen «hver eneste dag», kvar einaste dag! Og fremst for den kampen står asylborna og dei einslege mindreårige.

Basta.