Politikk

Ein politisk høgsterett

Med ni mot åtte røyster vedtok høgsterett at fordeling av kvoter skal halde fram med å vere eit politisk spørsmål, og ikkje noko som skal vere ein privat eigedom. Men, altså dei 17 beste juristane i Noreg delte seg i denne saka. Er det då jus, eller er det politikk som har avgjort  dette spørsmålet.
Grunnspørsmålet høgsterett tok stilling til var om forvaltninga kan endre på vilkåra for tildeling av kvoter, eller om ei kvotetildeling er beskytta av grunnloven. Saka oppsto etter at rederiet Volstad ikkje ville akseptere at strukturkvotene ikkje lenger var evigvarande. Eg synst det er greitt å sitere litt frå førstevoterande si grunngjeving i dommen:

I tillegg kommer at forvaltningen av fiskeressursene også skal tjene andre sentrale samfunnshensyn, blant annet å «trygge bosetting og arbeidsplasser i kystdistriktene» og «legge til rette for at høstingen av de marine ressurser fortsatt skal komme kystbefolkningen til gode», jf. deltakerloven § 1 om lovens formålsbestemmelse.  Det blir derfor en sentral oppgave for fiskeriforvaltningen å finne balansen mellom stabilitet i rammevilkårene og behovet for politisk handlefrihet. Dette beror først og fremst på en politisk vurdering. Selv om stabilitet og forutberegnelighet er viktige faktorer i fiskerinæringen, bygger lovgivningen på at disse hensynene må vike når andre fiskeripolitiske målsettinger tilsier det, jf. Strukturmeldingen side 101.  Siden avgjørelsene i utpreget grad vil måtte bero på politiske overveielser, må det også tas i betraktning at ulike regjeringer kan ha ulike syn på hvilken fiskeripolitikk som skal føres.

Eg synst dette er ei god grunngjeving. Men to spørsmål spring med i auga etter å ha lest dommen. Høgsterett har eigentleg 20 dommarar, i denne saka var det to dommarar som ikkje kunne delta, og ein som måtte fråtre for at det skulle bli eit odde tal dommarar. Ville resultatet blitt det same om alle dommarane deltok?  Det kan vi sjølvsagt ikkje vite, men det vi kan vite er at det er ikkje formaljus som avgjer ei sak som denne. Det er sjølvsagt jus, men vurderingane er ikkje berre jus, dei vil vere basert på personlege erfaringar og politiske haldningar.

Bak desse veggane sit dommarar og tar politiske avgjerder. Foto: Erlend Bjørtvedt/Wikimedia Commons

Bak desse veggane sit dommarar og tar politiske avgjerder. Foto: Erlend Bjørtvedt/Wikimedia Commons

Dersom det er slik så meiner eg vi må ta til å diskutere korleis vi utnevner dommarane til høgsterett. I andre land er utnemninga av høgsterettsdommarar eit politisk spørsmål. USA er kanskje det mest outrerte dømet på dette. I Noreg blir det i alle fall offisielt ikkje tatt politiske omsyn ved utnemninga av dommarane.

Utnemning av dommarar til høgsterett er det regjeringa som står for. Dette er regulert i grunnlova, paragraf 55b:

 Til ledig embete som høyesterettsdommer gir høyesterettsjustitiarius muntlig eller skriftlig uttalelse direkte til departementet etter at Innstillingsrådet har gitt sin innstilling.

Utnyttar dei ulike regjeringane dette til å utnemne dommarar som er politisk samde med den sittande regjeringa? I eit representantforslag frå Frp i Stortinget blir det sagt:

Det ferskeste eksempelet er plenumsdommen i Høyesterett hvor rederne så vidt slapp å betale 21 mrd. kroner i skatt. De seks dommerne som utgjorde flertallet stemte imot Stortingets/regjeringens endring av rederibeskatningen. De fem dommerne som utgjorde mindretallet og som ville belaste rederne med skatt, var alle utnevnt av regjeringer utgått av Arbeiderpartiet.

Dersom vi kan vere samde om at det ikkje er usannsynleg at det er ein samanheng mellom den politiske farga på regjeringa og den politiske farga på dei dommarane som blir utnemnt, så meiner eg at vi i Noreg bør vurdere å gjere det opnare korleis høgsterettdommarar blir utnemnt.

Frp meinte i sitt forslag at Stortinget skal godkjenneeit tal  kandidatar på førehand og at regjeringa skal velje mellomd desse. Eg synst det forslaget har mykje for seg. Det går og an å tenkje seg at vi kan la justiskomiteen fungere som eit innstillingsråd for utnemning av høgsterettsdommarar. Det kan og vere at komiteen bør ha ein type offentleg høyring om høgsterettsdommarar. Eg er ikkje heilt sikker på kva som er rett, men eg er sikker på at vi treng meir offentleg debatt om kven som blir høgsterettsdommarar.

Standard

2 thoughts on “Ein politisk høgsterett

  1. I forlengelsen av det Pål Julius skriver om hvilken betydning politiske preferanser og personlige erfaringer har for den enkelte dommers vota, er det en kort men interessant artikkel i VGs papirutgave 6/1-2014. Den viser at det i 2013 kun var dissens i 13 prosent av de sakene som Høyesterett behandlet. Sett i lys av diskusjonen som kom i etterkant av dissensen i plenumsdommen, og fordi det har vært stilt spørsmål ved Høyesteretts evne til å sikre rettsenhet på grunn av organiseringen av Høyesterett med totalt 20 dommere og der retten normalt settes med kun fem dommere, hadde jeg forestilt meg at andelen dissenser ville ha vært høyere.

    Med fasiten for 2013 i hånden mener jeg snarere at det er slående at andelen er såpass lav, men uten at det fjerner begrunnelsen for at man bør ha en diskusjon om hvordan dommerutnevnelser bør skje.

    For øvrig fremgår det ikke noe i artikkelen om antall saker som blir behandlet i ankeutvalget.

    • Men er det bra eller dårleg at det er så få dissensar? Er jussen verkeleg så klår at dommarane ikkje er usamde, eller betyr det at rekrutteringa til høgsterett er for smal alt i alt?

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.