Politikk, Troms og Tromsø

Artig med kommunestyremøte

I dag har det vore kommunestyremøte i Tromsø. Som vanleg er det vedtatt mykje god høgrepolitikk – dessverre.

Den første saka som kom opp var høyringa om Regional transportplan for Troms. I denne saka tok SV at vi må ha større fokus på gange, sykkel og kollektivtrafikk. Vi tok og opp at det er på tide å starte eit seriøst arbeide med å greie ut bybane i Tromsø. Dette saman med forslaga våre om å opprette eit offentleg eigd busselskap i Tromsø å halde fram arbeidet med å få jernbaneutløysning til Tromsø vart stemt ned.

Generelt blir dei fleste miljøforslag stemt ned i kommunestyret. Litt spesielt var det kanskje at Venstre røysta mot ladestasjonar for el-bilar.

Økonomirapporten viser at det borgarlege byrådet ikkje har kontroll med økonomien i Tromsø. Takk og lov har dei ikkje klart å gjennomføre nedskjæringane dei hadde planlagt innafor skole og omsorg. Vi foreslo å tilføre meir pengar, men vart nedstemt.

Det er sikkert fleire som fekk med seg at noko av det viktigaste argumentet til Høgre i valkampen for to år sidan var at gjelda var for stor i kommunen. Vel, i dei to åra vi har hatt borgarleg styre har gjelda auka med ein milliard. Du kan lese litt meir om det her.

Vi har reagert sterkt på at Tromsø Parkering skal handheve politivedtektane i Tromsø og bøtelegge oss innbyggarane for små og store overtramp. Dette er problematisk både fordi Tromsø Parkering blir omgjort til eit akseselskap, men og fordi det ikkje er laga gode ordningar for klagehandsaming. Det verste er likevel at offentleg myndigheit blir flytta ut av forvaltninga og over i eit selskap som er underlagt aksjeloven og ikkje styrt av folkevalde organ.

Det var ei gladnyheit i dag. Byrådet hadde ønska å omdanne alle barnehagane til aksjeselskap, som eit første steg mot privatisering. Dei har fått laga ein rapport som viser at det blir svært ulønsamt. Dei har derfor latt fornuften gjelde heller enn ideologien og lagt omdanninga til aksjeselskap på is.

Opptaket av kommunestyremøtet finn du her

Standard

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.