Den fylkeskommunale parlamentarismen i Troms

Den fylkeskommunale parlamentarismen er eit underleg dyr. I lengre tid har Ap styrt saman med Høgre og Krf. No bryt dette samarbeidet saman fordi Høgre trekk seg, samstundes som Høgre seier at dei gjerne vil tilbake i fylkesrådet saman med Ap. Så då kan ein kanskje spørje er dei nøgde med samarbeidet eller driv dei berre eit svarteperspel?

Uansett meiner eg at den koalisjonen vi har hatt i Troms viser at anten er Ap i Troms godt nøgd med å styre basert på ein politikk med mykje høgre i seg, eller så viser det at parlamentarismen ikkje passar for ein fylkeskommune. Eg har ein mistanke om at begge delar er sant.

Formannskapet tilbake

Eg trur løysninga på den miseren som vi ser i fylkeskommunen no er å omdanne parlamentarismen til ein god gamaldags formannskapsmodell. Det kan ein ikkje gjere formelt før valet i 2015, men ein kan sette saman fylkesrådet på ein slik måte at vi reelt er tilbake i ein open og inkluderande modell slik formannskapsmodellen er.

Fylkesrådsleiar Pia Svensgaard har mista fleirtalet sitt på fylkestinget. På tide å tenke alternativt? Foto: Troms Arbeidarparti

Eg foreslår at fylkestinget no set saman eit fylkesråd der partia er representerte etter kor sterke dei er i fylkestinget, altså etter den styrken veljarane gav partia. Dersom det nye fylkesrådet består av sju personar, ville samansetninga bli Tre frå Ap, to frå Høgre, ein frå Frp og dersom Sentrum samlar seg ville dei få ein. I eit slikt fylkesråd måtte ein ordne delegasjonsreglementet slik at fylkesrådet berre kan ta avgjerder i fellesskap og ikkje bestyrer kvart sitt område. Det ville heller ikkje vere behov for at fylkesrådane hadde heiltidsjobb som fylkesråd.

Slik ville ein igjen få reelle politiske diskusjonar i eit opent fylkesråd, og fylkesrådet sine avgjerder ville i større grad avspegle det fylkestinget veljarane har sett saman.

Oh, well, dette er vel for mykje å håpe på vil eg tru.

 

 

One Reply to “Den fylkeskommunale parlamentarismen i Troms”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version