Politikk

Tenketankar og PR-byrå

Det å smi nye tankar, å analysere samfunnet og foreslå ny politikk og kjempe for desse har tradisjonelt vore gjort i parti, folkerørsler og fagrørsla. No ser vi at PR-byrå og tenketankar har overtatt ein god del av dette.

Foto: Tony Alter/http://www.flickr.com/photos/78428166@N00/5042663469/

Skal vi stå på utsida og vente på at nokon opnar døra, eller skal vi lage vår eiga dør? Foto: Tony Alter

Eg synst denne «profesjonaliseringa» av politikken er ei trist utvikling. Eg meiner det er eit ideal at politikk skal oppstå gjennom vanlege folk. Eg er likevel ikkje trygg på at det er mogleg å stoppe denne prosessen – i alle fall ikkje på kort sikt.

Til no har Civita vore den domineranda spelaren. Den jobben som er gjort der har vore ein viktig del av grunnlaget for den borgarlege sigeren og det borgarlege samarbeidet. Det er derfor ikkje underleg at det kjem initiativ frå sosialdemokratiet for å lage eit sterkt alternativ til Civita.

Dette alternativet skal heite Agenda, og skal gjere det på venstresida som Manifest, Res Publica og Progresiv ikkje har klart, å vere eit alternativ til Civita. Eg er glad for alt som styrkar venstresida, sjølv sosialdemokratiet. Men, det er nokre spørsmål vi bør diskutere:

  1. Alle, eller i alle fall dei fleste tenketankane og PR-byrå ligg i Oslo. Får dette konsekvensar for kven som får innverknad på politikken? Kven sin røyndom vil ligge til grunn for tankesmiinga?
  2. Korleis kan vi bruke dei nysmidde tankane i partiarbeid, fagrørsler og andre organisasjonar til å styrke desse? Vi vil vel ikkje at parti skal bli fanklubbar til tenketankane?
  3. Bør vi starte jobben med å opprette tenketankar (både på høgre og venstresida) i Nord-Noreg, i Trøndelag og på Vestlandet?
  4. Korleis skal vi eventuelt kunne finansiere desse slik at dei kan konkurrere med oslobaserte tenketankar om å definere røyndomen?
  5. Kva ideologi skal ligge i botn til tenketankar på venstresida? Er dei eit grått styringssosialdemokrati, eller er det eit ønske om å utvikle velferdsstaten og demokratiet?

Eg har ikkje gode svar på alle desse spørsmåla, men trur dette er noko vi må tenkje hardt på. Eg er og ganske sikker på at om vi som ikkje bur i Oslo ikkje skal bli overkøyrt må vi starte arbeidet med å få våre eigne tankar opp å stå.

Standard
Lesetips,Politikk

Kyrkjevigsling og eit Nord-Noreg som blir splitta

Eg hadde ikkje venta å få tårer i augo av å lese Biskop Eivin Berggrav sine skildringar av visitasar, reiser og kyrkjevigslingar i Hålogaland på 30-talet. Men historia om bygginga og vigslinga av kapellet på Makkaur er sterk det er også skildringane av møta med borna i kyrkjelydane.

Også ber jeg dig, Perolines nu hvithårede sønn, at du går op til alteret med livets ord og legger Bibelen på den grunn som din mors strev og bønn har ryddet for Guds hus her i Makkaur.

Han skalv på hånden da han rev av fyrstikken og løftet den lille flammen op til alterlyset som fødtes til liv og vokste stille.

En slik dag er underlig for embedsmenn. Der satt vi, vi tre som har hatt så godt og glad samarbeid i alle deler, fylkesmannen, skoledirektøren og jeg, vi som på en viss måte hadde hatt det i vår «makt» å la dette tiltaket bli satt i verk, – og jeg tenker vi alle tre merket hvor stillferdig tjenende vår stilling var.

Boka «Spenningen Land» kom i 1937, vart trykt i ni opplag og selde 43 000. I 2012 gav Orkana forlag ut ein ny utgåve av boka, og det er den eg har lest.

Motoren endrar landet

Biskop Breggrav skriv drivande godt om eit Nord-Noreg i endring. Han skriv om korleis vegane, bilane og skøytene endrar samfunn og kyrkjeliv.

Bare to ganger har jeg seilet i Hålogaland. Begge gangene var det spennende. Men folk glemmer å seile nu. Det er snart bare gamle menn og kvinner som kan ro skikkelig, det vil si milelangt. Det samme kommer om kort tid til også å gjelde den ting å gå. Mannfolk og motor er blitt ett. Enten det nu er skøite eller bil. Mannfolk ror ikke og de går ikke.

Eg har ei slags kjensle av at den endringa Biskopen skildrar at Hålogaland gjekk gjennom på 30-talet liknar litt på dei store endringane samfunnet vårt går gjennom no. Nye teknologiar endrar måten folk lever liva sine, og gjennom det så endrar samfunnet sitt. Det er kanskje for tidleg å seie at internett, mobiltelefon og anna vil endre samfunnet like kraftig som motoren og vegane gjorde. Men kanskje kan biskopen sine ord om radioen gje oss ein peikepinn? Han skildrar korleis radioen skapte andre måtar å vere kristen på. Du kunne høyre andakten heime, du trengte ikkje søke saman med andre i ei kyrkje. Men kyrkja har overlevd. Og sjølv om vi no sit framfor kvar vår skjerm, kanskje i staden for å oppsøke nokon, vil det ikkje erstatte møtet mellom menneska. Og, kanskje, berre kanskje kan internett bøte på noko av dei problema radioen skapte i følgje biskopen:

For kultur er er aldri passiv høring. Kultur er noe aktivt, kultur er dyrking.

Og få ting gjev oss moglegheit til å aktivt skape og dyrke som internett.

Berggrav si skildring av folk i nord, nordmenn og samar er spennande. Han avviser og argumenterer mot mykje av då tidas myter om nordlendingen, mot oppfattinga av nordlendingen som impulsiv, umoralsk og lettsindig. Nordlendingen er som folk flest, men styrt av naturen og økonomien, som alle andre.

Lofotfisket er limet

Eg synst det er spennande korleis Berggrav seier at Nord-Noreg er blitt skapt av Lofoten, eller snarare av Lofotfisket. Her møttes dei frå Bindal til Varanger og bygde eit slags fellesskap. Det felleskapet som vart og er Nord-Noreg. Berggrav er langt frå den einaste som har gjort denne observasjonen.

Det er Lofoten som har skapt Nord-Norge. Lofoten er fellesstrengen i livet her, totalklangen i orkesteret, ledemotivet.

Det er ikke noe annet strøk av Norge som har en slik felles møteplass, så årviss og så omfattende den hele befolkning. Også de som sitter hjemme er med hele sitt sinn centrert om Lofoten.

Så kanskje er det ikkje så rart at det nordnorske samarbeidet og samforståinga er i ferd med å bryte saman. Lofotfisket samlar ikkje heile folket, er ikkje lenger det økonomiske navet som landsdelen dreiar rundt. Og utan dette samlingspunktet rives landsdelen i filler av rivalisering mellom fylke og byar. Kor lenge vil Nord-Noreg vere ein landsdel utan dette felles limet. Kva er eigentleg fellesskapen mellom Aust-Finnmark og Helgeland, mellom Bodø og Tromsø utan Lofoten som lim?

Og slik kan ein hardbarka ateist oppleve at ein forlengst avliden biskop gjev både tårer og politiske tankar. Les boka du og – i alle fall om du er nordlending.

 

 

 

Standard