Politikk

Nedturen startar for Krf og Venstre

Så ser det ut som vi skal få ei ny regjering. Det skal nok.svært mykje til for at Høgre og Framstegspartiet ikkje blir samde om ei regjeringserklæring og fordelinga av ministerpostane. (Sjølv om det blir vanskelgare om Erna følgjer rådet mitt). Eg trur og gårsdagen var toppunktet for Venstre og Krf si makt i denne stortingsperioden. No startar nedturen.

Så er det store spørsmålet, kva kjem den nye regjeringa til å gjere, kva har dei lyst til å gjere og kva får dei lov av Stortinget til å gjere?

Her er mi liste over ting eg trur kjem til å skje, og då tar eg ikkje med ting som er dekt av samarbeidserklæringa mellom H, Frp, Krf og Venstre. Dokker får og tilgje meg at det blir mest fokus på det eg meiner er negativt.

* Det kjem til å bli endringar i arbeidsmiljøloven. Det vil bety lengre normalarbeidsdag og mindre overtidsbetaling
* Den siste resten av fiskeriressursane blir privatisert, i alle fall i gavnet, men kanskje og i namnet
* Det vil bli «frislepp» for gruveindutrien
* Endring i praktisering av naturmangfaldloven vil bety meir scooterkøyring og eit mindre bastant vern av nasjonalparkar og liknande. (men kanskje får dei fart på skogvernet?)
* Noreg vil tydeleg stille seg på Israel og US si side i konflikta i Midt-Austen (OK, det står i samarbeidserklæringa)
* Meir av veg- og samferdselspengane vil gå til sentrale strok
* Tollvernet for landbruket vil bli bygd ned, men ikkje forsvinne.
* Styra i statlege selskap vil få såkalla profesjonelle styremedlemmar, tilfeldigvis vil dei aller fleste vere medlem i eller støttespelar til dei borgarlege partia.
* Vi vil få karakterar i barneskolen
* Vi vil få fleire private aktørar i helsevesnet. Dei aller fleste av desse vil vere komersielle aktørar.
* Bistandspengane vil i større grad bli brukt der det gagnar Noreg og ikkje der dei gagnar verdas fattige.
* også vidare

Så vil kanskje mange spørre seg, vil ikkje Venstre og Krf sørge for moderering av desse framlegga? Eg trur ikkje det. Venstre er om mogleg meir ekstreme enn Høgre og Frp på mange ting, og realiteten er at Erna har balletak på Venstre og Krf. Realiteten er at H og Frp vil ha fleirtal med anten Sp eller Ap der ikkje Krf og Venstre allerie er samde.  Svært mange endringar vil ikkje formelt trenge vedtak i Stortinget. Dersom Venstre og Krf i noko særleg grad stemmer for instruksjonsvedtak i Stortinget. vil det få konsekvensar for samarbeidsavtalen. Då blir det opna for oljeboring i Lofoten etc umiddelbart.

Eg trur Venstre og Krf har sett seg i ein vanskeleg situasjon. Dei vil vere avhengig av godvilje frå Siv Jensen og Erna Solberg. Eg trur dei vil ha lite reell makt i Stortinget. Kanskje kan dei bli redda av Solberg si uvilje mot å sende dei i klørne på Ap.

Vi får sjå

Standard